Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Asbjørn Eidnes:

Skolen og kulturlivet i Nord-Norge

Asbjørn Eidnes
(Foto: lokalhistoriewiki.no)

Asbjørn Eidnes (1921-2009) voks opp på Trondenes ved Harstad. Han hadde utdanning frå musikkonservatoriet og filologisk embetseksamen. Han var lektor ved Tromsø lærerskole og lærar og rektor ved Trondarnes folkehøgskole. Han var leiar for Harstad historielag og redaktør av Årbok for Harstad og Håløygminne.

Denne artikkelen var prenta i Ottar nr 25 – 1960.

Merknad ved forfattaren:
Sidan denne artikkelen frå først av var skriven for utanlandske lesarar, er det ikkje til å unngå at mangt vil verke nokså sjølvsagt og elementært for eit norsk publikum. Under drøftinga av aktuelle skoleproblem er det nemnt eit par ting som verkeleg var på tale i 1959, då artikkelen vart skriven, men som seinare ikkje er gjennomført.
Den regionale oversikten over Nord-Norge har venteleg synt at landsdelen har sine serskilte problem å stri med — nettopp på grunn av dei geografiske serdrag.

Når ein skal studere nærmare dei ulike former for ånds- og kulturliv i landsdelen, ser ein dei same problema enda klårare. Her tenkjer ein helst på dei lange avstandane og den spreidde busetnaden. Moderne samferdsel har rett nok snudd opp ned på dei gamle førestillingar om reisetid i Nord-Norge, men «hurtigruta», den gamle livsnerven i nordnorsk samferdsel, treng framleis 4 døgn mellom Trondheim og Kirkenes lengst aust i Finnmark.

Samstundes som avstandene innan landsdelen er store, ligg Nord-Norge så langt borte frå landets økonomiske og kulturelle sentrum, Oslo og søraustlandet, at ein nordlending ofte får kjensla av å bu i nesten fullstendig kulturell isolasjon.

Ein høgskole eller eit universitet blir som regel litt av eit åndssentrum. Norge har i dag 2 universitet, i Oslo og Bergen. Ein student frå Aust-Finnmark må for å korne til næraste norske universitet reise like langt som ei ferd tvers gjennom Europa frå Oslo til Roma. — Når ein så legg til, at i Finnmark fylke bur det gjennomsnittleg 1 person pr. kvadratkilometer, og fylket er utan samanlikning det største i landet, med større areal enn t. d. Danmark, — då opnar det seg venteleg visse perspektiv for den som møter denne landsdelen for første gong. Det kan verke som eit paradoks å tale om ånds- og kulturliv nordafor polarsirkelen, der dei topografiske tilhøva i nokså stor monn legg sine hindringar i vegen både når det gjeld skolar, opplysningsarbeid, vitskapleg gransking og utøvande kunst. Og noko store kultursentra finn ein heller ikkje. Men her er mange små.

Ofte er det skolen som er den einaste kulturinstitusjonen rundt om i dei mange avsidesliggande bygder. Det vil derfor vere naturleg å sjå litt nærmare på oppbygginga av det norske skoleverket — og på skolen si stilling i Nord-Norge i dag.

Folkeskolen

Dette er den obligatoriske grunnskolen for alle norske barn. Skolen er for tida 7-årig, men skal etter Stortingsvedtak i 1959 gå over til å bli ein 9-årig einskapsskole. Etter den nye skoleloven er vilkåra for overgang til 9-årig skole nokså strenge, og det kan kome til å ta mange år før gjennomføringa av den nye skoleloven blir eit faktum i Nord-Norge. Dei spesielle faktorar som her kjem til å verke hindrande, skal omtalast til slutt i avsnittet om skolane. Det er stor skilnad på folkeskolen rundt om i landet. I dei fleste spørsmål som gjeld den einskilde skole har kvar by og bygd rådd seg sjølv. Det er skolestyret som har den pedagogiske makta, medan kommunestyret har den økonomiske. Og det har klart sett sitt preg på skolen at natur- og næringsgrunnlaget er så skiftande frå bygd til bygd i Nord-Norge. Frå det året dei fyller 7 år har alle barn rett og plikt til å gå på folkeskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning. Den naturlege klasseinndeling i folkeskolen er den som deler dei 7 årskulla i 7 ulike klassar, som får undervisning kvar for seg. Men på grunn av den spreidde busetnaden i mange strok av Nord-Norge er det ofte for få elevar til å ha 7-delt skole. Derfor blir mange av skolane fådelte — eller til og med udelte. (Med meir enn 12 elevar blir skolen 2-delt, med meir enn 30 3-delt, med meir enn 50 4-delt, med meir enn 85 5-delt og med meir enn 105 elevar blir skolen 6- eller 7-delt. Overtilsynet for folkeskolane kan i visse tilfelle dispensere frå desse tala.)

I ein udelt folkeskole blir alle elevar mellom 7 og 14 år undervist samstundes av ein lærar i eitt og same klasserom. Det seier seg sjølv at under slike tilhøve blir læraren sine pedagogiske evner sett på ein hard prøve.

I ein 2-delt skole går «småskolen» (dvs. 7-, 8- og 9-åringane) saman i ein klasse, medan «storskolen» (dvs. 10--14-åringane) går saman i ein annan klasse. Den vidare fordelinga av årskulla i 3-, 4-, 5- og 6-delt skole kan variere noko frå skole til skole.

Dei udelte og fådelte skolane finn ein helst ute på dei mindre øyane, i tynt folkesette fjordbotnar og i dei inste fjellbygder i alle tre fylka i Nord-Norge. Med stigande folketettleik kan skolane delast meir og meir, og dei 6- og 7-delte folkeskolane møter ein i byane og i dei folketettaste stroka elles.

Alle kommunar i landet er delte i skolekretsar med ein skole (eventuelt fleire) i kvar krets. Talet på skolekretsar minkar stadig. I åra etter siste verdskrig har det vore aktuell skolepolitikk i mange kommunar å gå inn for såkalla sentralskolar. Eldre mindre skolar — som ikkje ligg altfor langt frå kvarandre -— blir slått saman for at lokala, utstyret og lærar-kreftene skal kunne utnyttast så effektivt som råd. Ei slik sentralisering gjev også høve til deling i fleire klassar.

I nokre herad i Finnmark — og delvis i Troms — har dei lange avstandane gjort det påkravt å samle elevane i internat under skolegangen. Desse internatskolane har som regel så stort elevtal at dei kan ha fleire klassar. Dette er ein av grunnane til at Finnmark relativt sett står så langt framme når det gjeld talet på 6- og 7-delte skolar. I 1955/56 gjekk 53,7 % av elevane i Finnmark på landsfolkeskolar som var 6- eller 7-delte. I Troms var talet 32,9 %, i Nordland 37,1 %, medan medeltalet for heile landet (minus byane) var 50,3 %. Elles syner fylgjande tabell fordelinga av elevar på dei ulike skoletypar i dei tre nord-norske fylka:
1955/56 Skolar   Elevar     Byar I alt
Fylke Bygder Byar Bygder der skolane er:
udelt, 2-delt 3, 4, 5-delt 6, 7-delt I alt
Nordland 549 7 5106 13 193 10 799 29 098 4793 33 891
Troms 330 2 3824 6 938 5 290 16 052 1837 17 889
Finnmark 130 3 1043 3 189 4 910 9 142 1545 10 687

På grunnlag av denne tabellen kan ein rekne ut kor mange prosent av elevane i folkeskolen som gjekk på 2-delte eller udelte skolar i 1955/56. Medeltalet for heile landet var 14,7 %. I Finnmark fylke var det berre 11,4 %, i Nordland 17,5 % medan heile 23,8 % av elevane i Troms gjekk på slike skolar.

Anten folkeskolen er udelt eller 7-delt, anten han har fullt kvalifiserte lærarar eller lærarar utan utdaning, så er føremålet med denne skolen det same — og det er utforma slik i § 1 i den nye folkeskoleloven: «Skolen har til oppgåve saman med heimen å arbeide for at elevane skal bli gode samfunnsmenneske. — Han skal hjelpe til å gje elevane ei kristeleg og moralsk oppseding, utvikle deira evner og anlegg og gje dei god ålmenn-kunnskap, slik at dei kan bli gagns menneske både åndeleg og kroppsleg.»

Framhaldsskolen

Heilt sidan skoleloven av 1889 har kommunane hatt høve til å bygge ut folkeskolen med eitt eller to års framhaldsskole, og denne skolen fekk snart ei sterk stilling, serleg i bygdene. Men først i 1946 fekk denne skoleforma sin eigen lov, og det offisielle namnet på skolen vart framhaldsskolen. Desse skolane er som regel friviljuge, men kommunane kan gjere dei obligatoriske og krevje at alle ungdomar i kommunen skal gå framhaldsskolen etter avslutta folkeskole.

Desse skolane har til føremål å fremje ålmenndaninga og karakter-voksteren hos elevane og å førebu dei til deira livsgjerning. Derfor har framhaldsskolen ved sida av dei vanlege teoretiske fag også praktiske fag. Minst fjerdeparten av tida skal nyttast til arbeidsopplæring. Denne skal ta sikte på eit yrke på staden, t. d. handverk, industri, handel, husstell, jordbruk, skogbruk eller fiske. Dei vanlegaste praktiske fag er skolekjøkken og enklare handarbeid for jentene, tresløyd for gutane.

Det er først etter siste krig at framhaldsskolen for alvor har slått rot i Nord-Norge. Ein av grunnene til det er nok kravet om faglærarar og spesialrom med ekstra utstyr for dei praktiske fag. På dette området har tilhøva i Nord-Norge vore mindre bra. I verste fall har framhaldsskolen halde til i ein liten og umoderne folkeskole, eventuelt med ettermiddags-undervisning. Men kravet om betre utstyr har vore sterkt, og i nokre kommunar har framhaldsskolen fått eigne lokale som langt på veg fyller dei krav ein må sette til ein moderne skole.

Den offisielle statistikken gjev ikkje opp talet på skolar, men tabellen nedafor inneheld talet på skolekommunar med framhaldsskole og elevtalet innan denne skolen:
1955/56 Skolekommunar Elevar
Fylke Bygder i alt Av desse med framhaldsskole Byar i alt Av desse med framhaldsskole Bygder Byar
Nordland 63 53 6 4 1722 252
Troms 33 27 2 2 864 70
Finnmark 20 16 3 1 544 55

Folkehøgskolen

Som ålmenndanande skole har framhaldsskolen eit mål i seg sjølv. Han skal ikkje gjennom eksamen kvalifisere for vidare skolegang i ei eller anna lei. Det same er tilfellet med eit anna skoleslag, som er lite kjent utanfor dei nordiske landa: Folkehøgskolen. Den første folkehøgskolen vart skipa i Danmark i 1844, og mannen som skapte folkehøgskoletanken var den danske diktarpresten N. F. S. Grundtvig (1783—1872). Frå Danmark spreidde den grundtvigske skoleidéen seg vidare utover Norden. Norge fekk sin første folkehøgskole i 1864, Sverige i 1868 og Finland i 1889. Det folkehøgskolen alt frå første stund sette seg som hovudføremål var å vekke åndeleg liv i folket, trong til åndeleg liv hos den einskilde, sans og respekt for andelege verdiar i vidast moglege kretsar. Det vart derfor naturleg nok ein skole for vaksen ungdom, og det viktigaste pedagogiske hjelpemiddel vart «det levande ordet». Skolen sitt mål skulle ikkje vere «eksamen og levebrød», men daning og opplysning for livet. Gjennom dei snart hundre åra folkehøgskolen har eksistert her i landet, har han gjennomgått sine krisar og møtt motstand frå mange kantar. Mellom anna vart det frå 1875 organisert såkalla fylkesskolar, som beint fram hadde til hovudoppgåve å utkonkurrere folkehøgskolane. Så gale kom det ikkje til å gå. Folkehøgskolane og fylkesskolane og andre slag ungdomsskolar, t. d. dei kristelege, har alle funne sin plass ved sida av kvarandre, og ved den første serloven for folkehøgskolen frå 1949 vart alle dei nemnde skoletypar (folkehøgskole, fylkesskole, ungdomsskole) samla i ein sams lov og med namnet folkehøgskole som offisielt namn på denne skoletypen.

Dei ordinære vinterkursa ved folkehøgskolane varar som regel 24—25 veker. I tillegg til dette har dei fleste skolane praktiske vår- eller sommar-kurs på 8—9 veker, gjerne berre for jenter.
Talet på skolar av denne typen i Nord-Norge går fram av tabellen nedafor:
1955/56 Skolar i alt Elevar
Fylke Folkehøg-skolar Fylkes-skolar Ungdoms-skolar I alt Elevar ved ordinære kurs
Nordland 2 1 1 4 222
Troms 1 2 1 4 299
Finnmark 0 0 3 3 145

I heile landet var det i 1956/57 72 folkehøgskolar med i alt 4 263 elevar. Søknaden til folkehøgskolane i Nord-Norge er fullt på høgd med tilhøva i landet elles. Det har nemleg synt seg klart at dette skoleslaget har ei viktig oppgåve i ein landsdel der det ofte er så som så med grunnskolen, og der det ikkje alltid er like lett å korne inn ved vidaregåande skolar. Elles byr folkehøgskolen ungdommen i dag eit høve til orientering, innleving i og vokster innan område der andre skoleslag ikkje har tid å ofre korke timer eller dagar. Det har vore litt av eit slagord for folkehøgskolen, det ordet som seier at «vi vil ikkje arbeide for å gje karakterar, men for å skape karakter.»

Den høgre skolen

Då folkehøgskoleidéen vart sett ut i livet her i landet, var det langt på veg for å freiste skape ein skole med meir «ånd» som motvekt mot det daude og åndsfornektande pugget i «latinskolen» eller «den lærde skole». Dette er eit skoleslag som her i landet har røtter bakover til dei første «katedralskolane» som vart til for kring 800 år sidan. Gjennom skole-lovane frå 1869, 1896 og 1935 har dette skoleslaget gjennomgått ei sterk pedagogisk nyorientering, og går i dag under det offisielle namnet Den høgre ålmennskolen. Den høgre skolen (som er det vanlege namnet på denne skolen) byggjer på avslutta folkeskole, og er delt i realskole og gymnas. Realskolen er oftast 3-årig, men kan også vere 2-årig. Den fører fram til ei vidaregåande ålmenndaning som både kan gje grunnlag for vidare spesialutdaning og for tilsetting i ulike offentlege etatar og i stillingar i det private næringsliv.

Realskolen er ikkje noko underavdeling av gymnaset, men ein sjølvstendig avsluttande skole.

Gymnaset er som regel 5-årig, men det finst også 4-årige såkalla landsgymnas. Gymnaset er også ålmenndanande, men det skal samstundes gje grunnlag for studiar ved universitetet eller andre høgskolar gjennom examen artium. Derfor er gymnaset delt i fleire faste liner, for tida desse: realline, naturfagline, engelskline, latinline og norrøn line. Dessutan har det vore drive forsøk med ei musikkline.

Dei to første åra i det 5-årige gymnaset går elevane i «fellesklassar». Linedelinga tar til i 3. klassen, og innan elevane er komne så langt, må dei ha vald kva for line dei ynskjer å følgje.

På dei høgre skolane som har både realskole og gymnas er det same undervisning for alle elevar dei 2 første åra. Også her skjer differensieringa frå 3. skoleåret. Realskoleelevane held då fram sitt siste år i eigne realskoleklassar, medan «gymnasiastane» som ovafor nemnt fordeler seg på dei ymse liner i gymnaset.

Den høgra skolen er ikkje like godt utbygd i dei tre nordnorske fylka, noko som skulle gå fram av tabellen nedafor:
1955/56 Skolar; Elevar
Fylke Komb. realskole og gymn. Berre realskole Berre gymnas I alt Realskole Gymnas I alt
Nordland 9 20 1 29 2135 535 2670
Troms 2 5   8 745 373 1118
Finnmark 2 8   10 693 112 805

Dei store barnekulla i åra etter siste verdskrig har i lengre tid vore eit problem for skolen, som ikkje har makta ei naudsynt utbygging i samsvar med det aukande elevtalet. I 1950 var talet på 14-åringar i heile landet rundt 40 000; i 1960 vil det vere kring 68 000. Problemet er merkande innan alle dei nemnde skoleslag, men vart serleg akutt i Nord-Norge hausten 1958, då svært mange av dei unge som søkte seg inn ved realskolen måtte visast bort på grunn av plassmangel (og lærarmangel). På sine stader tok foreldra saka i si hand og fekk skipa til private realskoleklassar for dei unge som ikkje kom inn ved den ordinære realskolen.

Gjennom examen artium — studenteksamen — står vegen open til universitet eller høgskolar. Men i Nord-Norge finst det ingen slike institusjonar. Nærmaste høgskole er Norges Tekniske Høgskole som ligg i Trondheim. Universiteta ligg i Oslo og Bergen, og dei andre høgskolane like langt sør. Dei lange reisene vil utan tvil gje nordnorske studentar eit drawback reint økonomisk i samanlikning med studentar frå det meste av Sør-Norge. Det har vore kasta fram den tanken å opprette eit nordnorsk universitet i Tromsø i samband med museet der og visse andre vitskaplege institusjonar (jfr. nærmare nedanfor) — men førebels ligg ingen faste planar føre i denne saka.

Yrkesskolane

Alle dei nemnde skoleslag legg hovudvekta på den teoretiske opplæringa. For nordnorsk ungdom som etter grunnskolen ville ta vidaregåande praktisk utdaning, var det lenge slik at dei måtte reise bort frå landsdelen for å gå på yrkesskolar. I etterkrigsåra har det etter kvart opna seg nye vegar gjennom ei aktiv utbygging av alle typar yrkesskolar også i Nord-Norge (dvs. vanlege yrkesskolar, lærlingeskolar, husflids- og industriskolar). Tabellen nedanfor syner talet på slike skolar:
1955/56
Fylke
Yrkesskolar og tekniske skolar Lærlingeskolar Industri-, heimeyrke-og arbeids-skolar I alt
Nordland 5 7 4 16
Troms 2 2 1 5
Finnmark 2 5 3 10

Fremst av desse skolane står nok Narvik tekniske skole, som har vore i drift sidan hausten 1955. Skolen kan ta imot 100 elevar, og dei kjem frå heile landsdelen. Undervisninga byggjer på realskole og 2 års praksis. Undervisninga skal kvalifisere til visse stillingar innan staten og kommunane sine tekniske administrasjonar, og til stillingar innan nordnorsk industri og næringsliv i det heile.

I ei gruppe for seg står dei «yrkesskolane» som gjev utdaning til dei unge som finn sin arbeidsplass innan dei gamle hovudnæringsvegane i Nord-Norge, jordbruk og fiske. I ein lansdel med så skiftande naturgrunnlag som Nord-Norge er det av stort økonomisk verd at dei som arbeider med jorda, lærer å drive henne slik at ho kan gje størst mogleg avkastning. Dei 4 landbruksskolane i Bodin og Sortland (Nordland), i Lenvik (Troms) og i Tana (Finnmark) har gjennom års arbeid for og med nordnorsk bondeungdom synt at med fagleg opplæring kan vi også her langt nordafor polarsirkelen vinne rikdom ut av eit jordsmonn som ikkje alltid er like grøderikt.

I tillegg til desse landbruksskolane kom Statens Hagebruksskole i drift i 1954. Skolen ligg i ei av dei fremste jordbruksbygder i landsdelen, Kvæfjord, og har som den einaste i Nord-Norge ei stor oppgave framfor seg.

På same vis som jordbruket har sine fagskolar, har fiskarnæringa sine, dei såkalla fiskarfagskolane, som er ei pedagogisk nyskaping innan norsk skoleverk. Den første kom i 1939 på Vestlandet. Etter siste krig har Nord-Norge fått sine 2, i Bodø (Nordland) og i Honningsvåg (Finnmark). I alt er det i dag i heile landet 9 slike skolar. Nord-Norge har om lag halvparten av alle yrkesfiskarane i landet, men altså berre 2 av 9 fiskarfagskolar. Desse skolane har vakse fram som ein naturleg følgje av trongen etter å gje ein tusenårig næringsveg i dei nordnorske og vestlandske kystbygder ny livskraft, i samsvar med moderne teknikk og samfunnsutvikling. Det finst også andre skoletypar som kunne nemnast, t. d. handelsskolar, husmorskolar, sjukepleieskolar, Statens Lærebruk for fiskeindustri i Vardø, og ulike sjømannsskolar, men det vil føre for langt å gå i detalj. Nord-Norge har elles fleire skolar av desse typane.

Lærarskolen

Det er eitt skoleslag som har krav på ein nærmare omtale, og det er lærarskolane. Den første statsdrivne lærarskolen (seminaret) i landet vart sett i gang på Trondenes prestegård (Troms) i 1826. Denne skolen vart i 1848 flytta til Tromsø, der han framleis er. Her vart opna ein ny og moderne lærarskole, «den nordlegaste i verda», i 1952.

Forutan lærarskolen i Tromsø har Nord-Norge ein lærarskole på Nesna (Nordland), og som ein lekk i arbeidet med å skaffe fleire nye lærarar har staten oppretta ekstraordinære lærarskoleklassar i Bodø (Nordland). Desse klassane held til i leigde rom.

Talet på klassar og elevar ved dei tre skolane:
1958/59 4-årig skole 2-årig skole I alt Av dette avgangs-klassar
Skole Klassar Elevar Klassar Elevar Klassar Elevar Klassar Elevar
Tromsø 6 182 4 313 10 295 2 61
Nesna 4 124 1 30 5 154 1 31
Bodø ­ ­ 4 117 4 117 2 58
I alt 10 306 9 260 19 566 5 150

Den 4-årige lærarskolen byggjer på folkeskole med framhaldsskole eller folkehøgskole, eventuelt realskole, medan den 2-årige lærarskolen byggjer på examen artium. Forutan den vanlege 2-årige studentlina er det for tida i gang ei 2-årig line med serskilt husstellundervisning ved Tromsø offentlege lærarskole. Husstell-lina er open for både kvinnelege og mannlege studentar, men til no har skolen hatt berre kvinnelege elevar. Opptakinga av elevar ved dei 2-årige linene byggjer først og fremst på karakterane ved examen artium, men det blir også teke omsyn til anna utdaning eller eventuell lærarpraksis. For å korne inn ved den 4-årige lina må søkarane møte fram på skolen og gjennomgå ei opptakingsprøve som omfattar ei rad skriftlege og munnlege fag. I 1958/59 var det i alt 226 som møtte fram til opptakingsprøva for den 4-årige lina på lærarskolane i Tromsø og på Nesna. Av desse vart 92 tekne opp som elevar, eller 40 % av dei som møtte.

I si undervisning legg lærarskolane hovudvekta på pedagogikk og praktisk lærardugleik, forutan dei vanlege ålmenndanande fag og såkalla tamefag (gymnastikk, song, musikk, teikning, handarbeid).

Vanlegvis utdanar lærarskolane lærarar til folkeskolen, framhaldsskolen, folkehøgskolen — og delvis realskolen, medan lærarar for den høgre skolen og for lærarskolen blir utdana ved dei to universiteta.

Aktuelle problem innan skolesektoren

Etter dette oversynet over oppbygginga av det norske skoleverket kan det vere på sin plass å nemne litt om den aktuelle skolesituasjonen i Nord-Norge i dag. Den kan kort karakteriserast med desse orda: aukande elevtal, for små og gamle skolehus, skrikande mangel på kvalifiserte lærar-krefter.

Ovafor er nemnt dei store barnekulla i åra etter siste verdskrig. I 10-året 1950—1960 vil talet på 14-åringar stige frå 40 000 til 68 000. Dersom alle 14-åringar i 1960 held fram med skolegangen — og det må ein gå ut frå at dei gjer — krevst det 1 100 nye klasserom (basert på klasseromstalet i 1956). Samanlagt for perioden 1952—55 vart det i heile landet bygd om lag 3 000 nye klasserom. Når folkeskolen trass i denne sterke utbygginga framleis manglar undervisningsrom, ligg årsaken i dei tilstandar okkupasjonstida (1940—45) førte med seg for alle skoleslag, men kanskje mest for folkeskolen.

Den mest totale tyske rasering av busetnaden i Nord-Troms og Finnmark under siste krigshalvåret var ein katastrofe for skolen. Det tok mange år å få atterreist desse skolane, men i dag er atterreisinga gjennomført, og dermed har skolane i denne delen av Nord-Norge fått ein langt høgare standard enn tidlegare. I åra etter krigen galdt det ikkje berre å få reist opp att dei gamle skolane i all hast. Problemet skolebygging heng også nøye saman med skolen sin framtidige struktur. Ein byggjer jo gjerne for dei to komande generasjonane. Derfor var det viktig å finne dei rette plan-løysingar, og mange skolebygg i Nord-Norge (t. d. i Bodø, Hammerfest, Kirkenes o. a. stader) er verkeleg bygde med tanke på framtida. Utdaninga av lærarar (til alle skoleslag) har ikkje makta å halde følgje med den aukande elevtilgangen. Mangelen på utdana lærarar har i 1950-åra vore skræmande stor i Nord-Norge, og er for tida verst i Troms fylke. Framleis har landsdelen alt for mange lærarar utan utdaning (studentar eller andre med mindre kvalifikasjonar som tar lærararbeid) i folkeskolen. Styresmaktene har sett i verk ymse tiltak for å rette på vanskane, m. a. . ved å opprette ekstra studentklassar ved lærarskolane og ved å starte nye mellombels lærarskolar, dei såkalla Statens lærarskoleklassar. I Nord-Norge er det ein slik skole i Bodø (jfr. ovafor). Men trass i at talet på nye utdana lærarar har stige sterkt i 1950-åra, har ikkje talet på lærarar utan utdaning gått ned i tilsvarande grad. Viktigaste årsaken er denne: Dei nyutdana lærarane søkjer gjerne postar i Sør-Norge, der det også er lærarmangel, men i mykje mindre målestokk enn her nord.

For å finne ei løysing på dette problemet for den nordnorske skolen har Kyrkje- og Undervisningsdepartementet planar om å sette i gang nye lærarskoleklassar i 1959. Og dei som blir tekne opp i desse klassane skal dei første åra etter at dei er ferdig utdana ha undervisningsplikt i Nord-Norge. Slike tiltak har tidlegare vore sette i verk, og gjeld i dag m. a. for skoletannlækjarar.

Folkeskolen lengst nord i landsdelen har enda eit problem å stri med: språkvanskane i dei samiske områda. I Sør-Norge er dette ein ukjent situasjon for læraren: at borna ikkje skjønar han, og at han ikkje skønar dei. Men i dei mest typiske samebygdene er denne situasjonen den dag i dag eit faktum. For å kunne undervise på ein effektiv måte i slike bygder må læraren kunne samisk. Og ved Tromsø off. lærarskole har det vore høve for samar og andre interesserte å ta undervisning i samisk språk. Eit framsteg var det elles då samane for nokre år sidan endeleg fekk si eiga ABC-bok.

Det finst mang ein vaken sameungdom med lyst til ei lærargjerning mellom sine eigne inne på den store vidda (Finnmark) der reinen framleis er det sentrale i tilværet. Men på grunn av alt for dårleg skolegang maktar dei ikkje å hevde seg i konkurransen om dei få plassane ved lærarskolane her nord.

Loven om 9-årig einskapsskole vart som ovafor nemnt vedteken i 1959. Denne skoleforma vil krevje fleire kvalifiserte lærarar og fleire klasserom. Etter det som ovafor er sagt om skolesituasjonen i Nord-Norge i dag ser det ut til at denne landsdelen må vente lenge før den 9-årige folkeskolen kan bli ein realitet.

Også innan den høgre skolen møter ein dei same problem som i folkeskolen. Tilgangen på lærarar (lektorar og adjunktar) er for heile landet om lag ein tre-del av etterspørselen. I fleire år har det vore knapt med realkandidatar; no er mangelen på filologar like stor. Og dei ferdige kandidatane frå universiteta i Oslo og Bergen søkjer ikkje først og fremst postar i Nord-Norge. Derfor er tilhøva her verre enn om ein ser problemet i landsmålestokk.

Ein viktig grunn til denne uheldige situasjonen er nok dei dårlege bustadtilhøva som blir bydde dei nye lektorane som kjem hit nord.

Sentralleiinga for skoleverket arbeider nett no med planar om å betre dei økonomiske tilhøva for lærarar og lektorar i Nord-Norge ved å innføre ekstra lønspålegg for dei som har arbeidet sitt i visse soner der det er «dyrare» å leve, først og fremst då i Finnmark. Denne omtalen av skolestell, vitskaplege institusjonar og det meir eller mindre friviljuge folkeopplysningsarbeidet i Nord-Norge er det naturleg a avslutte med nokre ord om framtida. Innan skolesektoren kan ein vente auka aktivitet bade når det gjeld utbygging av skolane med nve klasserom og når det gjeld utviding av lærarskolane sin kapasitet for å kunne tilfredsstille dei stadig stigande krav om kvalifiserte lærarkrefter. Vegen mot 9-årig einskapsskole ser førebels lang ut. Så snart talet på nye lærarar blir stort nok, vil kanskje framhaldsskolen i alle herad kunne fungere som eit åttande skoleår. Og med systematisk arbeid framover skulle planen om 9-årig skole kunne vere gjennomført når vi har passert 1970.


Samisk skolehistorie 6