Innlegg i Ságat, 29.04.2006

Samisk skolehistorie

Eg les i ei finnmarksamisk avis: «Ođđa lahkoneapmi Sámi skuvláhistorjái» (Min Áigi 26.04.), dvs. det nærmer seg tida for ny samisk skolehistorie. Eg går ut frå det er snakk om utgjeving av eit skrift og ikkje skisse av realitetar som skulle botne i totalsamiske beslutningar. Dette var før Sametinget kom, og det var derfor ingen som kunne eller ville gløtte under matter der så ymse kunne få foregå. Det er summen av kvardagshendingar på godt og vondt som former ei utvikling, heiter eit visdomsord.

Sjølv sit eg med fleire dagboknotat og førstehandskjennskap til miljø og spel bak, med opplevingar både på staden hendande og med opplevingar eg tok inn over meg via telefon og skrift. Mangt av dette skulle ha vore intetessante i ei påliteleg framstilling av samisk skolesoge, nett ut frå det sagde, og det kunne vore interessant både for Lundkommisjon i si tid, og for dagenes oppvaknande interesse for å tatt opp den overvakinga som samar blei utsette for, med eller utan røter i Altasaka, ei sak som forøvrig også eg deltok i og fekk føling med (t.d. er den mørke lavvoen på det berømte bildet som ofte visest fra Stilla faktisk min lavvo, sydd av min kone!).

Vil der vere utelatt ting som kunne kitle somme for nære? Ingen har bede meg om kjeldemateriale. Og det er ikkje det samme som å bli beden om å skrive ein overflateartikkel som ein merkjer ånda å skulle vere som: pynte opp. Den forventinga ville ikkje ha blitt stetta av meg.

Litt gløtt: Det var nok ansett aparte å skulle ville utarbeide t.d. sakspapir på samisk i ei tid da skolestyresmaktene var lite intessert i stort anna enn ikkje minst på (vågar eg seie): skattepengar og arbeidsplassar til kommunen, og hjelpeøkonomi til ein konkurstruga leirskole med kongeleg namn for å lokke med. Det er vidare samisk skolesoge å skulle beskrive det ikkje- -samiske samfunn si oppfatning -av kva som er og skulle vere sa-misk; dei kjende førestillingane om rein og samar som ein begrepseinheit, lite anna, osa det -av, også innan lånt stab. Vidare: Blir det drøfta, eller uttrykt inter esse for, kva var og kan vere lov å stille av krav om til folk som lærarar skal vere i sameskolane? Jamf. seinare debattar som å ta opp den svake skole og læring ikkje minst på (vågar eg seie) samisk hald.

Samisk skolehistorie har nok to sider: ei sann og reell, og ei som skal blenkje utover: ufarleg og polerande, eit paradis der det ikkje skal ha forekomme verken mobbing av styrar, ikkje overvaking verken fra forsvarets side i forsvarskommunen Målselv, eller av sivilt snik.

Skolehistorie? Den stadige repetering somme gjer av århundredegamle kjelder, lite anna, er ei slik ufarleg skriving. Sanne fakte av nyare djupn i kampen for genuin samisk kulturforståing og samisk etnisitet som langt meir enn redusert til reindrift, er noko anna. Så utan å ha lese manuset til boka kan eg derfor alt førutsjå eit bestillingsverk med vesentlege utelatingar innaføre permene.

Magne Einejord


Samisk skolehistorie - hovudsida.