Samisk skolehistorie 1-4
Bokmelding i tidsskriftet Rødt! 2-2011.

Leiv Olsen:

Samiske skoleskjebnar i Norge

Du møter fram til fyrste skoledag, og læraren snakkar kinesisk eller eit anna uforståeleg språk. Slik går timane, heile dagen snakkar lærarane bare dette framande språket, du forstår ikkje eit kvekk. Men dei ventar at du skal forstå, og læra, både språket og rekninga, geografien, historiene og alt anna dei underviser på abrakadabra-språket. Klarar du ikkje det, er det fordi du er dum.

Det blir ikkje undervist på kinesisk i norsk skole, det blir undervist på norsk, men for born frå samiske heimar kom det ofte ut på eitt. Prøv å forestilla deg korleis det var når all undervisning skjedde på eit språk du ikkje forstod; ingen skulle snakka ditt eige språk: samisk. For skolen skulle gjera alle norske. Samisk hadde inga framtid. Dette var offisiell norsk politikk frå midten av 1800-talet til langt inn i etterkrigstida; korleis det arta seg, korleis det blei opplevd for ungane som måtte gå i denne skolen, og kva konsekvensar det fekk, kjem godt fram i firebandsverket Sámi skuvlahistorjá, redigert av Elfrid Boine, Siri Broch Johansen, Siv Rasmussen og Svein Lund. Alt er skrive både på samisk og norsk.

Sámi skuvlahistorjá dokumenterer konsekvensane av fornorskingspolitikken. Samtidig handlar verket om langt meir, om strevet for at samisk kultur skal overleva, om kampen for opplæring på samisk språk og opplæring i samisk kultur, og arbeidet for å gjera slik opplæring reell etter at prinsippet hadde vunne fram. Verket tar òg opp samhaldet mellom samar, og dei bitre konfliktane som har vore mellom dei - og som framleis finst i rikt monn. Framfor alt er verket ein dokumentasjon av levde liv, ei kjeldesamling som best kan samanliknast med «Arbeidsfolk forteller» av historikaren Edvard Bull d.y.

Verket er på nesten 1800 sider, fordelt på (til no) fire band, og gjennomført fleirspråkleg: alt er skrive både på norsk og samisk, det vil seia 900 sider på eitt av fleire norske og 900 sider på eitt av fleire samiske skriftspråk. Folk trur kanskje at ‘samisk’ alltid er eitt og det same. Så er langt frå tilfelle. Om folk frå nordsamisk og sørsamisk område møtast, kan dei ikkje forstå kvarandre på samisk; dialektane deira ligg altfor langt frå kvarandre. Det er omtrent som forskjellane på norsk og tysk. Innanfor samisk område går dialektane gradvis over i kvarandre, men dialektane i ytterområda - sørsamisk, nordsamisk og samisk lengst aust på Kola - kan like gjerne oppfattast som ulike språk. Når ein så oppdagar at forfattar av kvar enkelt artikkel i Sámi skuvlahistorjá skriv på sitt eige språk, enten det er nordsamisk, lulesamisk, pitesamisk, sørsamisk, bokmål, nynorsk eller dialekt, blir ein dess meir imponert av omsetjarane som har sytt for at kvar einaste linje, kvart einaste ord, no ligg føre både i norsk og samisk versjon. Dei må vera godt skolerte i alle dei samiske skriftspråka som blir brukte her i landet, i tillegg til bokmål og nynorsk.

Undertittel er «Artikler og minner fra skolelivet i Sápmi». Det er ei samling av enkeltståande historier; dei aller fleste av menneske som fortel kva dei sjølv opplevde, men òg eit mindre tal analyserande artiklar. Fjerdet bandet har i tillegg trykt opp utdrag frå viktige 1700- og 1800-talskjelder. Nordsamisk område er naturleg nok best dekt i firebandsverket, men her er òg eit stort tal artiklar frå sørsamisk område, eit mindre tal frå lulesamisk og frå pitesamisk område, samt noko som gjer samlinga spesielt interessant: historier frå sjøsamisk område, skrivne av folk som knapt visste dei var samar. Dei trudde «samar» bare var slike som dreiv med reinflokkane sine langt inne på fjellet; når dei oppdaga at dei var samar sjølv, reiv dei opp gamle sår.

Typisk er historia til Paula Simonsen, «Oppvokst på ei løgn!» (1. band). Ho visste ikkje at ho var same før ho blei med på besøk til slekta inne på vidda. Seinare, då ho lærte bestemors tapte språk, og aktivt tok det i bruk, kjende ho ei stor befriing, men snart oppdaga ho at ho hamna mellom begge leirar - ikkje blei ho godkjent blant dei norske og ikkje blant samane. Etter kvart arbeidde ho seg fram til den erkjenninga eg trur gjeld mange, at dei er både norske, samiske og kvænske - på same tid.

I etterkrigstida vakna langsomt medvitet om at alle folk må få opplæring på eige språk og om eigen kultur. 1959 kom innstillinga frå Samekomiteen, som slo fast at denne retten måtte samane òg få (striden om innstillinga er godt dekt i firebandsverket). Innstillinga starta ein overgangsperiode som opna for opplæring på samisk, men det var fyrst med Altakampen rundt 1980 samane vann respekt, og samisk opplæring blei anerkjent som likeverdig med norsk. Og korleis gi slik opplæring når ein ikkje hadde lærarar som kunne språket, ikkje hadde læreverk på samisk, og ingen læreplanar som spegla det samiske samfunnet? Til det kravdest omfattande nybrotsarbeid, som slett ikkje bare blei møtt med velvilje (sjå t.d. John Gustavsen: I Måsøy stammer folk fra Louis Philippe; 1. band). Og som sagt finst det ikkje eitt, men mange samiske skriftspråk, og enkelte dialektar var så godt som utdøydde. Var det mulig å gi dei nytt liv, å revitalisera den samiske kulturen? Dette spennande prosjektet er òg dekt i skolehistoria. Utsiktene er usikre, men det er grunn til å vera nøkterne optimistar. Tilmed blant dei mest utsette, sjøsamar og pitesamar, er det håp om gjenreising. «Skolehistorie» er definert vidt, tredje bandet handlar mest om barnehagane. Redaktørane har valt å sjå på heile utdanningsløpet, og då høyrer barnehagar med. Elles er sjølvsagt grunnskolen dekt, og ungdomsskole, framhaldsskole, internatskole, reindriftskole, opplæring i samisk handverk. Kampen for samisk gymnas, eller vidaregåande skole, er dokumentert i 2. band. Mangfaldet i verket imponerer. Enno er det likevel udekte, kvite flekkar, slår redaktørane fast. Høgskolar og universitet er eit slikt område som er lite dekt i firebandsverket. Kanskje blir det meir om dette i eit seinare band; redaktørane oppfattar ikkje verket som avslutta. Dei som meinte samane var mest tente med å få opplæringa på norsk, fordi det ikkje skulle vera forskjell på den opplæringa samiske og norske born fekk, er òg representerte (Sigrunn Rønbeck: Tilbakeblikk fra Karasjok Arbeiderpartis virke 1934-83; 1. band), men her kunne vore fleire bidrag frå den kanten; tilhengjarane av fornorskinga var vel ikkje dei som var mest interesserte i å levera artiklar til dette historieverket. Mange samar meinte framtida var å bli meir norske, og dei er enno mange, derfor høyrer historiene deira med i eit slikt verk. Eg minst eit lesarbrev for eit par år sidan der Jarl Hellesvik skreiv at foreldra hans valde å ikkje læra borna samisk, for dei såg det som «ikke framtidsrettet». Eg oppfordrar Hellesvik og andre fornorskingstilhengjarar: send historiene dykkar til Davvi Girji, forlaget som gir ut denne skolehistoria.

Mange nordmenn er fornorska samar, norske med samiske forfedrar - kor mange, er vanskeleg å seia. Sámi skuvlahistorjá gjengir historiene til nokre av dei som har oppdaga ein samisk arv dei ikkje visste dei hadde. Dei er bare toppen av eit isfjell. Genetiske studiar har vist at den norske, svenske og suomi-finske befolkninga i Nord-Norge, Nord-Sverige og Nord-Finland i stor grad har samisk opphav. Og nettopp dei som er i ferd med å kvitta seg med den samiske arven, var ofte dei verste til å diskriminera andre samar. Typisk nok blei motstanden mot samiske rettar i den nye Finnmarkslova fronta av ein som sjølv er same (grunngitt med faren for privatisering). At folk som sjølv har samisk bakgrunn, kan vera så snare til å slå ned på dei som vil gjenreisa det samiske, verkar underleg på utanforståande, men blir forståeleg når ein les historiene i Sámi skuvlahistorjá. Undertrykking set spor hos dei som blir ramma: dei som sjølv har opplevd ringeakta og diskrimineringa på kroppen, vil ikkje at borna skal ha det like vondt. Løysinga blir å bli 100 % norsk, men då må det samiske fornektast. For dei som har lykkast med forvandlinga, kjem trusselen ikkje frå dei norske, men frå dei som avslører at dei eigentleg er samiske, derfor må det samiske vekk. Ingen må fortelja at slekta og grenda inntil nyleg var samisk, det må i gløymselen, og dei som rippar opp i dette, riv opp vonde sår. Lat det heller liggja! Undertrykkinga set seg som kollektiv skamkjensle og sjølvfornekting, og undertrykkinga blir meir effektiv, og samtidig meir skjult, fordi den blir utøvd av dei som sjølv har blitt ramma. Sámi skuvlahistorjá byr på mange slike paradoksar. Her er eit anna: Per Fokstad, same frå Tana, la alt i 1923 fram eit framsynt program for opplæring for samar på samisk. Omtrent ord for ord stemte programmet hans med det som i dag er offisiell skolepolitikk. Men mens Fokstad sjølv levde, fekk han ingen gehør og lite ære for forslaget. Denne framsynte mannen, som skreiv innsiktsfullt om kor skadeleg det var å nekta samar opplæring om samisk kultur, på samisk språk, underviste sjølv bare på norsk (fordi han var lojal mot sine overordna) og snakka ikkje morsmålet sitt heime. Hans eigne born vaks opp med norsk som einaste talemålet, delvis avskåre frå sin samiske kulturarv.

Det er ikkje ei velordna og systematisk framstilling me får presentert i dette verket, men spreidde og lausrivne fragment, enkeltartiklar og minne, utgitt etter kvart som folk har hjelpt til å samla dei inn. Litt kaotisk blir det, men slik må det nesten bli, for dette er eit nybrotsarbeid, det gjeld å dokumentera skoleopplevingane mens folk som kan fortelja, enno lever. Skulle ein venta til alt var samla inn, gjennomanalysert og velordna, hadde verket aldri sett dagens lys. Den som tar seg tid til å leita i dei 157 artiklane og dukka ned i enkelthistoriene, finn ei gullgruve: historiene som gjer det mulig å forstå. Samtidig har verket blitt ei kjeldesamling som etter mitt syn er heilt uunnverleg for dei som i framtida vil studera samisk historie, spesielt fordi redaktørane har tatt på seg å fortelja historier frå alle samiske samfunn, til alle tider. Dei har valt å la den enkelte sjølv velja skriftspråk og rettskriving. Det bidrar til det kaotiske bildet: her er inga fast rettskrivingsnorm, men viser samtidig mangfaldet. Redaktørane har for eksempel lagt mykje arbeid i å få fram historier frå pitesamane, ei lite kjent gruppe som har mista språket, men enno kjenner seg som samar. Sjøsamar står òg i fare for å mista både språk og kulturarv, men skolehistoria får fram stemmene til dei som tar fatt på gjenreisingsarbeidet - og kanskje vil lykkast.

Er det mulig å snu utviklinga, og gjera slutt på undertrykking og diskriminering av samane? Sámi skuvlahistorjá viser at mykje er oppnådd. Og at mykje står igjen. Kanskje den største utfordringa er å slå bru over dei bitre såra som skil dei som vil gjenreisa, og dei som vil gløyma det samiske og bare vera norske. I dag har forskarane snudd opp-ned på mange hevdvunne forestillingar. For eksempel veit me at samane slett ikkje er «en fremmed race», slik det lenge blei hevda, men den einaste folkegruppa i Europa der genetisk arv frå Cro Magnon-mennesket enno dominerer. Dei er Europas eldste folkegruppe, og dei fyrste som slo seg ned her nord då isen smelta. Alle folk i Norden har felles anar med dei, om me går me langt nok bakover blant forfedrane og -mødrene våre. Me har ei felles samisk arv me har grunn til å vera stolte av. Før me innser dette, trur eg knapt det blir slutt på diskrimineringa og sjøvfornektinga av det samiske. Men kunnskap nyttar, og Sámi skuvlahistorjá er eit vesentleg bidrag.

Leiv Olsen
historielærar


Samisk skolehistorie 4 - bokmeldingar og omtalar
Samisk skolehistorie 4 - startside
Samisk skolehistorie - hovudsida.