Sámegillii

Samisk skolehistorie-1 Bokmelding i Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 3-2006

Jon Todal:

Samisk skulehistorie

I 2005 gav forlaget Davvi Girji ut boka Sámi skuvlahistorjá/ Saemien skuvle-vaajese/ Samisk skolehistorie 1 (heretter kalla Samisk skolehistorie). Boka er redigert av Svein Lund, Elfrid Boine og Siri Broch Johansen, med Lund som hovudredaktør.

Viss ei skulehistorie skal tolke politiske og pedagogiske retningar, ordne empirien kronologisk eller tematisk, kommentere tabellar og oversikter, analysere og setja fram hypotesar – da er Samisk skolehistorie definitivt inga skulehistorie. Denne boka er bygd opp på ein heilt annan måte, og kan ved første augnekast verke kaotisk på ein lesar som ventar seg ei samla framstilling. Og lesarar utan forkunnskapar om samiske tilhøve, må nok lesa store delar av boka for å få eit heilskapsbilete. Men det arbeidet er verdt innsatsen. Det finst allereie fleire bøker om korleis og kvifor den norske staten gjennom meir enn hundre år brukte skulen som reiskap til fornorsking av samane. Men store delar av biletet manglar i denne litteraturen. Professor Henry Minde seier det slik i den første artikkelen i Samisk skolehistorie: ”Vår kunnskap om fornorskingsprosessen er skjevt fordelt. Stor innsats er gjort med hensyn til å klarlegge de politiske sidene av fornorskinga. Jeg vil mene at det er like viktig for oss – og i hvert fall på tide – å få kjennskap til fornorskingsprosessens virkninger som dens årsak. Bare på den måten kan man vurdere aktørenes handlingar fra både maktens og avmaktens side; fra de som introduserte prosessen og fra de som bar byrdene av fornorskingspresset.” (s.30-32)

I sitatet frå Minde ligg nøkkelen til å forstå boka Samisk skolehistorie. Det er først og fremst ”aktørane” sine tankar og opplevingar vi får del i gjennom dei 33 artiklane og intervjua i boka. Dei som slik kjem til orde, er fleire generasjonar av samiske elevar, det er lærarar - både samiske og norske, internatarbeidarar og skulebyråkratar.

Heilt til 1960-talet hadde skulen ein fornorskingsinstruks å følgje overfor dei samiske elevane. Det samiske busetjingsområdet i Noreg strekkjer seg frå Engerdal til Sør-Varanger, og tilhøva er forskjellige i dei ulike distrikta. Slik måtte fornorskingspraksisen i skulane og verknadene på lokalsamfunna òg bli forskjellige. I tillegg var det individuelle variasjonar i korleis elevane opplevde skulesituasjonen og korleis lærarane takla utfordringane. Artiklane og intervjua i Samisk skolehistorie viser oss først og fremst variasjonar og at biletet kunne vera nyansert. Til og med ordninga med skuleinternat kunne ha sine positive sider.

Forutan artiklane har redaktørane intervjua ei rekkje personar som ser tilbake på si skuletid. Slik kastar boka lys over mange sider ved samisk skulehistorie innanfor ”manns minne”. Boka dekkjer både dei sør- og nordsamiske områda, forutan både kyst og innland i nord. Men frå det lulesamiske området er her ikkje ein einaste tekst. Vi får vi tru at dette blir retta opp i seinare band.

Åtte av dei som skriv i Samisk skolehistorie, er norske lærarar som ei tid har arbeidt i samiske skulekrinsar og seinare reist til andre plassar. I det dei skriv, finst det ei mengd konkrete opplysningar om skulane for førti, femti år sidan, dette er minnestoff av historisk verdi. Fleire av desse lærarane var aktivt med på å bryte med fornorskingspolitikken. Men dei vurderingane som forfattarane kjem med i artiklane, er skrivne lenge etterpå og er nok delvis farga av det som har hendt i samisk skule dei siste tjue åra. Det er iallfall påfallande kor eintydige motstandarar av fornorskinga alle lærarane har vore. Delar av stemninga frå 1950- og 1960-åra har kanskje vore vanskeleg å gjenskapa no over 40 år etterpå.

I éin artikkel kan vi likevel ane temperaturen og stemninga frå tidleg 1960-tal. Det er i den velskrivne artikkelen ”Tilbakeblikk på Karasjok Arbeiderpartis virke 1943-83” av Sigrunn Rønbeck. Rønbeck budde i Karasjok og var politisk aktiv i Arbeidarpartiet. Ho var i mot framlegget i ”Samekomiteens innstilling” som sa at samisk språk burde tillatast brukt på skulen meir enn berre som ”hjelpespråk”. I artikkelen skildrar ho mellom anna striden om dette spørsmålet i Karasjok rundt 1960. Her får vi også kunnskap frå innsida om korleis skulestatsråd Helge Sivertsen vart informert da han besøkte bygda i mars 1961. Vi blir nysgjerrige på meir stoff frå dei som ikkje støtta den lina som no er offisiell skulepolitikk i dei samiske områda.

Redaktørane gjennomfører parallelltekst på samisk og norsk på ein måte som ikkje forstyrrar lesinga - same kva språk ein vel å lesa boka på. Tekstar frå det nordsamiske området er presenterte på nordsamisk og norsk, frå det sørsamiske området på sørsamisk og norsk. Denne fleirspråklege praksisen er førebiletleg gjennomført ned i minste detalj.

Boka har eit godt emne- og namneregister, men manglar litteraturliste til slutt. (Det er litteraturliste etter kvar artikkel). Mange lesarar ville nok ha sett pris på eit kart med dei stadnamna som er nemnde i tekstane. Like eins ville det ha hjelpt om boka hadde presentert ei tidsline med dei viktigaste hendingane i samisk skulehistorie.

Sámi skuvlahistorjá/ Saemien skuvle-vaajese/ Samisk skolehistorie 1 er ei innhaldsrik, mangfaldig og original bok. Greier redaktørane å gjennomføre dette opplegget gjennom fleire framtidige band, slik dei lovar i føreordet, vil dette heilt klart bli eit stort og verdifullt bokverk for alle som er interesserte i skulehistorie.

Lund, Svein (hovudred.), Boine, Elfrid og Johansen, Siri Broch (medred.): Sámi skuvlahistorjá/ Saemien skuvle-vaajese/ Samisk skolehistorie 1
Davvi Girji
Kárášjohka 2005
445 sider.


Samisk skolehistorie - startsida