Samisk skolehistorie-4
Bokmelding i Utdanning 7-2011. publisert på http://utdanningsnytt.no 07.04.2011.

John Gustavsen:

Samisk skolehistorie: frå frykt til frigjering

Det går ei line frå frykt og undertrykking til forståing og frigjering gjennom det fjerde bandet om samisk skolehistorie.

Svein Lund (hovudredaktør), Elfrid Boine, Siri Broch Johansen og Siv Rasmussen:
Sami skulahistorjá/ Samij skåvllåhiståvrrå/ Saemien skuvle-vaajese/Samisk skolehistorie 4
Foto og teikningar
Davvi Girji 2010
460 s

Det ligg mykje slit bak "Sámi skuvlahistorja/ Samisk skolehistorie 4". Tekstane sprikjer frå gamle artiklar til moderne intervju og vitskaplege vurderingar, frå Aust-Finnmark til Hedmark. Men her er også personlege vitnemål som er rystande og tankjevekkande om stoda anno 2010. Dei tre fyrste banda er kome ut i 2005, 2007 og 2009 med Svein Lund som redaksjonell leiar. Utanom tekstane på bokmål og nynorsk finn vi omsetjingar til både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Nytt i dette verket, opplysningane om utviklinga av det pitesamiske språket, snakka av i høgda eit par hundre menneske på svensk og norsk side. Det har vore litt av ein jobb å få finansiert arbeidet, 10 institusjonar har hjelpt til, får vi veta.

Harde metodar

Den statlege språkpolitikken utvikla seg i fasar. På 1700- og 1800-talet var dansk offisielt skriftspråk i Noreg, difor vart samane utsett for fordansking. Harde metodar ser vi sjølv i dag spor av. Forteljinga til Ronny Andre Lukkari (f. 1984) er sterk kost om kor naudsynleg det var med Seidajok spesialskole i barnepsykiatri i Tana. Han åtvarar mot det som skjedde etter at skolen med samiskspråkleg tilbod blei lagt ned i 2005 og eit tilbod vart oppretta i vanskelege Karasjok.

Politisk konflikt

Dei politiske motsetnadene vart tydelege etter kvart som samerørsla voks i starten av 1900-talet. Vi treff dei fyrste sameaktivistane, t.d. Gánda-Jovnna/John Samuelsen (1851-1938) som skreiv:
”Kjære prester! Hvis dere visste hvor kjølige, hvor kalde, hvor arrogante dere har gjort folket i deres forhold til kirkens tjenere og institusjoner for øvrig, ville dere gråte og tenke nøya over hva som likevel kunne føre til en felles fred.”

Dei første samane kunne på denne tida utdanna seg til lærarar, t.d. Anders Larsen (1870-1949) frå Kvænangen som frå 1904 til 1911 gav ut bladet Ságai muittalægjje (”nyhendeforteljaren”) og i 1912 kom med den fyrste samiske romen, Beaivvi álgu (”Dagen gryr”) og hjelpte til at lærar Isak Saba (1875-1921) frå Nesseby kom inn på Stortinget i 1906 som fyrste samen.

Sterke forteljingar pregar også denne boka. Mimmi Johanne Bæaivi (f. 1950) frå Seiland i Vest-Finnmark som har vore både ordførar, sametings- og stortingsrepresentant fortel om ei vanskeleg tid for kystskoleelavar fram mot vår tid. Ljosare er det som kjem frå Elgå, der ein har drive både barnehage og skole med samiskundervsining dei siste åra. Revitaliseringa skyt fart, men det forhindrar ikkje at mange har mykje å fortelja om ei skoletid vi får vona er ei vond historie. Ein får ikkje gløyma, men samstundes sjå framover. Det som skjer i sørsamisk område, må vi få vete meir om i band 5.

Politisk analyse naudsynleg

I eit så omfattande arbeid som denne skulebokserien er, kunne ein ynskje seg fleire originalskrivne tekstar. Styresmaktene har på ulikt nivå hatt nedslåande haldningar til samisk språk og kultur.

Ragnhild Sandøy og Svein Lund skriv spanande om Hammerfest. Lektor Øyvind Wæraas har i boka Brytningstid i Hammerfest 1860–1885 (Novus forlag 2010) fått fram korleis fornorskingsprosessen slo ut mange samar. Forfattaren Magdalena Thoresen karakteriserte på 1880-talet samen som ”liten, krumbenet og hæslig”, på line med politiminister Jonas Lie sitt nazisyn 60 år seinare.

Dei som står bak denne serien kan når dei kjem til siste bok, stå seg på å få fram ein politisk analyse av kvifor det har vore så mykje motstand mot å sikra samane ei utdanning på eigne premiss. Utslaga vi vert kjende med lokalt i denne boka, seier mykje om dei rikspolitiske haldningane. På Stortinget er det sterke krefter som både vil stengja Sametinget og sløyfar løyvingar til samiske kulturtiltak. Desse stemmene bør no identifiserast!


Samisk skolehistorie 4 - bokmeldingar og omtalar
Samisk skolehistorie 4 - startside
Samisk skolehistorie - hovudsida.