Samisk skolehistorie-2
Bokmelding i Utdanning, desember 2007

John Gustavsen:

Verdifull kunnskap om samisk skole

Det andre bandet av den samiske skolehistoria inneheld både personlege vitnemål og offentlege ordskifte

Sámi skuvlahistorjá
Samij skåvllåhiståvrrå
Saemien skuvla-vaajese
Samisk skolehistorie 2
Av Svein Lund (hovedred.), Elfrid Boine og Siri Broch Johansen
464 sider
Davvi Girji

Første bind av ”Samisk skolehistorie” kom ut i 2005. Svein Lund held fram arbeidet med å skaffa oss kunnskap frå samisk skolehistorie. Med seg i det redaksjonelle arbeidet med det andre bindet har han denne gongen Elfrid Boine og Siri Broch Johansen. Eit springande og omfattande dokument ligg føre. Boka er tospråkleg.

Sentrale i kampen for ein samisk skole har vore aktørar frå Tana kommune. Fleire i den politiske rørsla kom herifrå. Per Fokstad (1890-1973) var i fremste rekkje. Frå nabokommunen Nesseby kom læraren Isak Saba (1875-1921), den fyrste samen på Stortinget, 1906-1912, som også slost for skolen si sak, men døydde så ung.

Per Fokstad er ikkje til å koma utanom når ein skal skrive den samiske skole- og utdanningshistoria. Lærar Ragnhild Ravna (f. 1940) søkte om jobb i Tana. Då sende skolemeister Fokstad telegram med teksten: "Ta dyne sykkel kom".
Ravna som opprinneleg kom frå Hurum, fortel om møtet med Fokstad: "Han var den store læremesteren, han hadde en umåtelig energi i å gi av sin viten og forståelse. Han ville gjerne at vi som slo oss ned i Tana, skulle få øse av den rikdommen som samekulturen stod for. (...) Han ga seg aldri i det han trodde på. Derfor ville han bruke meg og flere unge mennesker i kampen for å bevare det samiske."

Siri Broch Johansen (f. 1967) stadfestar kor djupt fornorskinga bora. Då ho gjekk i grunnskolen, var dei fyrste samiske lærarane med skikkeleg utdanning på plass, og dei stilte krav. Samisk blei fyrst offisielt godteke i norsk skole i 1967, eit historisk vendepunkt. Motstanden hadde vore hard. Forfattaren Sigbjørn Hølmebakk (1922-1981) hadde budd eit par år i Vadsø, og skildra i Dagbladet "Karasjoks lokale pave", Arbeiderpartiets "mest rabiate talsmann i hele Finnmark fylke", Hans Rønbeck. Kunstnaren Per Hætta hevda at paven dreiv "partiterror".

Sterke vitnemål er det fleire av i denne boka. Kaia Kalstad (f. 1935) frå Tysfjord fortel om vegen frå fattigdom, læstadianisme og forsaking og om kampen for å bli godteke som same. Ungar som ikkje forstod læraren sitt språk, hamna ofte i fortvilte situasjonar. Men det fans lærarar som forstod at noko var galt. Ein av dei var presten Kolbjørn Varmann som dreiv privat realskole i kommunen for at ungdomane skulle få ein sjanse til høgare utdanning.

Under attreisinga i Finnmark etter andre verdskrigen var det lite rom for samisk kultur, særleg på kysten. Fleira av dei som vart lærarar i nedbrente bygder, hadde ikkje godt rulleblad frå krigen, og vart sende til samiske strók. Biletkunstnaren Ingunn Utsi (f. 1948) teiknar vegen heimefrå til internatskole, gymnas og seinare høgare skolegang, ein veg som var smertefull, men opna augo for kva som hadde hendt heime i Nordkapp. I eit radiokåseri frå 1984 fortel ho: "Mange måtte tvinge seg selv til å ta avstand frå bølgenes latter og seg selv, fornekte sin bakgrunn, alt som var annerledes, dvs. samisk, for om mulig å kunne beholde litt av selvrespekten."

Etter kvart som samisk ungdom har fått tilgjenge til høgskolar og universitet, kjem sanninga om harde fornorskningsår fram. Lone S. Hegg (f. 1975) frå Loppa skriv tankevekkjande: "Det vil ta tid for oss finnmarkinger å bli bevisst vår kollektive skam, og snu den til stolthet.(...) Erkjennelsen starter med kunnskapen, så kan man kjempe med psyken på senere stadium, for så å omsette den i handling."

Dersom denne boka blir lesen av foreldre og lærarar i samiske område, vil mange sjå at det har vore heilt naudsynt med strid. Norsk kolonihistorie skulle i over eit sekel ha kyrkja og skolen som bastionar. Mange fekk sviande sår på sjela, og ga ikkje opp.

Svein Lund fortel om sine eigne røynsler som elev og lærar i samisk skole. Måten han har vore handsama på av sume i samisk skoleverk, er lite å vera byrg over.

Dette bandet av samisk skolehistorie, som kjem på både samisk og norsk, kunne kanskje ha vore redigert med hardare hand og nokre private foto luka ut. Ei von: Samisk kultur- og samfunnskunnskap fortener breiare plass i norsk skole. Det ville tene den nye tida då menneske frå den fattige verda vil stå ved grenseportane.


Til hovudsida.

og omtalar Samisk skolehistorie 2 - startside Samisk skolehistorie - hovudsida.