Samisk skolehistorie 3 - Bokmelding i Daerpies Dierie - Sørsamisk kirkeblad nr 4 - 2009 og Klassekampen 02.01.2010

Åke Jünge

Sterk skolehistorie

Med bind 3 av den samiske skolehistoria held den flittige Svein Lund og dei tre medredaktørane hans fram med å gi ut artiklar og minnestoff frå skolelivet i Sápmi. Kvart av binda har til no vore på rundt 500 sider, og fleire bind er planlagt. Eit storverk er på gang.

Bind 1 hadde mest stoff om grunnskolen. Bind 2 handla for ein stor del om den vidaregåande skolen. Dette tredje bindet er tredelt. Først er det ein stor bolk om samiske barnehagar og den viktige rollen barnehagen har spela for opplæring i samisk språk og kultur dei siste tiåra.

Blant dei barnehagane som får nærare omtale er Åarjel-saemiej maanagierte, den sørsamiske barnehagen på Snåsa. Det er doktorgradsstipendiat ved Samisk høgskole, Inger Johansen, som gir bakgrunnshistoria for denne barnehagen. Det starta i 1982 som forsøksprosjekt med ambulerande barnehage i ei campingvogn som vart trekt rundt i det sørsamiske området på norsk side av riksgrensa og var nokre veker på kvar plass før dei drog vidare. Dette forsøksprosjektet vart lagt ned i 1985. Gjennom intervju med Anita Dunfjeld Aagård, Hanne-Lena Wilks, Anne-Lise Dunfjeld og Olaug Pettersen får vi rulla opp heile utviklinga fram til den sørsamiske barnehagen som i dag har rundt 10-12 ungar på Snåsa.

Den andre delen av bind 3 inneheld stoff om grunnskolen i fem utvalgte kommunar: Masi, Lebesby, Kvalsund og Hasvik i Finnmark, og Lavangen i Troms. Her er historiske artiklar om korleis skolevesenet utvikla seg frå misjonsskole til fornorskingsskole, krydra med positive og negative minneartiklar om korleis det var å gå på internatskolar og få minimalt med opplæring på morsmålet sitt.

Det er sterke historier vi her får på trykk, spesielt frå dei sjøsamiske distrikta. Eit eksempel blant mange: Larine Johnsen, født Isaksen i 1927, gjekk sju år på folkeskole i Hasvik. Heime snakka ho berre samisk, men måtte forte seg å lære litt norsk før ho starta på skolen i 1935. Eit anna eksempel er Olav Isaksen, født 1945 i samme område. Han kan fortelle: ”Samisk var nok det første språket jeg hørte. Det var språket foreldra mine brukte mest seg imellom og med eldre slektninger og naboer. Men til barna snakka de bare norsk og sa at vi skulle ikke snakke samisk. De voksne sa at vi ikke trengte samisk, og bestemor tok oss i ørene hvis ho hørte at vi snakka samisk. Likevel hendte det at vi barna snakka samisk oss imellom. Når jeg hører samisk, forstår jeg nesten alt. Jeg kan også lese samisk ganske bra, men jeg klarer ikke å snakke” (s 336).

Tredje bolken i bind 3 inneheld generelle artiklar om samisk språk sin stilling i skolen, om samisk som førstespråk og om korleis rettskrivingsreformar kan påvirke opplæringa i samisk. Det er Jon Eldar Einejord, Jon Todal og Else Marie Isaksen som går gjennom dette siste hovedtemaet i lange og grundige kapittel.

Alle artiklane i bind 3 har parallell tekst på norsk og samisk. Den norske teksten vekslar mellom bokmål og nynorsk. Den samiske teksten vekslar mellom nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, alt etter kva del av Sápmi artikkelen handlar om. Etter kva eg kan vurdere, eg som ikkje er samisk-kyndig, er denne parallellkjøringa grundig og skikkelig gjennomført. Det er eit storarbeid som er gjort her.

Bildematerialet er rikholdig og hadde kanskje fortjent litt større plass. Men da hadde vel bindet blitt enda meir omfangsrikt og sprengt dei budsjettmessige rammene til redaksjonen. Eg kunne òg ha ønska meg ei liste over dei mange illustrasjonane slik at det vart lettare å finne tilbake til dei etter lesinga.

Bruksverdien av bokverket blir kraftig auka ved at det er med eit solid register over personnamn, stadnamn (både norske og samiske skrivemåtar), skoleslag, skolefag og linjer, namn på institusjonar og organisasjonar og ein del emneord. Heile verket er å finne på internett, på http://skuvla.info. Her kan ein finne enda meir stoff enn det som er med i dei trykte binda. Da kan ein jo også bla opp dei bilda som er altfor små i den trykte utgaven og forstørre dei sjølv. Alt i alt er Samisk skolehistorie eit kjempeløft som det står stor respekt av.

Sámi skuvlahistorjá – Saemien skuvle-vaajese – Samisk skolehistorie Bind 3
Davvi Girji 2009
Hovedredaktør Svein Lund
Medredaktører Elfrid Boine, Siri Broch Johansen og Siv Rasmussen.
ISBN 978-82-7374-730-3.
På internett: http://skuvla.info


Samisk skolehistorie 3 - startsida