Sámegillii In English

Artikkelserie om samisk skolehistorie
Opprinnelig skrevet på samisk - oversatt til norsk av Svein Lund

33. del - trykt i Ávvir 21.09.2013

Kjenner du samisk skolehistorie?

Ávvir fortsetter her artikkelserien om samisk skolehistorie som starta i Min Áigi 2007-08 og fortsatte i Ávvir 2009, 2010 og 2012. Grunnlaget for artiklene er fortellinger og artikler som er samla i prosjektet "Samisk skolehistorie". Her er mange sitater fra bøker og bokmanus, og vi viser da til bøkene som det er tatt fra, slik at leserne kan lese hele fortellingene der.

Fortellingene og artiklene i bøkene finner du også på internett: http://skuvla.info.

Det er leder for redaksjonskomiteen, Svein Lund, som redigerer denne artikkelserien. Ellers er disse med i redaksjonen: Elfrid Boine, Siri Broch Johansen og Siv Rasmussen.

Skoltesamisk skolehistorie – finnes den?

Skoltesamane sitt tradisjonelle busettingsområda er dagens Sør-Varanger kommune og tilgrensande område som no hører til Russland og Finland. I Finland er det framleis nokre hundre som snakkar skoltesamisk, i Russland ei handfull. Sjølv om det ikkje lenger finst nokon skoltesamisktalande som har vakse opp i Noreg, er det likevel eit hundretal familiar med skoltesamisk bakgrunn her i landet.

I denne artikkelen ser vi på bakgrunnen for skoltesamane sin situasjon i dag, og på skolerøynslene til skoltesamane i Norge. Dette er ei sterkt forkorta utgåve av ein lengre artikkel i Samisk skolehistorie 6.

På 1500-talet blei kristna russisk-ortodokse misjonærar samane som budde i dei russisk-norske grenseområda på sørsida av Varangerfjorden. Dei fikk reist eit kloster i Petsjenga, og fleire kyrkjer, blant anna i Boris Gleb og i Neiden. Desse samane blei derfor rekna som russiske statsborgarar, men lenge kravde både russiske og norske (danske) styresmakter skatt av dei.

Skoltesamene hadde frå gamalt av seks siidaer. Før grensa blei trekt opp mellom Russland og Noreg i 1826 utgjorde tre av dei, Neiden, Pasvik og Petsjenga, det såkalla fellesdistriktet, som begge landa gjorde krav på.

Samisk, finsk, norsk og russisk

Skoltesamane var dominerande i siidaområda sine i ein lang periode. Seinare kom det fleire innvandringsbølger, av nordsamar, finlendarar, nordmenn og russarar. Skoltesamane blei etter kvart ein liten minoritet i befolkninga.

I 1826 blei grensa trukke tvert gjennom både Pasvik-siidaen og Neiden-siidaen sine område. Det endte med at Pasvik-skoltane blei busett på russisk side, og gjennom seinare krig og politiske endringar endte dei aller fleste etterkomarane deira i Finland. Neiden-skoltane valde å bli buande på norsk side, og frå 1842 var dei norske statsborgarar.

Etter første verdskrigen blei den russiske delen av den gamle Pasvik-siidaen og delar av Petsamo-siidaen og Suenjel-siidaen sine område finsk, men med andre verdskrigen tok Russland (Sovjetunionen) dette tilbake. Befolkninga i dette området var da evakuert nedover i Finland, og kom aldri tilbake til dei gamle heimstadane. Nokre år etter krigen sørga den finske regjeringa for at dei evakuerte skoltesamane fikk nye bustadar, på finsk territorium, men tildels innafor gamalt skoltesamisk land. Den største av desse var i Čeʹvetjäuʹrr / Sevettijärvi, og denne bygda har seinare vore det viktigaste senteret for skoltesamisk språk og kultur.

St. Georgs kapell i Neiden blei ifølge tradisjonen reist i 1565, men dagens bygning er trulig frå tidlig på 1800-talet. Det er det minste kyrkjehuset i Noreg og den einaste ortodokse kyrkja i Nord-Noreg. Bildet er tatt i 1990. Foran kapellet leder for foreninga Skoltene i Norge, Frans Halonen, sammen med kona Vivi Jelstrup og sønnen Emil. Emil var den første som blei døpt i det ortodokse kapellet på 60 år.
(Foto: Svein Lund)

Liten skolegang for skoltesamar

J.A. Friis fortel frå ei reise i 1867: «De russiske Skoltelapper ere baade med Hensyn til Sprog, Sæder, Skikke og Udseende temmelig forskjellige fra de lutherske Lapper i Sydvaranger. ... I Kristendomskundskab staa de langt tilbage for disse, idet de ikke kunne læse, ingen Bøger have og ingen Skoleundervisning faa.

Fram til første verdskrigen besøkte den russiske presten i Boris Gleb kyrkjelyden i Neiden, og heldt gudsteneste der. Konstantin Ščekoldin, prest i Boris Gleb, ga i 1895 ut den første samiske læreboka på russisk side. Men det var lite han kunne gjøre for å påverke vilkåra for skoltesamane i Norge.

Skole utan skoltesamar

Fra 1819 organiserte Vadsø-presten undervisning for nordsamisktalande barn i Sør-Varanger.

Frå 1853 blei det tilsett ein finsktalande lærar for barna på Bugøynes og Neiden. Skolen i Neiden blei halde i skiftande private hus.

I 1891 kom vestlendingen Johannes Haaheim som lærar til Neiden. Da Fossheim internat i Neiden blei reist i 1905 som eit av de to første statsinternata i Norge, blei han internatstyrar. Han var ein bestemt tilhengar av fornorskingspolitikken. På grunn av stor innvandring var no finsk blitt det dominerande språket i Neiden. Skoltesamane lærte seg både nordsamisk og finsk, og det blei stadig færre som snakka skoltesamisk.

Amund Helland skreiv i Norges land og folk – Finnmarkens amt, som kom i 1906: «Skoltefinnene i Neiden er gresk katolske, og presten i Boris Gleb besøker dem. ... Skolterne sender ikke sine børn i norsk skole, og man har hidtil ikke forsøkt at bringe lovens bestemmelse til udførelse ligeoverfor dem.»

Da boka kom ut var dette allereie forelda. Etter trugsmål og bøteleggingar gikk skoltesamane med på å sende barna sine til skolen frå 1905.

På kirkegården i Neiden ligger den siste som snakka skoltesamisk på norsk side, Jogar Ivanowitz. De to korsa på gravsteinen viser at Jogar hørte til den ortodokse trua, mens kona var lutheraner.

(Foto: Svein Lund)


Inn i den norske skolen

Da Fossheim internat i Neiden blei starta, var der 76 elevar. I tillegg til dei to nemnde med skoltesamisk, hadde 39 elevar finsk, 33 nordsamisk og to norsk som morsmål.

Jogar Ivanowitz (1897–1981), fortel til Hans Kr. Eriksen:
«Ja, på skolen var det ikke så greitt alltid. Det var jo tre språk her, norsk, finsk og skoltesamisk. Vi kunne ikke norsk da vi begynte på skolen, ikke mye da vi slutta heller. Da vi kom i lærer Haaheims klasse gikk det bra. Haaheim var kommet fra Hardanger, og han kunne litt både av finsk og samisk. Han prøvde i alle fall. Uttalen ble det så som så med, men vi kunne jo ikke le. Det satte han pris på. Vi hadde lange utenatlekser, 2–3 ja opptil seks blad, men forsto ikke språket. Jeg leste lite, men kunne leksene likevel, for jeg hørte når de andre leste høyt. Stort sett visste jeg ikke hva det var jeg kunne.»

Etter lova hadde skoltesamane som «dissentarar» rett til fritak for kristendomsundervisning i skolen, men det gikk ikkje lenge før dei godtok å følgje også kristendomsundervisninga. Dei gikk da også til konfirmasjon og blei såleis medlemmar av den norske statskyrkja. Dei vaksne blei og påverka av læstadianismen, som var den dominerande religiøse retninga i distriktet, og etter kvart var det bare nokre få eldre skoltesamar som heldt fast ved den ortodokse kyrkja.

Ikkje-sak i skolen i mange år

Mens mellomkrigstida var prega av aktiv fornorsking retta mot både samar og kvenar, var det i etterkrigstida heller slik at skolen usynliggjorde minoritetane med å ikkje nemne dei verken i regelverket, lærebøkene eller undervisninga. De fleste vi har snakka med i Neiden seier at verken det skoltesamiske, nordsamiske og finske i nærmiljøet blei nemnd i skolen. Eit unnatak var eit prosjekt som nokre lærarar sette igang på 1980-talet, med å få samisk kultur inn i skolen og å bygge ut samarbeid med skolen i Sevettijärvi.

Finsk i skolen

Da det etter kvart blei mogleg å få samisk eller finsk som fag i skolen, var det i Neiden størst interesse for finsk. I dag har dei aller fleste elevane ved Fossheim skole finsk som andrespråk. Nokre få elevar har hatt nordsamisk som andrespråk ved skolen, men dei siste åra har det ikkje vore etterspurnad etter det. Skoltesamisk har det derimot aldri vore noko tilbod om på norsk side, og det har heller ikkje vore reist ønske om det frå foreldre. Skolen forsøker å fokusere på skoltesamisk kultur og historie, men opplever at det er vanskelig, bl.a. fordi det finst lite læremiddel og lærarane har lite kunnskap.

Som andre små utkantskolar lever Fossheim skole stadig med trugsmålet om å bli nedlagt ved neste kommunebudsjett. Det gjør at både lærarar, foreldre og elevar blir utrygge, og unge familiar er usikre på om dei tør å satse på ei framtid i bygda. For skolen betyr det at det er vanskelig å få pengar til nødvendig utstyr og vedlikehald.

Kor blei det av språket?

Da eg i 1990 intervjua Otto Borissen i Neiden, sa han: «– Jo, austsamane i Neiden fins fortsatt, sjølv om språket er så godt som borte. Den siste som snakka perfekt austsamisk var Jogar Ivanowitz, som døydde i 1981. Sjølv lærte eg austsamisk, nordsamisk og finsk som liten. Men norsk lærte eg først da eg kom på skolen. I dag er det nok finsk som er det beste språket mitt. Eg gjør meg no forstått på samisk, men det blir ei blanding av aust- og nordsamisk med noko finsk i.»

Otto er ein av dei siste som er vakse opp i Neiden og i alle fall delvis kan snakke skoltesamisk. Det er i dag fleire skoltesamisktalande som bur i Neiden, men dei har vakse opp på finsk side. Våren 2012 blei det for første gong arrangert eit kort kurs i skoltesamisk språk i Neiden. Det er også no utarbeida litt undervisningsmateriell for skoltesamisk språkopplæring i Norge. I Sør-Varanger ser ein i dag ikkje stort til at skoltesamisk trulig er det eldste språket som har vore brukt i området. Mens ein på finsk side har brukt skoltesamisk i lag med finsk på vegskilta i skoltesamisk busettingsområde, er det på norsk side i Sør-Varanger så godt som bare norske namn. Dei få samiske namna som synest er nordsamiske.

Rektor Elin Steigberg viser fram ein plakat med skoltesamiske talord, som er laga i prosjektet «Skoltesamisk kultur over grenser».
(Foto: Svein Lund)

Skoltesamisk kultur over grenser

I 2010 starta eit samarbeidsprosjekt kalla «Skoltesamisk kultur over grenser» («Nuõrttsääʹmkulttuur pâʹjjel raaji»), med to prosjektarbeidarar i kvart land.

I tillegg til det nemnde språkkurset i Neiden har det også vore språkkurs i Russland og Finland. Prosjektet har arrangert ei rekke kurs i skoltesamisk husflid. Strikkekurs med skoltesamiske mønster har vore populært, og dei har og hatt kurs i fiskeskinnarbeid og perlebroderi. Ein har og har utarbeida og prenta ein del enklare informasjonsmateriale om skoltesamane. Våren 2012 hadde dei informasjonsdag for rektorar og nokre lærarar frå distriktsskolar i Sør-Varanger, og hausten samme år hadde desse skolane felles planleggingsdag i Neiden med hovudvekt på det skoltesamiske.

Uferdig museum

Heilt frå tidlig på 1970-talet har det vore arbeida for å få eit eige museum som kan dokumentere den skoltesamiske historia og kulturen. Men dette har vore ein lang og tung prosess. I år 2000 blei det planlagte Østsamisk museum / Nuōrttsaa'mi mu'zei gjort til samisk tusenårsstad, med markering av skoltesamar frå tre land. Men sidan har det meste gått galt, og enno ved starten av 2013 er ikkje museet opna. Kontorplassane er tatt i bruk, men utstillingane er ikkje montert. Når ein forhåpentligvis vil kunne opne museet i løpet av 2013, vil det bety mye ikkje minst for å kunne gi informasjon til skolane i distriktet om den skoltesamiske kulturen og historia.