Sámegillii In English

Artikkelserie om samisk skolehistorie
Opprinnelig skrevet på samisk - oversatt til norsk av Svein Lund

32. del - trykt i Ávvir 14.09.2013

Kjenner du samisk skolehistorie?

Ávvir fortsetter her artikkelserien om samisk skolehistorie som starta i Min Áigi 2007-08 og fortsatte i Ávvir 2009, 2010 og 2012. Grunnlaget for artiklene er fortellinger og artikler som er samla i prosjektet "Samisk skolehistorie". Her er mange sitater fra bøker og bokmanus, og vi viser da til bøkene som det er tatt fra, slik at leserne kan lese hele fortellingene der.

Fortellingene og artiklene i bøkene finner du også på internett: http://skuvla.info.

Det er leder for redaksjonskomiteen, Svein Lund, som redigerer denne artikkelserien. Ellers er disse med i redaksjonen: Elfrid Boine, Siri Broch Johansen og Siv Rasmussen.

Folkehøgskole mot fornorsking?

Som fortalt i forrige artikkel har det vore tre typer av folkehøgskole i Norge, men til felles har de hatt oppgava med å styrke norsk nasjonal kultur. To skolar har skilt seg meir eller mindre ut, fordi dei har vore heilt eller delvis eigd av organisasjonar med særskilt mål å arbeide blant samar. Korleis har så desse skolane fungert i forhold til den tidligare fornorskingspolitikken og seinare auka interesse for samisk kultur?

Øytun – Misjonane sin skole

I 1914 samla tre misjonsorganisasjonar seg om ein «komite med det maal for øiet at opta kristelig og socialt arbeide i Finmarken». Dei blei snart samde om å reise ein kristen ungdomsskole. Denne blei sett igang i Havøysund frå 1917 og fikk namnet Øytun.

Tidligare sokneprest i Porsanger, Jens Otterbech var eit sentralt medlem av den nemnde komiteen, og han ønska at den nye skolen skulle ha særskilte tilbod til samisk ungdom. Tidligare rektor ved Den samiske folkehøgskolen, Paul Ryan, skildrar det slik: «For Otterbech var det en skuffelse at Øytun ikke fikk anledning til å gi et spesielt tilbud for samisk ungdom. Da det blei forsøkt, satte skoledirektøren en stopper for det». I et referat i styreprotokollen for Øytun ungdomsskole er det gjengitt ei drøfting om oppretting av eigen «særklasse for finner», men denne blei avvist med at «Der blev fremhevet at ved finsk særklasse ved ungdomsskolen der oppe vilde skolebidraget mistes».

Det første året skolen var i drift hadde skolen ein samisk lærar, Hans Baukop frå Porsanger. Han blei seinare lærar i Polmak, og der kom han i klammeri med skoledirektøren fordi han brukte samisk i undervisninga.

Øytun folkehøgskole skoleåret 1919/20
(Foto: Finmarksbiblioteket)

I 1967 blei skolen flytta til Alta, der han har vore sidan. Dei tre organisasjonane som starta skolen er fortsatt eigarar.

Innafor Samemisjonen var det misnøye med at det var lite plass for det samiske i skolen, og i samband med flyttinga til Alta i 1967 var det krefter som ønska at Samemisjonen skulle trekke seg ut av Øytun og heller satse på aktivitetar meir målretta mot den samiske befolkninga. Det blei likevel fleirtal for at Samemisjonen framleis skulle vere med.

På 1970-talet innførte Øytun samisk skinnarbeid som eit aktuelt undervisningsemne. Seinare har skolen lagt om til ein rein friluftslivsprofil, med «samisk kultur og reindrift» som eit valfag.

Da eg i 2001 stilte spørsmål til Samemisjonen om samiske tilbod på Øytun, svara dei ved adm.sekr. Randi Rian Solberg: «I og med at NSM har drevet DSF har Øytun folkehøgskole ikke hatt noe samisk i sitt program. Nå etter at DSF har gått inn har Øytun tenkt og har på sin planlegging en samiskrelatert linje.»

01.03.2002 seier derimot rektor ved Øytun til Min Áigi: «at det ikkje er planar om å sette i gang ei eiga samisk linje ved skolen, men heller styrke den samiske profilen på alle linjer».

Øytun klarte da å få ekstra statsstøtte med argumentet at skolen skulle overta dei oppgåvene som DSF hadde hatt. Dette førte til ei auking av elevplassane, men ikkje til noko meir samisk innhald.

Eigen samisk folkehøgskole

Ideen om ein eigen samisk folkehøgskole blei reist frå fleire hald, både samiske og norske. Vi kan i hovudsak snakke om to miljø, eit innafor samemisjonen, med Jens Otterbech som initiativtakar, eit i Tana, med Per Fokstad i spissen. Det var stor strid om ein i det heile skulle ha ein eigen samisk folkehøgskole, og også om kven som i så fall skulle drive denne.

Den første som reiste saka var trulig Jens Otterbech, allereie i 1911. Da det ikkje lukkast å få samiske tilbod på Øytun, satsa Otterbech og Finnemisjonsforbundet desto meir på utvikling av ein eigen samisk folkehøgskole. Otterbech kjempa for den samiske folkehøgskolen fram til han døde i 1921. Etter hans død var det særlig Jacob Børretzen som kjempa fram saka innafor Samemisjonen.

Noko seinare blei folkehøgskoletanken lansert av Per Fokstad og Tana sámi searvi. Fokstad sende ein plan for ein samisk folkehøgskole til Kirke- og Undervisningsdepartementet i 1923, og tok dette opp igjen i forslaga sine til Den parlamentariske skolekommisjon i 1926. Der foreslo han i tillegg samiske linjer ved dei andre folkehøgskolane i fylket:
Der oprettes parallelle klasser ved de to fylkesskoler i Finnmark og Øytun ungdomsskole. Undervisningssproget skal være samisk undtatt i norsk. Der må tilmåles et større antall timer i norsk for samisk ungdom enn hittil. — Foredrag om samisk kultur og samenes historie. — Sløid og håndarbeide: Samisk husflid. Lærere: samer.
Inntil dette blir gjennemført må der ved hver av de ungdomsskoler straks ansettes en samisk født lærer.

Forslaga til Fokstad blei fullstendig avvist av skolestyresmaktene, og skoledirektør Brygfjeld uttalte: «Kravet om å få oprettet en lappisk folkehøiskole er oprindelig ikke utgått fra lapperne i Finnmark, men fra nordmenn utenfor fylket med lite eller ingen kjendskap til forholdene i distriktet. De mener å kunne kultivere dette lille spredt boende naturfolk og omdanne det til et kulturfolk på basis av dets eget språk. Lapperne har hverken hatt evne eller vilje til å bruke sitt språk som skriftspråk.»

Blant andre som tidlig ivra for ein samisk folkehøgskole var presten i Lyngen, Peter Astrup. Han skreiv i 1922 brev til skoledirektøren og departementet og gikk inn for samisk folkehøgskole i Karasjok. Astrup tenkte seg denne skolen som ein offentlig skole. Han skreiv brev om saka både til skoledirektøren i Finnmark og til ein byråsjef i Kirke- og undervisningsdepartementet. I det siste grunngir han opprettinga av skolen slik:
«Planen vilde være som for de andre ungdomsskoler, men foruten at der blev norskundervisning vilde man mest mulig prøve aa bruke lappisk sprog. Skolens ide aa lære samerne aa elske og værne sin egen rot og av egen rot aa vokse sig frem i kultur og karakter. Den maatte ta sikte paa to ting: 1) aa lette overgangen til norsk kulturliv uten aa bli rotlausinger med en slags norsk tiggerkultur og 2) aa bevare nationalitetsværdierne der hvor de kan bestaa.

Det blei no ein hard diskusjon, blant anna i avisene. Blant dei som engasjerte seg for ein slik skole var sørsamen Daniel Mortensson, redaktør av avisa Waren Sardne.

Eit forsøk frå Samemisjonen på å få overta Øst-Finnmark fylkesskole i Tana blei avvist av fylkestinget i 1935. Fylkestinget rådde samtidig mot at ein folkehøgskole for samar skulle få statsstøtte og uttrykte at samane sjølve ikkje ønska ein eigen skole for samar. No blei det igjen avisdebatt, som viste at sterke krefter gikk mot ein kvar form for tiltak bygd på samisk språk og kultur.

I avisa Finnmarksposten 07.02.1935 er det referert samemisjonens syn, og her er også en usignert kommentar (trulig frå redaksjonen), som vi siterer her:
På første side i dagens nr. har vi en artikkel om samisk ungdomsskole i Finnmark. Generalsekretær Heiervang i Norsk Finnemisjonsselskap uttaler bl.a. at den slik skole «er bent fram noget av en nasjonalopgave», og videre at undervisningen vil foregå på samisk.

Vi skal ved denne anledning ikke drøfte berettigelsen av en sådan skole, men vi vil sette fingeren på ovenciterte uttalelse av generalsekretæren. Det er en nasjonalopgave å starte en ungdomsskole med samisk som undervisningssprog, sier han.

Vi har alltid trodd at det var en nasjonalopgave å lære alle norske borgere å snakke norsk. Etter vår mening har vi mere enn nok av sprogkløving her i landet. Vi har to målfører som er likestillet.

Skal der nu arbeides for at vi får et tredje sprog anerkjent med alle offisielle rettigheter? Vi frykter for at det blir følgen. Og da passer det efter vår mening dårlig å kalle dette en nasjonalopgave.

Tanken kan være velment, men nasjonal er den ikke. Nasjonalitetstanken går ut på et samlet Norge, sproglig og kulturelt. Ikke et splittet og delt.

Den negative holdninga hos fylkesstyresmaktene tente Samemisjonen, og i 1935 vedtok rådsmøte samrøystes: «Rådsmøtet henstiller til hovedstyret å undersøke muligheten av igangsettelse av et kristelig, flyttbart ungdomsskolekurs for samer i Finnmark og sette dette igang snarest mulig – selv om fylkes- eller statsbidrag ikke kan oppnås.» I 1936 kom Den samiske ungdomsskole endelig igang, med Ottar Bondevik som første rektor. Skolen hadde ikkje eigne lokale og krigen sette ein stoppar for byggeplanane.

Elevene måtte være med og frakte ved til skolen. Bildet er trulig tatt i tida 1936-38.
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)

Sjølv om mange ønska seg at Den samiske folkehøgskolen skulle vere eit alternativ til fornorskingspolitikken, var skolen avhengig av statsstøtte, og da nytta det ikkje å utfordre staten for mye. Skoledirektør Lyder Aarseth var ei god støtte for skolen, men samtidig passa han på at skolen heldt seg innafor den statlige skolepolitikken. I 1938 skreiv han etter oppmoding ei helsing til Samemisjonen sitt 50-årsjubileum og da skriv han om DSF: «Denne skole er ingen reaksjon mot fornorskningen, men et middel til å løfte den samiske ungdom op til like rettigheter med all annen ungdom i landet.»

Innafor Samemisjonen har det tydeligvis vore strid både om skolen skulle startast og om kva han skulle vere. Men det har vore vanskelig å finne dokumentasjon på denne striden. I Samemisjonen si eiga historieskriving er det ein sterk tendens til å glatte over interne motsetningar, sjølv om desse til tider har vore sterke. Paul Ryan, som sjølv var rektor ved skolen 1957–77 seier likevel ganske mye når han skildrar skolen slik: «Skolens innhold og program var nok ikke det samme som Otterbech hadde tenkt. Men den var dog en skole ulik alle andre i landet. Om ikke bruken av samisk hadde et samepolitisk sikte, så ble språket brukt både i sang, ved andakter og møter. Dessuten ble det gitt undervisning i horn- og beinsløyd, kuftesøm og bandvev. Skolen hadde så å si bare samiske elever og samisk var naturlig nok det levende talemål.»

Etter krigen blussa debatten opp igjen om kven som skulle drive folkehøgskole for samane. Samordningsnemnda for skoleverket og Finnmark fylkesting gikk inn for at det skulle vere ei statsoppgåve. I vedtak av 28.05.1948 gir nemnda klart uttrykk for skepsis til Samemisjonen si drift av skolen: «Samordningsnemnda for skoleverket meiner at tida no er komen til å reise ein særleg folkehøgskole for samane i Finnmark. Den skolen, som Finnemisjonsselskapet hadde i Karasjok før krigen vart øydelagd i 1944, hadde sine serføremål og kan ikkje stetta dei krav ein må setja til ein høveleg skole for ungdom. Det må bli ein skole reist og kontrollert av statsmaktene i samsvar med reglane for vanlege folkehøgskolar, med fag og timebyteplan som dei. På same tid må han løyse si serlige oppgåve som skole for samisk ungdom.»

Skoledirektør Lyder Aarseth meinte derimot at Samemisjonen framleis skulle drive skolen. Innstillinga hans var avgjørande for at departementet ga godkjenning og støtte til igangsetting. Skolen kom i gang i 1949, og i 1951 kunne ein endelig flytte inn i eigne bygningar.

Den samiske folkehøgskolen: Lærarkoret syng, 1976. 1. rekke frå venstre: Unni Steinfjell, Oddlaug Vågsås, Åse Ryan, Margot Grimstad. 2. rekke frå venstre: Herman Vågsås, Arne Ola Grimstad, Paul Ryan.
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)