Publisert 04.03.2009, oppdatert 07.04.2011
Nedsnødd skole, utmarksskole eller gjenbruk av gammelt skoleutstyr?
Guovdageaidnu 03.03.2009. (Foto: Svein Lund) |
Grunnlaget mitt for å kunne skrive dette er arbeidet med boka Samisk skole eller Norsk Standard? og bokserien Samisk skolehistorie. Eg takkar alle som har bidratt til desse bøkene, dei har og bidratt til å legge grunnlaget for framtidig forsking på samisk skolehistorie. Denne utgreiinga vil uunngåelig bli prega av denne bakgrunnen, og av at eg reknar med å arbeide med dette vidare nokre år framover. Eg har derfor full forståing for det dersom nokon meiner eg er ein smule inhabil til å utgreie dette, så eg kan like godt seie det sjølv.
Takk til alle som har bidratt til dette skrivet med å svare på spørsmål og kome med innspel.
Samandraget viser til dei nummererte kapitla i utgreiinga, slik at ein kan gå dit for å lese meir.
1. Denne utgreiinga er skrive på oppdrag frå Samisk høgskole. Bakgrunnen for arbeidet er prosjektet "Samisk skolehistorie" og kontakten som har vore mellom Samisk skolehistorie og Samisk høgskole om vidareføring av dette arbeidet.
2. Samisk skolehistorie er viktig både i eit historisk / samfunnsmessig og pedagogisk perspektiv.
3. Mål for forskingsprogrammet er å utvikle kunnskap og forståing av skolepolitikken som har vore ført overfor samane, striden om denne og den verknaden den har hatt for einskilde samar og for det samiske samfunnet. Forskinga bør gjelde både makro, mellom og mikro-nivå. Det er satt opp tre problemstillingar som bør vere sentrale i forskingsprogrammet:
- verknader av assimilasjonsprosessen
- skolen sine vilkår for bevaring og revitalisering av samisk språk og kultur
- likskapar og forskjellar i skolepolitikken mellom dei ulike landa
Resultata av forskingsprogrammet bør publiserast etterkvart i bøker, artiklar og på internett, på samisk, nasjonalspråk og internasjonale språk.
Programresultata bør utnyttast i arbeidet med å skape ein betre skole for samiske elevar.
4. Samisk skolehistorie kan inndelast etter tidsperioder / fasar, geografisk / språklig, skoleslag og fag, synsvinklar, vilkår og hjelpemiddel.
5. Ei (ufullstendig) kartlegging av kva som er gjort innafor samisk skolehistorieforsking, prosjektet Samisk skolehistorie og kor ein kan finne kjelder i arkiv, bibliotek og museum.
6. Ei kartlegging av kva relevant forskingsarbeid som er igang eller planlagt, planene til prosjektet Samisk skolehistorie og planer og idear innafor arkiv, bibliotek og museum
7. Ein oversikt over fagområde og institusjonar innafor høgare utdanning og forsking som kan vere aktuelle som deltakarar i eit program for samisk skolehistorieforsking
8. Kva for kompetanse krevjast? Ein oversikt over kompetanseområde som trengst i arbeidet med forskingsprogrammet: Dokumentasjons-, sak-, forskings-, språk- og formidlingskompetanse. Behov for kompetanseheving og korleis denne kan bli del av programmet. Ut frå dette ein oversikt over kor ein kan finne folk med saks- og forskingskompetanse. Kor ein kan finne informasjon om aktuelle forskingsmetodar og teoriar
9. Ein oversikt over moglege finansieringskjelder for forskingsprogram, internasjonalt, på nordisk og nasjonalt plan
10. Korleis kan forskingsprogrammet organiserast og inndelast slik at vi både får ei samordning og stor grad av sjølvstende for einskilde programdelar og prosjekt. Det er foreslått og skildra korleis ein kan dele inn i fem hovuddelar: Dokumentasjonsprosjekt, Arkivsøking, arkivering og digitalisering, Læremiddelhistorie, Forskingsprosjekt etter emne og Heilheitlig kronologisk skolehistorie. For dei einskilde programdelane er det forsøkt å seie noko om publisering, aktuelle deltakarar og finansiering. Deretter er det drøfta korleis ein kan samordne desse og organisere ei samla programleiing.
11. Til sist er det drøfta kva ein vil trenge pengar til, og kva vilkår som vil påverke tidsplan og prioritering.
To lærarar ved Samisk høgskole, Asta Balto og Aimo Aikio, har for ganske lenge sidan skrive korte hefte om samisk skolehistorie, og Anton Hoëm, professor 2 i pedagogikk ved Samisk høgskole, er blant dei som mest har forska på samiske skoleforhold i historisk perspektiv.
Likevel har enno ikkje Samisk høgskole som institusjon gjennomført noko forskingsprosjekt med samisk skolehistorie som hovudtema. Det kan vere mange årsaker til dette, blant dei liten kapasitet og avgrensa historiefaglig kompetanse. Når no høgskolen frå 2008 har tre tilsette med historie på master- eller doktorgradsnivå, er grunnlaget mye bedre enn tidligare.
Til no er resultatet at det er publisert 4 bøker og 22 avisartiklar. På internett er det i tillegg publisert litteraturliste og læremiddelliste, som begge er under stadig oppdatering. Bind 5 skal komme ut hausten 2011 og planen er å utgi 6 bøker om skolehistoria på norsk side.
Under arbeidet med dette har det blitt klart at emnet og oppgåvene er mye større enn det eit par personar kan nå over. Det er viktig å samle forteljingar og dokument, redigere og publisere desse, men det er ikkje nok for å forstå og forklare hovudlinjene i den samiske skolehistoria. Da trengst det meir systematisk arbeid, det trengst eit engasjement frå forskingsinstitusjonar.
Samisk skolehistorie gjeld samar i fire land, men dei bøkene i serien Samisk skolehistorie som er publisert til no gjeld bare historia på norsk side. Det er igang arbeid med å utvide til eit nordisk og all-samisk perspektiv.
I 2004 ønska Samisk høgskole å delta i arbeidet med skolehistoria. Det blei da sendt ein søknad til Norges forskningsråd om finansiering til å fullføre Samisk skolehistorie 2. Ifølge søknaden skulle Nils Øivind Helander vere prosjektleiar og Svein Lund prosjektmedarbeidar. Søknaden blei avvist, bl.a. med argumentet at dette etter forskingsrådet si oppfatning var dokumentasjon, ikkje forsking. Da vi ikkje fikk pengar, blei heller ikkje Samisk høgskole med i dette arbeidet i den omgang. Året etter blei søknaden endra, blant anna blei det skilt mellom dokumentasjons- og forskingsdel og vist samanhengen mellom desse. Men denne gangen ønska ikkje høgskolen å sende søknaden, da det var svært lite pengar i denne utlysinga og ein hadde mange andre søknader.
Da desse søknadene blei skrive var planen for Samisk skolehistorie å gi ut 5 bind, av dei skulle 1.-3. bind vere forteljingar og artiklar, 4. bind gamle dokument og 5. bind kronologisk samisk skolehistorie i Noreg. I 2006 blei planen endra. På eine sida var det klart at ein trengte minst 5 bøker bare til forteljingar, artiklar og dokument. På andre sida såg redaksjonskomiteen at dei ikkje aleine kunne skrive den samla skolehistoriske delen, det måtte gjørast på grunnlag av forskingsarbeid. Derfor blei det prioritert å ta kontakt med forskingsinstitusjonar.
I november 2007 var det eit møte mellom representantar for Samisk skolehistorie (Svein Lund) og Samisk høgskole (Steinar Pedersen, Jelena Porsanger og Nils Øivind Helander). Der blei det blei semje om å planlegge eit forskingsprogram og søke pengar frå Forskingrådet. Likevel skjedde det ikkje så mye meir da, ettersom høgskolen i første omgang måtte prioritere andre forskingsprosjekt.
I februar 2008 arrangerte redaksjonskomiteen for Samisk skolehistorie i lag med Samisk høgskole eit ope seminar i Guovdageaidnu. Der presenterte redaksjonen arbeidet som var gjort og tankar om arbeidet vidare. Anton Hoëm la fram eigne røynsler med skoleforsking og representantar frå Tana fortalte om ideen om skolemuseum og dokumentasjonssenter i internatet i Vestertana.
Hausten 2008 var det igjen eit par møte mellom rektor og redaktør og ut frå det ba høgskolen underteikna om å lage denne utgreiinga. Etter at denne blei levert høgskolen har det ikkje skjedd så mye. På eine sida har Samisk høgskole hatt liten kapasitet til å sette igang nye større forskingsprosjekt ved sida av dei store prosjekta Ealát og Árbediehtu, og det har vore vanskelig å finne folk med kompetanse på dr.grads nivå til å leie det. På andre sida har underteikna hatt nok av arbeid med andre sider ved skolehistorieprosjektet, samt oppdrag for Samisk høgskole.
Det er dei norske, svenske, finske og russiske statane som har sett igang og gjennomført opplæring for samar, som har gitt samiske barn og ungdommar den kunnskapen og dei haldningane som dei etter styresmaktene sitt syn hadde behov for i samfunnet, eller som styresmaktene hadde interesse av at samane hadde. Men statane har aldri sjølve gjort noka evaluering av resultata av denne prosessen og heller ikkje engasjert forskarar for å gjøre ei slik evaluering.
Samane er eitt folk i fire land og samane sine skolerøynsler i eitt av landa er del av det samiske folket sine felles røynsler. Samisk historie i kvart av landa er ein del av den samla samiske historia. Derfor bør samisk skolehistorie, som ein sentral del av den samiske historia, skrivast som ei all-samisk historie.
Samisk skolehistorie er ein viktig del av skolehistoria i Noreg, Sverige, Finland og Russland, da denne viser at minoriteten i stor grad har fått opplæring under heilt andre vilkår enn det majoriteten har fått.
Skolerøynsler og utdanning som samar har fått, eller ikkje har fått, har forma livet deira, stillinga deira i arbeidslivet og identitetsutviklinga deira. Dette har påverka både det samiske samfunnet og forholdet mellom samane og majoritetsbefolkninga. Ein grundig dokumentasjon av denne historia og av verknadene av skolepolitikken er avgjørande i forhold til å avgjøre kva tiltak som bør gjørast for å reparere skadane, i den grad det er mogleg, og avgjøre i kva grad det bør bli gitt erstatning for den behandlinga elevar har fått i skole og internat.
Skolepolitikk og skolerøynsler er sentralt for å forstå samane si stilling i storsamfunnet. Korleis skolen har behandla samiske spørsmål har påverka og påverkar enno både storsamfunnet og ikkje-samane sitt syn på samar og samiske spørsmål og samar sitt syn på seg sjølve. Forståing og tolking av skolehistoria er også eit viktig grunnlag for dagens diskusjon om samiske rettar. Det blir argumentert med forskjellige oppfatningar av fornorskingshistoria, og diskusjonen er full av påstandar som ikkje har vitskapelig grunnlag.
Skolen har og generelt hatt stor betydning i samfunnsutviklinga og bygging og bevaring av lokalsamfunn.
Dette kapitlet tar opp dei generelle måla for eit forskingsprogram, for å gi ei retning for arbeidet. Meir konkretisering av måla kjem seinare i skrivet, særlig i kapittel 11.
Desse kunnskaps- og forståingsmåla vil vere vanskelig å måle direkte. Indikatorar på at måla er oppnådd vil derfor vere publisert materiale, formell kompetanseutvikling og i kva grad samisk skolehistorie blir undervisningsemne i skoleverket på alle plan.
Publiseringa skal omfatte både personlige opplevingar, lokal historie, samla samandrag og konklusjonar, samt kjelder for vidare arbeid.
Forskingsprogrammet skal legge grunnlag for å publisere eit generelt samisk skolehistorieverk, som omfattar alle dei fire landa og samanliknar samane sine skolerøynsler i desse fire landa. Dette verket bør vere det fremste konkrete målet for forskingsprogrammet.
Vilkår for å skrive ei slik historie er at det finst god dokumentasjon frå kvart land og område. I den grad det manglar, skal det vere del av forskingsprogrammet å samle, redigere og utgi slik dokumentasjon.
Hovudpubliseringsmåtane bør vere som bøker, på internett og som artiklar, men ein kan og vurdere andre publiseringsmåtar, som f.eks. film, utstillingar, mm.
Resultat av forskingsprogrammet bør presenterast på seminar og konferansar, og tilbydast som kurs for lærarar og gjesteførelesingar i høgskolar og vidaregåande skolar.
Det bør vere eit mål at resultat av forskinga etter kvart blir innarbeida i lærebøker og undervisning i skoleverket på alle nivå og innafor forskjellige fag.
Likevel vil eg spørre: Skal dette forskingsprogrammet lage konkrete forslag til kva som bør endrast og korleis? Etter mi meining nei. For det første vil utvalget av forskarar som vil arbeide med dette bli gjort ut frå andre kriterier enn dersom styresmaktene og/eller samiske organ skulle sette ned eit utval for å vurdere skolepolitikken. For det andre er forskingsprogrammet eit arbeid over mange år. Diskusjonane om korleis betre skoletilbodet kan ikkje vente til heile programmet er avslutta og forskarane har samla seg om ein konklusjon om kva som bør gjørast. Derimot bør forskingsresultata offentliggjørast undervegs etter kvart, slik at dei kan komme til nytte i den stadig løpande debatten om samisk opplæring.
I dette arbeidet har eg vist til fleire relevante forskingsprogram som meir eller mindre gjeld samiske forhold, og som er aktuelt å samanlikne med. Tre av dei har veldig gode og korte namn; Fávllis, Sarvvis og Ealát, og prosjektpresentasjonen startar med å forklare ordet og kvifor det er vald. Dette er eksempel til etterfølging. Som eit negativt eksempel vil eg derimot nemne "Globaliseringsprogrammet", som etter mitt syn er lite eigna som namn på eit forskingsprogram.
Ut frå dette har eg forsøkt å finne eit namn som har med skolegangen for samar å gjøre. Namnet bør vere på samisk, det bør dekke emnet, og det bør helst vere eit opprinnelig samisk ord, ikkje eit låneord som "skuvla", "távval" eller "peanna". Det bør vere dekkjande for heile programmet og for forskjellige tidsepoker. Eg har da funne eit ord som eg syns eignar seg som programnamn: Čujonas. Det er nordsamisk for peikestokk, og er ei avleiing av čujuhit = å syne/vise. Peikestokken er ein reiskap som vel har vore i alle skolar til alle tider. Han var meint først og fremst som ein reiskap i undervisninga, med han skulle læraren, eller eleven som blei hørt på tavla, vise kva ein snakka om, f.eks. på kart eller på tavla. Men peikestokken blei og ofte brukt som eit middel til straff, og det er mange historier om elevar som har fått slått peikestokken over fingrane, blant anna fordi dei snakka eit forbode språk. Slik symboliserer peikestokken dei to sidene ved skolen for samiske elevar: opplæring og undertrykking.
Eg foreslår derfor at programmet heiter: Čujonas - Sámi skuvlahistorjádutkanprográmma / samisk skolehistorieforskingsprogram.
Det er få kjelder som har vore lett tilgjengelig. Det er gjort svært lite med all-samisk perspektiv. Det næraste er to små hefter med samanfatting av samisk skolehistorie (Asta Balto 1995, Aimo Aikio 1999).
Det er gitt ut tre relativt små bøker om norsk-samisk skolehistorie generelt, samt to enno mindre i Sverige. For Finland synest det ikkje å vere noko tilsvarande, eg har enno ikkje oversikt for Russland. Det er ikkje skreve noko samanlikning mellom skolepolitikken overfor samane i dei fire landa i lengre historisk perspektiv, men det er skrive ei bok som samanliknar samane sin skolesituasjon i Finland, Sverige og Noreg i nyare tid (Ulla Aikio-Puoskari 2001). Det er skrive nokre vitskapelige avhandlingar som behandlar avgrensa delar av denne historia.
Det er ikkje tidligare gjort noko samla bibliografisk arbeid på dette feltet, og derfor har det vore vanskelig å finne ut kva som er skrive.
Generell litteratur om landet si skolehistorie
Nokre bøker om generell norsk skolehistorie fortel og om samiske skoleforhold spesielt, da gjerne særlig om misjonen, fornorskinga og prosessen da samisk igjen kom inn i skolen. (Liv Kari Tønnesen 1995, Tove Baune 1995/2007, Gro Hagemann 1992). Andre skolehistoriske bøker har svært lite eller ingenting om samiske forhold. Forfattarar som har behandla samiske forhold har i svært liten grad sjølve forska på disse spørsmåla.
Generell litteratur om landet si samiske skolehistorie
Det er utgitt tre bøker som har landsomfattande samisk skolehistorie som hovudemne og som omfattar heile perioden frå byrjinga av 1700-talet til slutten av 1900-talet (Eivind Bråstad Jensen 1991 og 2005, Svein Lund 2003).
Misjonsfasen
Denne tida er behandla i mange skrifter, bl.a. av Baard Tvete 1955 og Anton Hoëm 2007.
Assimilasjonsfasen
Det er skrive nokre bøker og hovudfagsoppgåver som særlig behandlar fornorskinga. Desse bøkene tar særlig opp forholda før 1940: (Baard Tvete 1955, Helge Dahl 1957, Anton Hoëm / Arild Tjeldvoll 1980, Regnor Jernsletten 1986, Bjørg Larsson 1989, Bente Martinussen 2004)
Frå 1960-talet er det forska på opplæringsvilkåra for samiske elevar i samtida og nær fortid, særlig Anton Hoëm (1971, 1976), som viser forholda i dei siste tiåra av fornorskingsperioden.
Bevarings- og revitaliseringsfasen
Nokre bøker tar opp vilkåra for skoleutvikling i tida etter at fornorskingspolitikken offisielt er avskaffa (Asle Høgmo 1989, Einar Bergland 1999).
Det er og skrive mye om skolereformene på 1990-talet (NSI 2000, Arild Røkeland 2000, Sissel Movik 2000, Lone Hegg 2000, Vuokko Hirvonen 2003, Svein Lund 2003).
Særskilte skolar eller skoleslag
Om dei samiske vidaregåande skolane er det skreve i skolane sine jubileumsskrift. (Kárášjohka 1994, Guovdageaidnu 2002).
Om historia til samiske barnehagar finst det eitt hovudfagsarbeid og eitt doktorgradsarbeid (Marianne Storjord 2000, 2008).
Frå sørsamisk område finst det tre arbeid som ser opplæringa i eit historisk perspektiv. (Bjørn Devik 1980, Berit Uhre 1984, Leif Elsvatn 2001).
Om Nesseby skolehistorie er det skrive ei stor bok, som og fortel mye om generell skolehistorie, særlig frå eldre tid. (Anton Hoëm 2007)
Generell litteratur om landet si skolehistorie
Det fins eit fleirtal verk om svensk utdanningshistorie, både med kortare og lengre tidsperspektiv. (bl. a. G. Richardson 2004, P.-J. Ødman 2006) Desse har minimalt eller ingenting om samiske forhold. Om eldre tid kan ein finne noko i verket Svenska folkskolans historia, som kom i 5 bind i tida 1940-50.
Generell litteratur om landet si samiske skolehistorie
Det er skrive to små hefte eller bøker om svensk samisk skolehistorie: (Carl-Henry Johansson 1986, Henning Johansson,1977).
Misjonsfasen
I Sverige er det skrive ganske mye om eldre samisk skolehistorie. Umeå universitet har utgitt mange skrifter i serien Scriptum, om forskjellige skolar og tidsperiodar (bl.a. av Sölve Anderzén, Sten Henrysson, Carl-Henry Johansson og Daniel Lindmark).
Assimilasjonsfasen
Sten Henrysson (1992, 1993) har skrive analyser av nomadskolereformene i denne perioden.
Ellacarin Blind har samla ein del materiale frå nomadskolar, men dette er enno i liten grad publisert. Det er skrive mest om nomadskolar / sameskolar, ikkje om samar som har gått i vanlig svensk skole.
Bevarings- og revitaliseringsfasen
Det er ikkje skrive noko oversiktsverk over stoda i svensk samisk skole etter at nomadskolane blei omdanna til sameskolar og samisk igjen blei undervisningsemne og delvis undervisningsspråk.
Noko kan vere å finne i Elisabeth Utsi Gaup 2006 og Asta Balto 2007.
Om særskilte skolar eller skoleslag
Det er skrive ganske mange artiklar om Samernas folkhögskola/utbildningscentrum og ei bok om skolens rektor 1947-72 (Nordrå/Olsson 2004).
Dei fleste som har skrive om skolestoda for svenske samar er svenske forskarar. Samar har sjølv skrive nokså lite, det er nokre som har skrive artiklar, bl.a. Israel Ruong, Nils-Eric Spiik, Mikael Svonni og Lars Thomasson. Nokre samar har fortalt om eigne røynsler som elev eller lærar. (bl.a. Sigrid Rutfjäll 1969, Daniel Lindmark 1990, Per Idivuoma 1990)
Generell litteratur om landet si skolehistorie
Det finst ein del bøker om generell finsk skolehistorie. Desse inneheld minimalt om samiske forhold. Ein del av desse bøkene er omtalt i Minna Rasmus: Bággu vuolgit, bággu birget, og står i litteraturlista der. Også bøker om Lappi lens skolehistorie har lite om samenes utdanning, dette gjelder f.eks.:
Juhani Lassila: Lapin koulutushistoria, kirkollinen alkuopetus, kansa-, perus- ja oppikoulut
osat 1-2. Oulu 2001
Juhani Lassila: Lapin koulutus 1630-2001. Oulu 2005
Generell litteratur om landet si samiske skolehistorie
Saamelaiskulttuuritoimikunnan mietinto 1985, 66. Helsinki 1987
Esko Korkeakoski (red): Saamelaisten koulutuksen tila peruskoulussa ja lukiossa.
Opetushallitus 1997.
Riikkabeivviid cuvgehuslávdegoddi sámiid skuvlenáššiidrádi guossis : raporta = Eduskunnan sivistysvaliokunta saamelaisten...Raportti 1993.
Misjonsfasen
Ritva Kylli: Kirkon ja saamelaisten kohtaaminen Utsjoella ja Inarissa 1742-1886. Nákkosbargu
Oulu 2005.
Bill Widen: Kristendomsundervisning och nomadliv. Åbo Akademi 1964
Bill Widen: Kateketinstitutionen i Finland och Sveriges Lappmarker 1744-1820 (1964)
Assimileringsfasen
Frå internattida er det skrive heile 5 hovudoppgåver (Pro gradu). 4 av dei er skrive på finsk, bare ei på samisk. Her er to av dei:
Sini Valle: Hän ja asuntola. Viiden saamelaisen kokemuksia asuntolasta. Lapin yliopisto 1998
Minna Rasmus. Baggu vuolgit, baggu birget. Oulu 2006
Bevarings- og revitaliseringsfasen
Ulla Aikio-Puoskari har skrive mye om skoleutviklinga i seinare år, både på finsk, samisk og engelsk.
Særskilte skolar eller skoleslag
Ohcejoga girkostobut (Ohcejohka 2004)
Inarin historia jääkaudesta nykypäivään. Inari 2003
Riitta Jouhki-Junttila: Saamelaisen kristillisen kansanopiston perustaminen ja toiminta Inarissa. 1983.
Juhani Liukkonen: Katekeettakoulu Suur-Sodankylässä 1837-1950. Oulu 1993
Det er igang arbeid med å skrive historia til Sámi oahpahusguovddáš i Enare.
Generell litteratur om landet si skolehistorie:
Generell litteratur om landet si samiske skolehistorie:
Særskilte tidsperiodar:
Særskilte skolar eller skoleslag:
(Har ikkje fått undersøkt, treng hjelp til dette.)
Sverige
Riksarkivet (bl. a. Ecklesiastikdepartmentet, Skolöverstyrelsen)
Landsarkivet i Härnösand (Nomadskolinspektörens arkiv, lappfogdarnas arkiv)
Landsarkivet i Østersund (Lappfogdens arkiv)
Folkrörelsearkivet i Umeå (Erik Bergströms personarkiv)
Ája – Arkiv och Bibliotek (Ájttes bibliotek og Sametingets bibliotek er no samlokalisert.)
Sverige
Ája – Arkiv och Bibliotek
Finland
Universitetsbiblioteka i Rovaniemi og Oulu
Høgskolen i Vestfold:
- Norsk lærebokhistorie.
Her er enno ikkje gjort så mye om samisk lærebokhistorie, men dei seier at i prinsippet skal det vere med. I den neste boka deira (planlagt 2009) skal det komme ein artikkel om samiske lærebøker.
I samband med bygginga av vitskapsbygget i Guovdageaidnu har Samisk arkiv fått ei kraftig utbygging både i areal og bemanning. Dette kan legge grunnlaget for at meir samisk skolehistorie blir tilgjengelig her.
Eg kjenner ikkje til andre aktivitetar som er på gang for å styrke formidling av samisk skolehistorie i arkiv, bibliotek eller museum.
I første rekke gjeld skolehistoria faga pedagogikk og historie, og ein bør legge vekt på å få med folk med utdanning i desse faga, men også fag som samisk, sosialantropologi, urfolkskunnskap og andre samfunnsfag. Når det gjeld psykologiske og samfunnsmessige verknader av assimilasjonspolitikken og internata, kan dette og vere forskingsfelt for folk med både samfunnsfaglig og helsefaglig utdanning.
Likevel er Samisk høgskole ein liten høgskole og emnet er stort. Derfor bør også andre forskingsinstitusjonar delta i dette arbeidet. Det er viktig å få med folk som kjenner skoleforholda i dei forskjellige landa. Derfor bør det delta minst eit forskingsmiljø i kvart land.
I Noreg bør i tillegg til Samisk høgskole også delta eit universitet, som har eit større forskingsmiljø. Her skil Universitetet i Tromsø seg klart ut som mest aktuelt. Der er Senter for samiske studier og der er både pedagogar, historikarar og andre fagfolk som har arbeida med samiske spørsmål.
I samband med etableringa av Samisk lærerutdanningsregion og eige forskingssamarbeid innafor dette, kan det vere aktuelt å trekke inn skolehistorieforsking her. Det omfattar da SH, UIT, UIN, HINT og HIFM. Det er også fleire forskingsinstitusjonar i Noreg der det kan vere einskildpersonar som kan delta, bl.a. Høgskolen i Nesna samt NTNU i Trondheim.
Dei mest aktuelle institusjonane i andre land synest å vere Umeå universitet, Oulu universitet og Murmansk pedagogiske universitet. Ved alle desse universiteta er det interesse for å delta i arbeidet med samisk skolehistorie. Det kan vere aktuelt å inkludere forskarar frå andre institusjonar i desse landa, som universiteta i Luleå og Rovaniemi.
Samisk skolehistorieforsking er viktig både for det samiske samfunnet og for skoleverket i kvart land. Derfor bør dette arbeidet vere eit samarbeid med sametinga og andre samiske institusjonar og med skolestyresmaktene i alle dei fire landa.
Vi kan grovt dele inn kompetansebehovet i dokumentasjonskompetanse. sakkompetanse, forskingskompetanse, formidlingskompetanse og språkkompetanse.
Minst ein av deltakarane må ha doktorgrad, helst ein ved kvar deltakande institusjon. Elles trengs det folk som har hovudfag/mastergrad eller studerer på eit slikt nivå.
Skriftlige kjelder er vanligvis på riksspråket, til ein viss grad på nordsamisk, svært lite på anna samisk. Nokre kjelder er skrive på engelsk, kanskje og på tysk, eldre norske kjelder på dansk, dels med innslag av latin. Når ein intervjuar folk er det ein fordel om dei får snakke sitt eige morsmål og at forteljinga også blir skrive ned på dette språket.
Alle resultata av dokumentasjons- og forskingsarbeidet bør publiserast på samisk og minst eitt riksspråk. For lokalt stoff bør ein normalt bruke den næraste samiske hovuddialekten som har ei skriftlig norm. Stoff som gjeld fleire land bør vere tilgjengelig på dei respektive riksspråka. I alle fall ein del av arbeidet bør publiserast på språk som også folk i andre land kan lese, f.eks. engelsk og/eller spansk.
Til no har ein i arbeidet med Samisk skolehistorie forholdt seg til 7 skriftspråk, og ved ei utviding til dei andre landa vil det bli minst 6 språk til.
Leiinga for forskingsprogrammet må derfor ha ein språkstrategi, legge vekt på språkkunnskap i rekruttering av medarbeidarar og i tillegg knytte til seg folk som kan gjøre omsetjingsarbeid.
Ei kjerne i forskingsprosjektet bør likevel vere folk med høgare utdanning innafor pedagogikk, historie, samfunnsfag og/eller samisk språk. Eg har forsøkt å orientere meg om personar med slik kompetanse, som samtidig kan forventast å ha god kjennskap til samiske forhold. Så langt har eg funne omlag 60 slike, men det finst sikkert fleire. I denne omgang vil eg ikkje foreslå konkrete personar ved namn, da ein bør først samlast om prinsippa for forskingsprogrammet før ein søker etter medarbeidarar.
Her er ei samanfatting delt inn etter institusjon, fag og utdanningsnivå:
Etter institusjon:
Samisk høgskole: 18, Universitetet i Tromsø: 16, Høgskolen i Finnmark: 3, NIBR: 1, Finnut: 1, Árran: 1, Umeå universitet: 4, Oulu universitet: 8, Murmansk ped. univ.: 3. Utanom forskingsinstitusjonar: 8
Etter fag:
Pedagogikk: 21, Historie: 15, Samisk: 10, Andre fag: 17
Etter utdanning:
Doktorgrad/lisensiat: 25, doktorgradsstipendiat: 13, hovudfag/master/fil.mag.: 25
(Desse tala er skrive i 2008 og ikkje oppdatert. Den viktigaste endringa er at fleire av stipendiatane har blitt ferdig med doktorgraden, slik at det er fleire kandidatar som kan vere prosjektleiar.) I kapittel 11 forsøker eg å fordele kompetansebehovet på dei forskjellige programdelane.
Teoriar som kan vere nyttig for denne forskinga kan ein og finne frå mange kjelder, innafor fag som historie, pedagogikk, psykologi, antropologi og andre samfunnsfag.
Det er spesielt verdt å studere teorikapitla i bøker og avhandlingar som analyserer samiske skoleforhold (Bl.a. Anton Hoëm 2007, Minna Rasmus 2008)
Det kan og vere nyttig å studere internasjonal litteratur innafor tospråkligheits- og skoleforsking. (Bl.a. Tove Skutnabb-Kangas sine bøker og bøker på litteraturlista hennar.
Sidan samar er eitt folk i fire land, er samane sine skolerøynsler i eit land del av heile det samiske folket sine røynsler. Samisk historie i kvart land er del av den samiske historia og det gjeld og for skolehistoria. Alle samar bør få opplysning om kva som har skjedd med samane i dei andre landa. Derfor bør samisk skolehistorie skrivast som ei all-samisk historie. Derfor igjen skulle det etter retten vore ein institusjon som hadde ansvar for å løyve pengar til felles samisk skolehistorieforsking, slik at utvikling og resultat ikkje ville vere avhengig av løyvingar eller manglande løyvingar i kvart land. Men det synest ikkje å vere nokon slik institusjon i dag.
Kva er da neste alternativ? Det må vere å sette igang eit felles program, som kan søke pengar frå både nasjonale og internasjonale kjelder, og fordele desse mellom dei forskjellige delane av programmet etter behov. Noko av pengane kan sjølvsagt vere bunde til delprosjekt eller arbeid innafor eit bestemt land, men det er viktig at ein også søker om frie middel som ein kan bruke til å hjelpe dersom ein for forskinga i eitt land ikkje får tilstrekkelig finansiering frå nasjonale kjelder.
Programmet for samisk skolehistorieforsking som er foreslått her synest å passe godt inn i målsetjinga for forskingsrådet sitt samiske program:
"Programmet sitt hovudmål er å få igang og motivere forsking som kan gi ny forståing og nye perspektiv, og motivere til tverrfaglig og fleirinstitusjonelt samarbeid i samisk forsking. Programmet skal ta omsyn til og utvikle fagområde, forskingsfelt og -miljø som i nokon grad har dårligare forskingsskikkar enn dei tradisjonelle og etablerte. Samtidig skal programmet hjelpe til å bygge kunnskapsgrunnlag som kan vere til nytte for samiske og norske styresmakter."[5]
Desse emna er prioritert for perioden 2007-2017;
Språk, tradisjonell kunnskap, muntlige tradisjoner og litteratur
Kulturuttrykk
Demografi og befolkningsutvikling
Levekår og livskvalitet
Barn og ungdom – oppvekstvilkår og selvartikulering
Den moderne samiske samfunnsbyggingen
Ressurser og rettsforhold
Det bør vere god løpande kontakt mellom forskjellige delar av programmet, slik at informasjon som blir funne av ein programdeltakar også kan utnyttast av andre.
Ei slik inndeling og samordning kan gjørast på fleire måtar. Ein kan ta utgangspunkt i dei viktigaste problemstillingane eller dele etter geografi, tidsperiode, skoleslag eller emne (sjå kap. 4.) Før ein endelig avgjør ein modell bør ein studere røynsler frå relevante program, som f. eks. Fávllis[6], Sarvvis[7] og Ealát[8]. Eit eksempel på ei inndeling for at dei einskilde prosjekta skal dekke ein overordna heilskap finn vi i forskingsprogrammet Ealát (http://arcticportal.org/en/icr/ealat/work-packages).
For skolehistorieforskinga er lista over potensielle forskingsområde og emne langt større enn ein når over. Utvalget av emne/prosjekt bør dels avgjørast i starten ved at ein prioriterer visse problemstillingar og set mål for publikasjonar, dels undervegs ut frå kva materiale som er tilgjengelig, kva aktuelle forskarar interesserer seg for og har bakgrunn for å jobbe med, og kva som lar seg lettast finansiere. Det er derfor ikkje mogleg i ei slik utgreiing å foreslå ei fullstendig inndeling i prosjekt.
Eg foreslår at det er ein hovudinstitusjon (Sámi allaskuvla, evt. UIT), som har faglig leiar og koordinator (daglig leiar). Det bør vere felles programstyre, der alle dei samarbeidande forskingsinstitusjonane og evt. andre institusjonar er med.
# Čujonas - Muitu
Innsamling av minne, dokument, foto og artiklar og publisering av bøker av typen Samisk skolehistorie.
# Čujonas - Vuorká
Arkivsøkings- og arkiveringsarbeid, digitalisering.
# Čujonas - Áppes
Samisk læremiddelhistorie.
# Čujonas - Čuolbma
Forskingsprosjekt etter problemstillingar / emne, derunder master- og doktorgradsarbeid
# Čujonas - Divdna
Heilskapelig kronologisk skolehistorie
Det bør vere eit direkte samarbeid både mellom dei som arbeider med samme programdel i dei forskjellige landa og mellom dei som driv med forskjellige programdelar i samme landet.
Denne tabellen viser dei ulike delane av programmet:
Čujonas | Muitu | Vuorká | Áppes | Čuolbma | Divdna | |
Noreg | ||||||
Sverige | ||||||
Finland | ||||||
Russland |
Tabellen viser at dei som f.eks. arbeider med arkiv i Finland samarbeider på eine sida med dei som arbeider med arkiv i dei andre landa, på andre sida med dei som arbeider med andre programdeler i Finland.
I prinsippet kan kvar av dei 20 delane starte til forskjellig tid. Sjølv om det er ein fordel om dei går mye parallelt, skal ein kunne starte arbeidet i kva som helst av rutene utan å trenge å vente på dei andre. På samme vis vil dei forskjellige delane kunne bli avslutta til forskjellig tid.
Publisering av materiale frå programmet bør komme etter kvart og ikkje vente til alt er avslutta. Dei viktigaste publiseringsformene i prioritert rekkefølge:
Bøker
Programleiinga bør vurdere om ein skal ha ein felles mal for bøker utgitt under programmet, og om ein skal gjøre felles avtale med eitt eller fleire forlag. Forøvrig bør redigering og publisering av bøker bør vere ansvaret til den einskilde programdel, og er behandla under desse nedafor.
Internett
Frå starten av programmet bør det leggast ut informasjon om mål for programmet, deltakarar og deira prosjekt, litteraturliste og etter kvart resultat. Det bør vere ein sentral nettstad for heile programmet, men det bør organiserast slik at fleire kan legge ut materiale direkte. Dette kan enten knyttast til hovudinstitusjonen, som heilt sjølvstendig nettstad eller som ei utviding av Samisk skolehistorie si side http://skuvla.info.
Artiklar i aviser og tidsskrift
Artiklar undervegs er viktige både for kontakten med eit internasjonalt forskingsmiljø, og for kontakt med eit allment publikum, særlig i samiske miljø og i nasjonale skolemiljø. Det bør derfor planmessig arbeidast med å få artiklar i samiske aviser, lokalaviser, riksaviser, skoleblad og forskingstidsskrift.
For kvart av landa bør det vere ei arbeidsgruppe/redaksjonskomite som har ansvaret for dette. Det bør vere ein ansvarlig for samordning mellom dokumentasjonsprosjekta. Det kan diskuterast om dette kan vere den samme som koordinator for heile forskingsprogrammet, eller om dette med fordel kan delast opp. Vedkomande kan uansett med fordel vere med i programstyret. I januar/februar 2010 blei det oppretta redaksjonskomitear for Finland og Sverige, med 4 personar i kvar. Det er og avklara kva institusjonar som vil vere ansvarlige for økonomi og administrasjon og at forlaget Davvi Girji ønsker å gi ut alle bøkene. Det har gått nokså seint med arbeidet fordi det manglar pengar. Det er enno ikkje oppretta redaksjon for Russland.
Publisering:
- Bøker, á ca. 600000 teikn pr. språk + ca.150 bilde: Noreg (5-6)[9], Sverige 2-3, Finland 2, Russland 1
- Internett: Innhaldet i bøkene + evt. materiale direkte i tilknyting til artiklane der.
- Artiklar: aviser og tidsskrift.
Deltakarar:
- Redaksjonskomite på 3-4 personar for kvart land + koordinator (kan vere med i ein eller fleire av redaksjonane)
Kvalifikasjonar: God kjennskap til skolesystem, historie og geografi i landet. Evne til å formulere seg godt på samisk og/eller riksspråket. Utdanning: f.eks. lærar, journalist, samfunnsvitar. Minst ein i kvar redaksjon bør normalt ha hovudfag eller tilsvarande. Av omsyn til kommunikasjonen i programmet som heilskap bør minst ein i kvar redaksjon kunne nordsamisk. I dei tre redaksjonane som er starta kan alle nordsamisk.
- Omsetjarar og korrekturlesarar. Dei kan vere interne i prosjektet eller leigast inn etter behov, men bør i tillegg til gode språkkunnskapar også ha god kjennskap til emnet. (I arbeidet med Samisk skolehistorie har vi funne svært mye omsetjingsfeil som skuldast at omsetjaren ikkje kjenner saka godt nok.)
Samarbeidspartnarar:
Forlag (Davvi Girji, evt. andre)
Bygge opp eit samisk skolemuseum og dokumentasjonssenter, som bl.a. tar vare på alt materiale som er samla inn under i løpet av forskingsprogrammet, som papirkopiar og/eller digitale kopiar.
Når det gjeld idear for skolemuseum/dokumentasjonssenter, viser eg til Ragnhild Sandøy si utgreiing om dette for Tana kommune (2007), til oversikten min over skolemuseum (http://skuvla.info/ssh-abm-n.htm) og til brevet mitt til Tana kommune av 04.01.2011 (http://skuvla.info/skole/tanamuseum040111.htm).
Publisering:
Internett: Litteraturliste, læremiddelliste, oversikt over arkiv. Skanna dokument (samordnast med Muitu)
Deltakarar:
2-3 i kvart land
Kvalifikasjonar: Arkivkunnskap, språkkunnskap, datakunnskap (skanning, html)
Samarbeidspartnarar:
Arkivverket
ABM-utvikling
Tana kommune / Deanodat siida
Dette er langt på veg tenkt som ein parallell til forskingsprosjektet Norsk lærebokhistorie (Høgskolen i Vestfold). Dette inneheld no i første fase både bibliografisk arbeid / digitalisering, større og mindre forskingsprosjekt, og i neste faste er det planlagt ei samla lærebokhistorie. Eg viser til orientering om prosjektet på http://old.hive.no/adm/fou/larebokhistorie/ og mi innleiing på Norsk lærebokhistorie sin konferanse i Tønsberg hausten 2008: http://sveinlund.info/skole/lerebokhist.htm.
Denne programdelen vil ha element som kunne også passe inn under alle dei andre delane, men den er her foreslått skild ut, med tanke på å få ei heilskapelig samisk læremiddelhistorie og på å få til eit samarbeid med Norsk læremiddelhistorie både faglig og finansielt.
Publisering:
1 bok. For tidlig å avgjøre fordeling mellom kortare artiklar og samanhengande historieframstilling
Internett: Digitalisering av lærebøker og anna materiale.
Deltakarar:
5 personar, 2 frå Noreg, 1 frå kvart av dei andre landa. Blant dei folk som er/har vore tilsette ved institusjonar for læremiddelutvikling og folk som har studert og/eller undervist i læremiddelpedagogikk.
Det er også aktuelt å gjennomføre dette som et forskingsprosjekt i første rekke innafor Samisk høgskole. Det kan evt. skilles ut som eget underprosjekt, som man søker egen finansiering for frå Norges Forskningsråd. I såfall må ein ha ein prosjektleiar med doktorgrad. Sidan Samisk høgskole har tilsette frå alle 4 landa, kan desse i stor grad utnyttast i dette prosjektet, men det kan og vere nødvendig å knytte til seg forskarar/forfattarar utanom høgskolen.
Samarbeidspartnarar:
- Norsk lærebokhistorie, Høgskolen i Vestfold
- Nasjonalbiblioteket
- Sametingets opplæringsavdeling i Noreg og Finland, Sameskolstyrelsen
- Forlag
Mange av desse forskingsprosjekta vil kunne bygge vidare på det materialet som er samla inn av arkiv- og dokumentasjonsprosjekta, men forskarane må rekne med å måtte samle inn meir materiale i tillegg.
Dette kan vere mastergrads- eller doktorgradsoppgåver, eller det kan vere kortare arbeid innafor eit mindre område. Resultata av desse kan da publiserast i utdrag/samandrag i antologiar, slik som f.eks. bøkene frå globaliseringsprosjektet: http://www.sami.uit.no/globalisering/index.html
Her følger nokre aktuelle problemstillingar for slike prosjekt. (Denne lista kan utvidast kraftig.)
Publisering:
1-2 bøker, antologi med samanfatting av forskingsresultat. Det kan og vere aktuelt å utgi einskilde doktorgrads- og mastergradsoppgåver i sin heilskap, som delar av antologi eller som eigne bøker.
Deltakarar:
1 forskingsleiar / redaktør
X doktorgradsstipendiatar
Y mastergradsstipendiatar
Z interne og eksterne forskarar på avgrensa tid for bestemte emne.
Samarbeidspartnarar / finansieringskjelder:
NFR
Deltakarar
Ein prosjektleiar/redaktør med ein hovudsamarbeidspartnar i kvart av dei andre landa.
Kompetanse
Prosjektleiar og helst også nokre av medarbeidarane bør ha doktorgrad i pedagogikk eller historie eller tilsvarande.
Publisering
1 bok, ca. 600000 teikn + illustrasjonar. Parallellutgåver på nordsamisk og riksspråka, samt engelsk (Nokre språk evt. bare på internett)
Det bør vere eit felles programstyre der det deltar representantar for dei samarbeidande forskingsinstitusjonane, evt. også andre institusjonar. Folk som arbeider med kvar av hovuddelane av programmet bør og vere representerte i styret.
Eg vil bare slå fast at det er behov for eit stort program, som vil vare lenge og kreve ein del pengar. Eg kan bare anslå at dersom ein skal gjennomføre mesteparten av det som er nemnd og oppnå hovudmåla, så vil det krevje omlag eit tiår, og til saman i dei fire landa i alle fall eit titals millionar kroner.
Her vil rekkefølgen i arbeidet bli noko forskjellig i dei forskjellige land. I Noreg har dokumentasjonsarbeidet kome lengst, men her er i liten grad forskingsarbeid i gang. I Sverige og Finland er viktig forskingsarbeid i gang, som ein bør vurdere å inkludere i det samla forskingsprogrammet, eller i alle fall etablere eit samarbeid. Dokumentasjonsarbeidet er igang, men arbeidet går sakte pga. mangel på pengar. Det kan derfor vere nødvendig å skaffe middel til dette arbeidet som del av forskingsprogrammet, dersom det ikkje skal stoppe heilt opp.
Eg vil bare generelt foreslå at ein prioriterer:
- Å vedta ein programplan som grunnlag for å søke finansiering av programorganisasjon og utvalde prosjekt, med sikte på å kunne tilsette prosjektleiarar og utlyse stipendiatstillingar i løpet av 2011.
- Å styrke arbeidet med dokumentasjonsdelen av Samisk skolehistorie (programdelen Muitu) i Sverige, Finland og få igang eit tilsvarande arbeid i Russland.
[1]
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
Samisk skolehistorie - startsida