Samisk lærebokhistorie - prosjektskisse

(Sist oppdatert 13.02.2012)

Dette er eit forslag om eit forskingsprosjekt og bokprosjekt om samisk læremiddelhistorie. Med samisk læremiddelhistorie forstår vi analyse av innhald, form, utviklingsprosess og bruk av læremiddel for samiske elevar, samt opplysning om samiske forhold innhald i læremiddel for andre elevar.

Prosjektet er tenkt å omfatte læremiddel for/om samar i 4 land.

Når det gjeld generell bakgrunn og grunngiving for forsking på samisk skolehistorie, viser eg til utgreiinga mi Samisk skolehistorieforsking. Utgreiing for Samisk høgskole, 04.03.2009. Der er foreslått eit forskingsprogram i fem delar, ein av desse er prosjektet "Áppes" - Læremiddelhistorie. Forskings- og bokprosjektet Samisk læremiddelhistorie kan sjåast både som ein del av eit større forskingsprogram, som ein del av bokprosjektet Samisk skolehistorie, eller som eit frittståande prosjekt. Det er ikkje avhengig av at andre prosjekt blir sett igang eller fullført før ein set igang dette.

Prosjektet har sine røter i første rekke i to kjelder:

A. Samisk skolehistorie
(http://skuvla.info)
Her var det meininga å ta med artiklar om læremiddelhistorie i eitt eller fleire bind, men etter kvart innsåg ein at emnet var så stort at det på eine sida fortjente eit eige bind, for det andre at det var avhengig av samarbeid med forskarar og forskingsinstitusjonar, samt med organ som har vore ansvarlige for samisk læremiddelutvikling, i første rekke Sametinget (tidligare Samisk utdanningsråd).

B. Norsk lærebokhistorie
(http://old.hive.no/adm/fou/larebokhistorie)
Dette er eit forskingsprogram drive av Høgskolen i Vestfold sidan 2006. Det er hovudsaklig drive av forskarar innafor HIVE, med nokre einskildpersonar utanom. Det er gitt ut tre antologiar med artiklar bygd på forskjellige forskingsprosjekt. I prosjektet har det og vore med kartlegging og digitalisering av eldre lærebøker og plansjar, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Det er ingen av prosjektmedarbeidarane som har gjort noko av betydning i forhold til samiske læremiddel, men underteikna har i lag med Kristine Nystad skrive ein artikkel, Samisk lærebokhistorie - gløtt av ei uskrive historie, som er prenta i Norsk lærebokhistorie 2, og lagt ut på internett på adressa http://skuvla.info/sambok-n.htm. I Norsk lærebokhistorie 3 er det ein artikkel av Susanne V. Knudsen: Det hjemlige, det fremmede og samerne i nogle norske læsebøger til folkeskolen, 1860’erne – 1960’erne,

Publikasjonsform

Målet med prosjektet bør vere å gi ut ei bok med kortare og lengre artiklar, normalt på ei lengde av 10000-30000 teikn. Ein del av artiklane bør bygge på forskingsprosjekt, derav nokre kan vere knytta til oppgåver i samband med studier på forskjellige nivå, opp til mastergrad og doktorgrad. Andre artiklar kan vere intervju med personar som har deltatt i læremiddelarbeid, eller deira eigenforteljingar. Til saman vil det kunne bli omlag 30 artiklar med ei samla lengde på omlag 600000 teikn samt 100-150 illustrasjonar. I boka vil alle artiklar bli prenta på nordsamisk og engelsk. I tillegg vil det vere aktuelt å legge nokre artiklar på internett også på andre samiske dialektar og/eller riksspråk.

Boka kan publiserast som del av serien Samisk skolehistorie og samtidig leggast ut på internett på http://skuvla.info.

Vi har allereie 5 artiklar som er meir eller mindre klare til å bruke, bl.a. om samane i norske historiebøker, om problema med samisk språk i datamaskinar, om Margarethe Wiigs ABC, om sjølvlaga lærebøker i samisk grunnskole.

Aktuelle emne:

- Innleiing: Kva er læremiddel?
- Analyse av innhald, språk og form i samiske lærebøker (bl.a. kva bilde gir læremidla av samekulturen)
- Bruken av samiske læremiddel - kvifor brukast det norskspråklige lærebøker der det finst samiske?
- Forholdet mellom læremiddel og læreplan
- Bruken av gamal samisk kultur i begynnaropplæringa. (Veit elevane i dag kva jiehkku, skirttet og geres er?)
- Lærebøkene som språkpionerar (innføring av nye ord som ikkje er i vanlig bruk.)
- Kampen for å få gi ut og for å få løyvingar til lærebøker på samisk
- Problema med samiske bokstavar - på skrivemaskin, data, digitale læremiddel
- Lærebokforfattarar - Kven har dei vore? Kva utdanning har dei hatt?
- Statlig styring med læremiddelproduksjonen
- Originale bøker, tilpassingar eller omsetjingar
- Ordbøker og grammatikkar
- Kven har laga læremiddel? Samar eller nordmenn?
- Omsetjing av læremiddel.
- Kven avgjorde kva som skulle utgivast? Læremiddel som blei laga men aldri utgitt.
- ASPAR og anna registrering
- Samisk utdanningsråd / Sameskolstyrelsen / Sámedikki oahppomateriálaossodat
- Forlaga sitt arbeid
- Finansiering av læremiddel
- Språket i lærebøkene
- Konverteringsordninga - kompensasjon for manglande læremiddel eller lønnstillegg?
- Læremiddelpedagogikk og andre kurs
- Riksspråkundervisning for samar
- Det geografiske og kulturelle bildet av samane i samiskspråklige og norskspråklige bøker
- Innhald om samane i nasjonale bøker
- Særskilt om lærebøker på dei små samiske språka.
- Samarbeid over grensene.
- AV-middel: Film, lydband, CD, internett (Digitale læremiddel)

Organisering og samarbeidspartnarar

Prosjektet bør organiserast i samarbeid mellom fleire universitet og høgskolar. Når det gjeld samiskspråklige læremiddel har Samisk høgskole størst kompetanse, når det gjeld samisk innhald i norske læremiddel, verkar det som Universitetet i Tromsø har arbeida mest med dette. Det er aktuelt å knytte til seg forskarar frå andre høgskolar og universitet, som HINT, UIN, HIF, HIVE, Universiteta i Umeå, Oulu og Murmansk. Elles er aktuelle samarbeidspartnarar bl.a. Nasjonalbiblioteket (digitalisering, oversikt over bøker). Sametinget si opplæringsavdeling i Noreg og Finland, Sameskolstyrelsen i Sverige, forlag

Det bør delta folk med bakgrunn i faga pedagogikk, samisk og historie. Prosjektet må leiast av ein forskar med doktorgrad og det bør vere ei arbeidsgruppe der det deltar folk med hovudfag og erfaring med læremiddelarbeid, f.eks. frå Samisk utdanningsråd, studiet i læremiddelpedagogikk og forlag.

Det kan også vere aktuelt å organisere prosjektet gjennom samarbeidsregionen for samisk lærarutdanning (Region 7).

Finansiering

- Samisk høgskole/UIT, evt. Region 7 søker Norges Forskingsråd
- Davvi Girji søker om publiseringsstøtte som til Samisk skolehistorie.
- Forfattarar søker skrivestipend gjennom dei norske og samiske faglitterære forfattarforeningane

Svein Lund


Čále fierpmádatmeaštirii / Skriv til vevmesteren