Samisk skolehistorie 1 og 2
Bokmelding i Marg 1- 2008

John Gustavsen:

Samisk skule sett nedanfrå

Dei to fyrste banda om den samiske skulehistoria, Sámi skuvlahistorjá/ Sámij skåvllåhiståvrrå/ Saemien skuvla-vaajese, syner at det er mykje forskninga ikkje har fått med seg. Dette handlar om ein annen kultur, ulike økonomiar, sosiale overgrep og politiske feiltrinn.

Fyrst ei vedgåing: denne lesaren har sjølv vore med på overgrep mot elevar i grunnskulen, spesielt i den samiske kommunen Nesseby. Nærmast uførebudd stod eg ein dag andsynes skuleelevar med samisk språk og kultur i ballasta i klasserommet. Frå lærarskulen, inga kunnskap om det samiske, frå oppveksten fordomar og skamkjensle i høve til mitt eige samiske. 40 år er gått, og mykje har hendt etter at påverknadsagenten Hans Eriksen kom farande som ein Læstadius frå skuledirektøren i Finnmark og tordna fram: "no skal ungane ha rett til opplæring i samisk!" Året var 1967, eit lite vasskilje.

Det er den iherdige Svein Lund som har satt i gang det halsbrekkjande prosjektet å få fram den samiske skulehistoria slik dei som gjekk eller verka i skule opplevde det. Dermed får vi ikkje berre eit innanfrå-, men viktigare eit nedanfrå-perspektiv. Nedanfrå, av di skuleborna ofte blei sett på som mindreverdige og emnelause individ av det offentlege Noreg. Dei som skreiv her er både godt vaksne folk som i dag er rundt 70 år og ungdomar som gjekk ut frå ungdomsskulen for få år siden, men som oppdaga det norske sviket. Deira tekstar gjer von.

Arvegodset frå Store norske er ikkje vakker lesnad i år 2008. Vi kan tru at sosialdarwinismen er bak oss, men om du har lese Harald Ofstad si bok Vår forakt for svakhet (Pax forlag 1971), er du neppe sikker. Kamuflasjeforsøka i norsk utdanning har vore vellukka i den tyding at vi skal tru at mykje er vore betre. Ein var på god veg med Sámi oahpusrádi/Samisk Utdanningsråd, men etter at Sametinget greip inn og svekka rådet, er klokka skrudd attende. Den fyrste direktøren i rådet (1977-1989), Edel Hætta Eriksen (86), såg med skarpsyn kor viktig det var med eit sjølvstendig organ som nettopp kunne ta laus nedanfrå og ikkje verte plaga med politiske peikefingrar ovanfrå. I dag har politikarane blanda seg opp i noko dei har dårlege førestenader for å handsama.

Då Lund sekundert av Elfrid Boine og Siri Broch Johansen starta strevet med finansiering av dette prosjektet, hadde Sametinget lite pengar (les Marg 3/2007). Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Utdannings- og forskningsdepartementet (UFD) avslo å bidra av "budsjettmessige årsaker".

Skoleeventyret fram i lyset er den ironiske tittelen på fyrste avsnitt i fyrste verk. Ei eldre kvinne frå Porsanger som i 1986 blei intervjua om skulegangen sin sa det slik:
Folk forteller allslags eventyr
Men det som skjedde med skolene og med
oss under krigen er det ingen
som forteller om

Historikaren Henry Minde har korrekt peika på kor traumautiske skuleminna frå Nord-Noreg har vore i dei multietniske områda. Minde eller andre må kunne gje oss skakande opplysningar om skuletilhøva i markebygdene i Sør-Troms. Dei to fyrste bøkene har lite å fortelja frå distriktet. Avstraffingsmetodane har vore vanskele å ta fram, men eit par elevar har fortald denne skrivaren om korleis dei vart stukke med syl om dei snakka mor sitt mål.

Geir Grenersen har i sin doktorgrad frå området, "Ved forskningens grenser. Historien om et forskningsprosjekt i det samiske Nord-Norge" (1996) vist korleis forskarane står over for fleire dilemma i det dei skal inn i eit miljø der folk har vore utsette for overgrep, men etter kvart har fått betre sjølvkjensle. Han som er frå Bjerkvik, fekk klår melding frå folk på Skånlandhalvøya: "Vi er like gode som de norske. Gå heller ut og opplys dem om oss."(Tromsøflaket 7/2002)

Arven frå fortida vert snudd om i det folk sjøl kjem med sin versjon om korleis den norske tvangstrøya har vore trengt over hovudet på folk. Det er utsegner frå Amund Helland sine "Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt" som lenge styrte den norske politikken, og som vi ser tydelege spor av i dag når samar krev likeverd. For 101 år sidan Helland hevda at "Finnerne (samene) synes å være svagt udviglede baade i aandelig og legemlig henseende" og "Finner (samer) og kvæner, hvorav navnlig de første utgjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende". Mot slikt kan det vera på plass å minna om at framifrå norske lærarar har arbeidd mot fornorskninga. Richard Bergh var lærar i Lebesby og Porsanger på 1950- og 60-talet medan Sverre Hatle utførdre lærargjerninga i Skoganvarre frå 1966 til 1974 kom både utanfrå og så alvaret. Deira bidrag fortel at samane slett ikkje har vore åleine i striden. Hatle skriv t.d. i band 1 s. 170:
"Jeg var overbevist om at det norske samfunnet hadde gjort samene stor urett. Denne uretten ville jeg ikke være med på å sementere, men heller bidra til å gjøre godt igjen litt av det som var mulig å gjenopprette."

Medan Bergh bidro med forteljande bøker, t.d. om medisinmannen Johan Kåven frå Porsanger, har Hatle stått bak fleire lærebøker i samisk språk i perioden 1970-2003. Det samiske samfunnet burde ha takka dei for at dei rådde bot på det rasistiske arvedgodset som Helland og fleire la etter seg. Dei reiste seg mot politiske feiltrinn som for mange fekk øydeleggjande verknad. Mange av skriftstykka i dei to fyrste bøkene er skrivne på djupe kjensler, men ikkje utan humor. Kaia Kalstad frå lulesamisk område fortel t.d. (band 2, s. 388) om korleis elevar på 9-10 år ikkje forstod undervisninga. Dei måtte reise seg ved pulten, og då kunne det gå slik:
"Eleven som blei spurt om Lasarus sa ingen ting, for han hugsa ikkje og hadde heller ikkje fortsått. Læraren blei meir og meir sint. Da kom det til slutt: "Lasarus var som ein kattepus" (...) Vi elevane spruta jo ut i latter, og læraren blei enno meir sint. Det endte med at eleven måtte i skammekroken. Det er eit av dei minna eg synes det er grusomt å tenke på, at eleven skulle straffast for at han ikkje forsto."

Dette kan verka uskuldig, men når skuledagen var full av slike nederlag, kan ein lett forstå kvifor det gjekk så galt. Mange elevar har gått den tunge vegen til klasserommet vitande om at dei var sett på som annanrangs, og heime hadde dei ikkje foreldre som kunne ta til motmæle. Såra på sinna sat for livet og sende nokre på sinnsjukehus.

Svein Lund & co har lagt opp til ein heil serie med rapportar nedanfrå. Ikkje minst Lund har streva hardt for å vinne åtgaum for prosjektet, også på samisk hald. Redaktørane Lund, Boine og Broch Johansen har samstundes hatt problem med å få folk til å fortelja og ikkje minst skriva sjølve. Mange av tekstene er intervju serleg Lund har utført. Sjølv om mange tekstar overlappar kvarandre og redigeringa burde ha vore strammare, er det sers viktig at dette kjem ut. Nokre av fotografia fortel si sjølvstendige historie. Dessutan har dei norske/nynorske tekstane ulike samiske oversettingar! Lærarar, skuleverk, forskarar og andre som vil forstå korleis ein kan retta opp og hindra nye motsetnader, bør gå inn i tekstane. Ein kan ikkje feia under matta, slik departementa freistar, at mentale og fysiske overgrep kan leie til assymetriske reaksjonar. Overgrep mot minoritetar skjer også i dag, m.a. mot innvandrarar. Lærarar gjer mykje godt arbeid for å skapa ein trygg skule for born som ikkje kan forsvara seg når dumskap og ondskap får fotfeste.

Sametinget bør gå foran om det ynskjer legitimitet i det samiske samfunnet, og støtta opp om prosjekt som dette. Eit sløvt og fordumma folk er som kjend lett å regjera. Les difor desse bøkene, for stundom kan det høva godt å verte forbanna!


Svein Lund (hovedred.)/Elfrid Boine og Siri Broch Johansen (medred.)
Sámi skuvlahistorjá
Sámij Skåvllåhiståvvrå
Saemien skuvla-vaajese
Samisk skolehistorie
Artikler og minner fra skolelivet i Sápmi 1 og 2
Davvi Girji 2005 og 2007
Illustrert
446 og 464 s.


Til hovudsida.