I denne artikkelen vil vi først gi nokre glimt frå samisk lærebokhistorie, for så å stille spørsmålet om kva vi veit om denne historia og vise behovet for vidare kartlegging og forsking. Til sist kjem vi med nokre idear til forskingsarbeid på samisk lærebokhistorie, som del av Norsk lærebokhistorie eller som sjølvstendig(e) forskingsprosjekt.
Vi to som har skrive denne artikkelen har begge bakgrunn frå samisk opplæring og arbeidet med samiske læremiddel. Kristine har arbeida med læremiddelutvikling ved Samisk utdanningsråd og har leia oppbygginga av faget læremiddelpedagogikk ved Samisk høgskole. Svein har vore student i læremiddelpedagogikk, har deltatt i utarbeidinga av fleire samiske læremiddel og er redaktør av Samisk skolehistorie.
Så langt har vi skrive som om "samisk" var eit eintydig omgrep. Men sjølv om vi snakkar om samar som eitt folk i fire land, og om ein samanhengande samisk kultur med variasjonar, så er samisk språk heller namn på ein språkfamilie enn på eit einskild språk. Variasjonane er omtrent like store som mellom norsk, islandsk og tysk. Det finst heile 10 samiske språk eller hovuddialektar, som bare delvis er gjensidig forståelige. Nokre av desse språka er så godt som utrydda i dag, og har ikkje eige skriftspråk, men seks av dei har eit standardisert skriftspråk og ordbøker. Når vi snakkar om samiske læremiddel, er det altså snakk om læremiddel i og på nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, skoltesamisk, enaresamisk og kildinsamisk. Dei fire første av desse språka har vore snakka i Noreg, men skoltesamisk blei utrydda på norsk side før nokon byrja å lage lærebøker på språket. Det som er aktuelt her er altså nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. I denne artikkelen legg vi mest vekt på nordsamisk, men vi vil undervegs også forsøke å seie litt om stoda for dei to andre samiske språka i Noreg.
Boka som er avbilda her, Margarethe Wiig sin tospråklige ABC, kan vi trygt kalle den viktigaste boka i samisk lærebokhistorie. Da boka kom ut i 1951, var den første gongen det blei laga ei lærebok for samar som heilt og fullt bygde på samisk miljø. Forfattaren var ikkje same. Ho var bergensar og prestekone, seinare bispinne, men ho laga boka i samarbeid både med samiske barn i Karasjok og med dei fremste ekspertane på samisk språk og pedagogikk som var å oppdrive i tida før boka kom ut.
Boka blei svært populær, både blant samiske elevar og elles i vide kretsar. Sjølv om ho var prenta på nordsamisk og norsk, blei ho og brukt for sørsamiske elevar. Dei hadde inga lærebok på sitt eige språk, så dei las den norske teksten i denne boka i staden.[1]
I september 2008 blei boka vald ut av Riksarkivet som "Månedens dokument"[2]. Her forteljast det at i 1956 blei boka stilt ut i Korea og det koreanske undervisningsdepartementet bad om løyve til å nytte den som mønster for ei tilsvarande lærebok for koreanske barn. Der forteljast og at Margarethe Wiig blei heidra med utnemning til riddar av St. Olavs orden. Men denne verdsetjinga kom først etter at boka var kome ut. Før det møtte forfattaren nemlig stor motstand hos norske styresmakter. Noko av denne motstanden fortalte forfattaren om i eit intervju like før ho døydde. Rundt dette intervjuet blei det laga ein film med tittelen Prestefruen i Sameland. Likevel kom den verste statlige motarbeidinga ikkje fram her.
Først etter at Margarethe Wiig var død kunne den samiske lærebokforfattaren Aage Solbakk avsløre noko som hadde vore holdt hemmelig i omlag 50 år. Denne historia blei prenta i den samiske avisa Min Áigi, og har ikkje vore offentliggjort på norsk før no. Vi vil her gi eit utdrag av artikkelen i eiga omsetjing:
Allereie før krigen hadde Margarethe Wiig byrja arbeidet med samisk ABC, mens ho budde i Karasjok. Og dei norske styresmaktene godtok det innleiande arbeidet. Under krigen blei kontakten med styresmaktene brote, men det blei tatt opp igjen etter krigen. Da var både tekst og teikningar så å seie prenteferdige. Men det gikk nesten fem år før boka blei prenta, og det skjedde ikkje utan konfliktar.
Eit par år før Margarethe Wiig døydde, besøkte historieprofessor Einar Niemi henne i Tromsø og spurte blant anna om kartet som var prenta i boka. [Sjå faksimila av side 41. (Red)] Budde det ikkje samar i Finland, undra han, ettersom bare det norske og svenske flagget var prenta i boka. Da innrømte Margarethe Wiig følgjande: Ho hadde etter eiga oppfatning avslutta arbeidet, gjort ferdig teksten, teikningane og karta, og venta på den prenta boka. Men da ringte telefonen frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet at ho måtte komme på eit møte i Oslo før boka kunne bli prenta.
Ho forklarte funksjonæren at ho hadde avslutta arbeidet og hadde trudd at departementet hadde godtatt alt. Ho hadde derfor ikkje noko å endre eller legge til. Det var ikkje naudsynt å reise frå Tromsø og heilt til Oslo, som var fire dagars reise kvar veg. Var det virkelig naudsynt å kaste bort pengar på ei slik unyttig reise? Men departementsfunksjonæren sa rett ut at han ikkje ville forklare saka i telefonen. Dersom ho ikkje kom til Oslo ville departementet stanse prentinga. Da visste ho ikkje anna å gjøre enn å dra slik at boka skulle komme ut.
Til møtet var det kome ein morsk funksjonær frå Kyrkje og undervisningsdepartementet og også ein frå Forsvarsdepartementet. Og einaste emnet var kartet som ho hadde laga over dei nordiske landa. På kartet hadde ho teikna kjørerein som dekka delar av Noreg, Sverige og Finland, og i tillegg teikna flagga til dei tre landa. Kartet skulle illustrere at samane budde i alle fall i desse tre landa. Av merkelige årsaker, som ho dengang ikkje forsto, ville styresmaktene fjerne kjørereinen som dekka Nord-Finland og som nådde til Rovaniemi med nesa.
Og kva kunne ho gjøre anna enn å godta det, sjølv om det var med tungt hjerte. Først seinare, da ho hadde lese boka "Den finske fare"[3], forsto ho kva som var bakgrunnen og årsaka til det som da skjedde.
Rett etter krigen rådde den såkalla "kalde krigen" og Noreg ville ikkje ha så fast samarbeid med Finland, som måtte ta omsyn til russiske interesser på grunn av den lange felles riksgrensa. (Solbakk 2002)
Dette er eit av mange eksempel på korleis norske styresmakter har lagt hindringar i vegen for utviklinga av samiske lærebøker.
Ei anna historie om den samme boka er at forfattaren ville at boka skulle vere bare på samisk. Departementet ville derimot ha henne bare på norsk, og tilslutt blei boka tospråklig som eit kompromiss. Fram til og med den omtalte sida kjem samisk tekst først, deretter kjem norsk tekst først. Det fortel om ei linje som var rådande på den tida og enno eit par tiår: I den grad det var tillate å bruke samisk i skolen, var det først og fremst som eit hjelpemiddel til å lære norsk, ikkje som eit mål i seg sjølv.
Vi kan grovt dele inn samisk lærebokhistorie i to epokar. I den første epoken var dei samiske lærebøkene dominerte av omsetjingar frå riksspråka. I den grad det kom originallitteratur, var forfattarane sjeldan samar, og innhaldet hadde i liten grad tilknyting til samisk miljø. I den andre epoken var hovudregelen originalproduserte bøker skrivne av samar, og der innhaldet bygde på samisk miljø.
Margarethe Wiig si ABC var i den samanheng eit overgangsfenomen; forfattaren var norsk, men innhaldet utvilsamt samisk, og samar var med å velje ut og godkjenne stoffet. Den neste viktige læreboka som kom var Samisk-norsk lesebok (Eriksen m.fl. 1965), der stoffet var vald ut av ein komite med både norske og samiske medlemmer. Med innføringa av samisk begynnaropplæring i 1967 er vi for alvor inne i den andre epoken, der hovudlinja er bøker med bare samisk tekst, og der samiske forfattarar etter kvart blir dominerande.
Gamle lærebøker på utstilling hos Sametinget si opplæringsavdeling i Guovdageaidnu. Til venstre ein faksimileutgåve av den aller første samiske læreboka frå 1619. I midten Samisk-norsk lesebok frå 1965. Boka til høgre viser kor enkelt utstyrt mange av dei samiske lærebøkene var ei tid. Denne er utgitt i Sverige i 1957. |
Fram til 1715 hadde det bare vore nokre spreidde tilfelle av skolar for samiske elevar. Da sette Misjonskollegiet[5] igang systematisk misjon og skolegang over heile den delen av det samiske området som da hørte til Noreg[6]. Leiar for dette arbeidet var Thomas von Westen. Han ønska at samane skulle få undervisning på sitt eige språk, og satte igang omsetjingar av kristelige skrifter for bruk i kyrkje og skole. Men det var heile tida strid om opplæringsspråket og bokproduksjonen leid lenge under denne striden. Mange omsetjingar blei derfor aldri prenta, eller spreiinga av prenta bøker på samisk blei sabotert av fornorskingsforkjemparane i kyrkje og stat.
Frå andre halvdel av 1800-talet og i alle fall fram til 1959 var fornorsking den erklærte målsetjinga for skolepolitikken overfor samane. Samisk skulle bare brukast som hjelpespråk i den grad det var "uomgjengelig fornødent"[7]. I den grad det kom ut lærebøker med samisk tekst i denne tida, hadde dei gjerne dobbelt tekst, norsk/dansk og samisk, og den einaste hensikten med den samiske teksten var å hjelpe til ved læringa av norsk. Å lære å lese samisk, skrive samisk og tileigne seg kunnskapar på samisk var ikkje ein del av skolen si målsetting. Samisk var tillate i kristendomsundervisninga til ein viss grad for å sikre at dei samiske elevane forstod innhaldet i bibelhistoria og katekisma. I nokre skolar blei det brukt dobbeltspråklige bøker i kristendomsundervisninga heilt fram til 1970-talet.
I den første tida med samisk begynnaropplæring var samiske lærebøker i første rekke identisk med ABC og lesebøker på samisk for småskolen. Det var enno svært få samiske lærarar og enno færre potensielle lærebokforfattar. Den første serien med lesebøker som blei gitt ut sist på 1960- og først på 1970-talet var Lásse ja Máhtte-bøkene, med nederlendaren Inez Boon[9] og vestlendingen Sverre Hatle[10] som hovudforfattarar. Dei blei følgt opp på 70-talet av serien Ginna-Galka-Borta-Snorra[11], i samarbeid mellom Hatle og den samiske læraren Johan Jernsletten frå Tana.
Bøkene om Lásse og Máhtte blei skrive av vestlendingen Sverre Hatle, som var lærar på Skoganvarre skole i Porsanger. | Inger Seierstad har skrive ei rekke lesebøker på nordsamisk, og mange av dei er omsett til lulesamisk og sørsamisk. Her ser vi ei lulesamisk utgåve. |
Ein av dei aller mest produktive lærebokforfattarane har vore Ellen Marit Guttorm. Ho var av dei første lærarane som starta opp med samisk begynnaropplæring i 1967. På grunn av mangel på læremiddel begynte ho tidlig å lage sine eigne. Inger Seierstad[12] kom frå Oslo som lærar til Guovdageaidnu tidlig på 1950-talet. Først blei ho med Inez Boon og seinare Ellen Marit Guttorm som illustratør, og etter kvart laga ho også heile lærebøker sjølv. Med nyutgivingar og omsetjingar frå nordsamisk til andre samiske dialektar har både Ellen Marit Guttorm og Inger Seierstad no passert 100 utgivingar, og nokre av bøkene deira kjem stadig i nye opplag.
Etter Mønsterplanen for grunnskolen av 1974 skulle samisk framleis i første rekke vere eit hjelpespråk for å lære norsk, og dette gjaldt heilt fram til midten av 80-tallet da samisk blei akseptert som opplæringsspråk i heile grunnskolen.
Etter kvart og særlig etter rettskrivingsreformene for nord-, lule- og sørsamisk rundt 1980[13], blei det fleire og fleire som kom til å beherske samiske skriftspråk, og fleire og fleire lærebøker blei skrivne av samiske forfattarar.
Ei heilt ny tidsrekning for samisk lærebokproduksjon blei det da det blei utgitt eigne samiske fagplanar for grunnskolen i samband med Mønsterplanen i 1987. For første gang kunne samiske lærebøker utviklast i forhold til eigne læreplanar. Samisk læremiddelproduksjon blei finansiert ved årlige løyvingar frå frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet, men løyvingane var altfor små i forhold til behovet. Løyvingane blei nesten dobla frå 1995[14], i samband med reformene. Den faglige utviklinga blei styrka i 1997, da ein fikk eige samisk læreplanverk for den den ti-årige grunnskolen, med eigen prinsippdel, som la vekt på utvikling av bl. a. funksjonell tospråkligheit og inkludering av samisk tradisjonskunnskap i skolen.
Da blei det også arbeidd systematisk med planlegging og utvikling av læremiddel tilpassa L97S i regi av Samisk utdanningsråd, i samarbeid med samiske forlag og nokre norske forlag som viste interesse for utvikling av samiske læremiddel. Det blei satt i gang systematisk kursing av lærebokforfattarar og arrangert arbeidsseminar der ein jobba med manusutvikling. I starten ga Samisk utdanningsråd sjølv ut lærebøker, men etter kvart blei læremiddelproduksjonen meir og meir overført til forlaga. Etter at Sametinget overtok oppgåvene til Utdanningsrådet, har det ikkje sjølv gitt ut lærebøker.
Men dei ulike faga mangla ofte terminologi på samisk, og kunnskapen som lærebøkene skulle omhandle, fantest ikkje i form av skriftlige kjelder. Ofte måtte forfattaren gjøre eit omfattande arbeid med innhenting og utvikling av kunnskap, og delta i arbeidet med utvikling av terminologi. Dette arbeidet måtte gå parallelt med manusutviklinga. Ut ifrå eit norsk perspektiv på lærebokutvikling, kunne det nok vere vanskelig å forstå kor omfattande det pionerarbeidet var som blei gjort i samiske lærebokprosjekt på 80-90-tallet, og kor mye menneskelige og økonomiske ressursar som trongst til dette.
Men trass i at det etter kvart har kome ein del samiske lærebøker, har dei langt frå fylt behovet, og den samiske skolen har pga. mangelen på trykte lærebøker på samisk, i stor grad operert med eigenutvikla læremiddel som blei/blir stensilert/kopiert i den mengda det er behov for i den aktuelle situasjonen. Samisk lærebokhistorie kan derfor ikkje bare vere historia om dei lærebøkene som er laga i og på samiske språk, men må også vere historia om mangelen på slike lærebøker og om dei naudløysingane som har vore brukt.
Frå 1999 ga opplæringslova individuell rett for alle samiske elevar til opplæring i samisk, og rett til opplæring på samisk innafor forvaltningsområdet for samisk språk og elles når det kan samlast ti elevar. Men lova sikra ikkje retten til dei samiske læremidla som trengst for å gjennomføre ei slik opplæring.
Om situasjonen har vore vanskelig for nordsamisk, har han vore langt verre for sørsamisk og lulesamisk. Den første sørsamiske læreboka var Lohkede Saemien av Ella Holm Bull og Knut Bergsland, som kom i 1968. Bortsett frå denne kom det lærebøker først etter rettskrivingsreformene, på sørsamisk frå 1979, på lulesamisk frå 1983. For begge språka nærmar ein seg no dekking av lærebøker i samiskfaget for grunnskolen, men det finst i svært liten grad lærebøker på samisk i andre fag. Der må ein da bruke norske lærebøker og dei samiskspråklige undervisningsopplegga som lærarane sjølve lagar.
Lærebøker og andre bøker på sørsamisk utstilt på Sametinget si opplæringsavdeling i Guovdageaidnu. |
For det første har ein stor del av dei samiskspråklige bøkene vore reine omsetjingar frå andre språk, der innhaldet ikkje er tilpassa til samiske forhold. Som eksempel på dette kan vi nemne at så seint som i 2001 blei det gitt ut ei samisk utgåve av ei lærebok i samfunnsfag for vidaregåande skole, som rein omsetjing frå norsk, der samiske forhold var via omlag ei side. Men enno meir utbreidd har det vore at samiske elevar har vore nøydd til å bruke lærebøker på norsk, ut frå norske forhold. Det store fleirtalet av lærebokforfattarar i Noreg er busett i eller nær Oslo. Dette pregar sjølvsagt det dei skriv, og forlaga, som burde ta eit ansvar for å slå ned på dette, reagerer oftast ikkje. Alle dei store skolebokforlaga er i Oslo og forlagskonsulentane lever gjerne i same miljøet som forfattarane. Jo større forskjell det er på eleven sitt miljø og Oslo-miljøet, jo meir framandgjorte kjenner elevane seg i forhold til skolen. Aller sterkast slår dette ut for samiske elevar.
Vi som har skrive denne artikkelen i lag gikk på folkeskolen samtidig, på 1950- og 60-talet, på kvar vår kant av landet, og vi hadde i stor grad dei samme lærebøkene. Men natur- og kulturskildringar som virka heilt kjente for eleven i Telemark kunne virke heilt framand for eleven i Finnmark. Her fortel Kristine om korleis ho opplevde leseboka og geografiboka:
Vi leste om hvitveis og hvitveis som sikkert vårtegn i Lesebok for folkeskolen ved Nordahl Rolfsen. Hva var det? Det gikk faktisk 40 år før jeg fikk se hvitveisen som vårtegn. På et møte i Tønsberg fikk jeg i 2001 oppleve hvitveisen som vårtegn. Etterpå har jeg filosofert hva som egentlig hadde vært vårtegn som vi hadde kjent oss igjen i. Jeg har kommet fram til to sikre vårtegn hos oss: At skjæra flyr med bjørkekvister i munnen og at reinkjøtt blei hengt opp til tørk.
I Folkeskolens geografi[15] leste vi om oss selv sett med et blikk som var utenfra. Husker spesielt et bilde, som viste samer i kofte, foran en lávvu. Vi studerte bildet nøye og undret oss oss hvordan vi ble omtalt. Vi lærte følgende to setninger om oss selv det året: «Inne på Finnmarksvidda ligger de to kirkestedene Kautokeino og Karasjok. De fleste innbyggerne der er samer, og der samler flyttsamene seg i de store høytidene». Vi fant fort ut at det bildet er tatt ved kysten (der reindriftssamene bodde om sommeren), mens billedteksten forteller at samene lever inne på viddene i Finnmark. Det syntes vi var underlig og fant fort ut at det som stod om oss i boka, stemte ikke helt med virkeligheten. Det må ha vært en helt fjern tanke for forfatterne at denne boka faktisk skulle brukes også av samiske elever.
Samisk lærebokhistorie handlar ikkje bare om samiske lærebøker, men også om samiske elevar sitt møte med norske lærebøker, ikkje minst om kva bilde desse ga av samane. Denne boka blei brukt over heile landet, begge forfattarane av denne artikkelen har hatt boka på skolen. |
Desse eksempla frå skolen tidlig på 1960-tallet viser at det ikkje var bare språket som var framandt for elevane, men den røyndomen skolebøkene presenterte, omtalte ukjente fenomen som elevane ikkje identifiserte seg med. Samtidig var det ei usynliggjøring av samisk historie og dagligliv, i og med at lærebøkene ikkje handla om det samiske. Korleis dette har sett sitt preg på elevane og oppfatninga deira av seg sjølve er noko som ikkje er forska på.Dette viser at det ikkje bare er behov for å forske på samiske lærebøker, men og på norske lærebøker i eit samisk perspektiv. Det trengst både ut frå korleis samiske elevar har opplevd desse lærebøkene, og ut frå kva desse lærebøkene har formidla eller ikkje formidla om samiske forhold til norske elevar.
Omtrent samtidig med at Tvete skreiv magisteravhandlinga si, skreiv Adolf Steen på sitt store verk Samenes kristning og finnemisjonen til 1888. Her er eit 45 siders kapittel om ”Bibelen og andre skrifter på samisk”, med mye opplysningar om dei eldste lærebøkene.
For tida etter Tvete si bok kom ut, er det ikkje gjort noko tilsvarande arbeid. Det er laga oversiktar over aktuelle læremiddel, først ei som er gitt ut i Sverige i 1984, men som og omfattar læremiddel gitt ut i Noreg og Finland. Seinare har dei ansvarlige organa for samisk opplæring i Sverige, Noreg og Finland gitt ut felles læremiddelkatalogar i 1995, 1998 og 2003. Dette er reine katalogar utan noko analyse av verken læremidla eller læremiddelstoda. Seinare synast det ikkje å vere laga noko prenta oversikt. Informasjon om nye læremiddel blir no lagt på internett, men dette gir langt dårligare oversikt over kva som finst for bestemte fag og klassetrinn/linjer enn dei prenta katalogane. I nokre få tilfelle er det gjort innhaldsanalysar av bestemte læremiddel, men da i første rekke av omtalen av samar i norske / svenske lærebøker. Vi har ikkje funne nokon innhaldsanalyse av samiske læremiddel. Det er derfor eit stort udekka behov for forsking på samiske læremiddel. Mest synlig er forskingsbehovet for tida etter at Tvete si avhandling kom, da det er gjort absolutt minst her. Men også den eldre tida kan ein trenge å sjå på med nye auga, i lys av den utviklinga som har skjedd seinare.
1. Norsk-språklig - lærebøker på norsk, evt. i norsk, uansett etnisiteten og språkbakgrunnen til dei som brukar desse bøkene.
2. Norsk-etnisk - lærebøker for den norsk-etniske befolkninga, men ikkje for andre etniske grupper i Noreg og ikkje for utlendingar som lærer seg norsk.
3.Norsk-statlig - lærebøker laga og brukt innafor staten Noreg, uansett kva etniske grupper som har brukt desse, og kva språk dei har vore skrivne på.
Det er fullt legalt å bruke kva som helst av desse definisjonane, men det vil vere ein stor fordel om ein klargjør kva definisjon ein bygger på. Dette vil vere heilt avgjørande for i kva grad lærebøker for samiske elever, både bøker i eller på samisk og lærebøker i norsk for samar, vil vere ein del av dette prosjektet. Ut frå det nemnde svaret oppfattar vi det som ein meiner alternativ 3: Historia om lærebøker utgitt og brukt i staten Noreg. Da vil Norsk lærebokhistorie også omfatte lærebøker som er laga spesielt for samiske elevar, anten som lærebøker i eller på samisk eller som middel til å lære samiske elevar norsk. Det er likevel ikkje sjølvsagt at alt dette er inkludert i Norsk lærebokhistorie. Ordet "samisk" kan nemlig ha minst like mange forskjellige tydingar som ordet "norsk", og den tydinga ein vel, definerer og omfanget av samisk lærebokhistorie.
1.Samisk-språklig - Noreg: læremiddel i samiskfaget og på samisk (nord-, lule og sørsamisk) i andre fag.
2.Samisk-etnisk/geografisk - Noreg: læremiddel for samar, eller for samiske område / etter samiske læreplanar, uavhengig av kva språk dei er skrivne på. Det vil og omfatte lærebøker i norsk for samar, og lærebøker på norsk etter samisk læreplan.
3. Samisk-tema: innhaldet i lærebøker både for samiske og ikkje-samiske elever, i kva grad og på kva måte samane og samiske forhold er behandla i bøkene.
Men kanskje det viktigaste er at samisk område og det samiske folket er delt på fire land. I alle desse landa er det i større eller mindre grad gitt ut samiske lærebøker. Nokre av desse bøkene er brukt bare i eitt land, fordi dei er skrive etter nasjonale læreplanar. Andre bøker, særlig i samiskfaget, er brukt også i andre land enn der dei er utgitt. Og i mange tilfelle held forfattar(ar) til i eit av landa, mens boka er utgitt i eit av dei andre. Alt dette gjør at det er vanskelig å skilje skarpt mellom historia om samiske lærebøker i Noreg, Sverige og Finland. Men bare det som er gitt ut i Noreg kan i ei viss forstand reknast til Norsk lærebokhistorie. Ser vi det derimot frå Samisk lærebokhistorie, må vi spørje om det er denne delen vi skal skrive eller ei all-samisk læremiddelhistorie, som da omfattar læreboksituasjonen for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland, og alle dei samiske språka eller hovuddialektane som det er skrive lærebøker på.
Eksempel på samisk lærebok i tre trinn: Først laga lærarar ei heimelaga utgåve. Så prenta Samisk utdanningsråd denne, men så blei boka utseld og så måtte ein kopiere igjen. | I 1979 kom ei stor rettskrivingsendring for nordsamisk, men det tok lang tid før dei få lærebøkene som fanst blei prenta opp etter ny rettskriving. I mellomtida måtte lærarane skrive teksten på lappar og lime over i bøkene, slik som vist her. |
Frå 1967 har som nemnt samisk vore offisielt fag i norsk skole. I løpet av 1980-talet blei det og offisiell politikk at samiskspråklige grunnskoleelevar skulle få undervisning i alle fag på samisk. Det er oppretta to samiske vidaregåande skolar og ein samisk høgskole som alle i prinsippet skal gi undervisning på samisk. For flesteparten av elevane og lærarane som har vore i desse skolane, er lærebokhistoria skilt seg kraftig ut frå det norskspråklige elevar er vant med. Nokre av dei har vore så heldige å ha fullverdige samiskspråklige lærebøker i alle fall i nokre fag. Men ein stor del av denne historia er historia om heimelaga undervisningsopplegg i form av stensilar, kopiar og stifta "lefser" til erstatning for lærebøker. Og ikkje minst; mange har måtta ta til takke med lærebøker på eit anna språk enn det språket som blei nytta i den munnlige undervisninga, eller i prinsippet skulle vore nytta.
1. Oversikt over norsk, nordisk og internasjonal forskning på lærebokhistorie Det er gjort ganske lite forsking på dei samisk læremidla som har kome ut dei siste 50 åra. Men desto viktigare blir det å gjøre ei kartlegging av den forskinga som er relevant, også der samisk lærebokhistorie ikkje har vore hovudemne, men blitt tatt opp i samanheng med andre tema.
Når det gjeld internasjonal forsking, er det ofte anna forsking som er relevant i samisk enn i norsk samanheng. Vi tenker her på emne som forsking på tospråkligheit, urfolks- og minoritetsspråk og formidling av tradisjonell kunnskap i lærebøker og andre læremiddel.
2. Oversikt over hva som er kommet ut av lærebøker i ulike fag Prosjektet Samisk skolehistorie har begynt å lage liste over kva slags læremiddel som har blitt laga til forskjellige tider, i forskjellige fag, for forskjellige klassetrinn og på forskjellige språkformer og legge dette inn i ein tabell. (Den førebels lista ligg på http://skuvla.info/ssh-middel.doc.) Dette arbeidet er lettare sagt enn gjort, fordi ein først må forsøke å finne nokolunde eintydige kategoriar. Så må kvar bok plasserast i fag og klassetrinn. Men ofte er det alt anna enn enkelt. Den smale marknaden for samiske lærebøker gjør at ein ofte har skrive desse slik at dei har kunna dekke eit breiare utval av klassetrinn, linjer og fag enn det som har vore vanlig i norsk skole. Og svært ofte er det ikkje oppgitt verken i bøkene eller i læremiddelkatalogar akkurat kva fag og klasse ei bok er berekna på. I enno større grad enn for norske bøker er det vanskelig å skilje mellom lærebøker og andre bøker, fordi ein i stor grad har vore nøydd å nytte bøker skrive for andre enn elevar, f.eks. i samiskfaget. Ein kjem derfor stadig i tvil om kva som skal vere med.
3. Digitalisering av eldre lærebøker i samarbeid med Nasjonalbiblioteket Dette er eit utmerka tiltak, det er minst like viktig for samiske lærebøker. Det vil vere eit svært viktig grunnlag for samisk læremiddelforsking, fordi de eldre samiske lærebøkene er omtrent umogleg å få tak i.
Samiske lærebøker har kome ut i fire land. Her er trulig den første boka på russisk side, frå 1895. Merk at ein da brukte kyrillisk skrift også for å skrive samisk. | Etter den russiske revolusjonen byrja ein å skrive samisk med latinske bokstavar, og denne abc-boka kom ut i 1933. Men få år etterpå endra styresmaktene språkpolitikken og samisk og mange andre språk måtte bytte til kyrilliske bokstavar igjen. |
Ei samisk lærebokhistorie må ikkje byggjast på ei etteraping av den norske, men må analysere lærebokutviklinga ut frå samiske perspektiv og ut frå det behovet som er innafor samisk opplæring. I tillegg til eller i staden for det som er aktuelt for Norsk lærebokhistorie, kjem derfor område som er særeigne for samiske bøker eller viktigare der. Vi kan nemne slikt som spørsmålet om bøkene gir eit all-samisk perspektiv eller om dei er prega av forfattarane sin ståstad, som ofte har vore i Indre Finnmark.
Samiske læremiddel kan analyserast ut frå pedagogiske og politiske perspektiv, sett frå eleven, læraren, eller frå samiske og norske skolestyresmakter. Om læreboka styrker samisk identitet, tospråklig kompetanse og fleirkulturell forståing er aktuelle perspektiv i arbeidet med analyse av samiske lærebøker eller lærebøker brukt av samiske elevar. Har målet vore å styrke eller svekke samisk språk og kultur, og har bøkene tent formålet?
Ei analyse av innhaldet i samiske læremiddel må ta utgangspunkt at desse er laga i heilt forskjellige epokar som vi har vist ovanfor. I ein periode var det å bruke samisk språk som middel til misjon framgangsmåten, i ein periode var målet fornorsking, seinare blei bruk av samisk godkjent som pedagogisk grep for norsklæring, mens samisk språk til slutt blei både middel og mål for opplæringa.
Når det gjeld språket i lærebøkene, er her ein del særeigne spørsmål for samiske lærebøker som om bøkene har vore einspråklige eller tospråklige, eller det kan vere problemstillingar knytt til fagspråk- og terminologiutvikling og til rettskrivingsendringar.
For å få eit bilde av den samiske lærebokutviklinga er det ikkje nok at ein forskar analyserer sjølve bøkene. Ein bør ein også sjå på bruken av dei, i kva grad dei har vore innkjøpt og brukt, og kva røynsler elevar og lærarar har med lærebøkene. Det gjør at forskaren må gjøre bruk av lokale kjelder. Munnlige kjelder blir viktige, da skriftlige kjelder ikkje finst i stort omfang. Dei som sjølve har vore involverte i utvikling og bruk av samiske læremiddel, blir viktige kjelder i forskinga, som elevar, lærarar, foreldre, forfattarar og andre personar eller grupper i lokalmiljøet.
Det vi som skriv denne artikkelen kan gjøre i denne omgang er å fortelje kva vi veit om situasjonen. Verken vi eller andre kan gjennomføre noko forsking på dette emnet utan at ein eller fleire forskingsinstitusjonar tar det organisatoriske og økonomiske ansvaret for det. Men vi kan seie litt om korleis vi meiner slik forsking kan gjennomførast. For samisk lærebokforsking, som for all anna forsking på samiske emne, er det viktig at forskinga har eit samisk perspektiv, det vil seie at ein ikkje bare observerer utafrå, men at samar sine røynsler og opplevingar står sentralt.
For Norsk lærebokhistorie blir det sett som sjølvsagt at hovudspråket i forskinga er norsk. Like logisk bør det vere at for Samisk lærebokhistorieforsking bør hovudspråket vere samisk. For samisk forsking er det og eit mål å styrke samisk som vitskapsspråk på forskjellige fagområde.
I samband med samisk læremiddelutvikling er det to offentlige institusjonar som står sentralt. Samisk høgskole (1989-) har frå 2001 hatt læremiddelpedagogikk som fag. Den andre er tidligare Samisk utdanningsråd (1976-2000), no Sametingets avdeling for opplæring, språk og kultur. Det er gjort noko for å oppsummere læremiddelarbeidet, bl.a. har Sametinget fått utført ei evaluering av tilskotsordninga for læremiddelproduksjon, og Samisk høgskole har gjort ei undersøking blant tidligare studentar i læremiddelpedagogikk. Det er likevel mye som gjenstår når det gjeld å oppsummere den rollen desse institusjonane har spela i læremiddelutviklinga. Den viktigaste kompetansen på området finn vi innafor desse to institusjonane og for å kunne gjennomføre ei verkelig samisk lærebokhistorieforsking, bør dei begge vere med i planlegging og styring.
Sidan 2003 har det vore i gang eit prosjekt med samling av samisk skolehistorie. Det har resultert i 3 bøker så langt, nokre av artiklane i desse er kjelder for denne artikkelen. Her er tanken å bringe fleire artiklar om samisk lærebokhistorie, men dette har førebels kome ganske kort.
Både for lærebokhistoria og skolehistoria generelt ser vi at det er eit stort behov for forsking. I dag er det eit par forskingsprosjekt i gang som gjeld avgrensa delar av samisk skolehistorie, særlig på svensk og finsk side, men dette er spreidd og utan innbyrdes samanheng. Det er behov for ei samordning, ein plan for samisk skolehistorieforsking, der læremiddelhistoria vil vere ein naturlig del av denne. Eit slikt forskingsprogram vil krevje samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar, både i Noreg og andre land. I den samanheng bør det etter vår meining vere eit samarbeid mellom Norsk lærebokhistorie og Samisk lærebokhistorie.
Ei samisk lærebokhistorie må ikkje bare bli ei "lidingshistorie", der ein bare får fram manglar og elendigheit, samanlikna med den glitrande norske lærebokverda. Det er laga ei rekke gode lærebøker, fleire av dei har vore framheva internasjonalt og kan vere forbilde for lærebokproduksjon for andre minoritetar og små språkgrupper. Desse gode røynslene og gode eksempla er like viktig å få fram som problema.
(Alle foto: Svein Lund)
[1]
Samisk skolehistorie - startsida
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
[10]
[11]
[12]
[13]
[14]
[15]