Sámegillii In English

Artikkelserie om samisk skolehistorie
Opprinnelig skrevet på samisk - oversatt til norsk av Svein Lund

31. del - trykt i Ávvir 03.08.2013

Kjenner du samisk skolehistorie?

Ávvir fortsetter her artikkelserien om samisk skolehistorie som starta i Min Áigi 2007-08 og fortsatte i Ávvir 2009, 2010 og 2012. Grunnlaget for artiklene er fortellinger og artikler som er samla i prosjektet "Samisk skolehistorie". Her er mange sitater fra bøker og bokmanus, og vi viser da til bøkene som det er tatt fra, slik at leserne kan lese hele fortellingene der.

Fortellingene og artiklene i bøkene finner du også på internett: http://skuvla.info.

Det er leder for redaksjonskomiteen, Svein Lund, som redigerer denne artikkelserien. Ellers er disse med i redaksjonen: Elfrid Boine, Siri Broch Johansen og Siv Rasmussen.

Folkehøgskole for fornorsking

Når ein les og hører kva tidligare elevar fortel frå grunnskolen og andre skoleslag, er det ein ting som er slåande: Dei som har gått folkehøgskolen har i all hovudsak gode minne frå denne. Svært mange fortel om kontrasten mellom grunnskolen og folkehøgskolen, eller mellom ordinær vidaregåande skole og folkehøgskolen. Folkehøgskolen har oftast vore ein skole utan karakterar og stramt pensum. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – fortel svært mange at dei lærte meir av eit år på folkehøgskole enn på andre skolar. For svært mange har folkehøgskolen vore den einaste utdanninga dei har fått etter grunnskolen, for andre har folkehøgskolen vore vegen som opna til vidare utdanning, f.eks. lærarutdanning.

Folkehøgskolen er eit spesielt skoleslag som i første rekke har vore i dei nordiske landa. Den første blei starta i Danmark i 1844, i Noreg i 1864. Noreg har hatt tre typer av folkehøgskolar. Først kom dei frilynte, etter grunnleggaren N. F. S. Grundtvig sine idear. Seinare kom alternativ, kristelige ungdomsskolar og amtsskolar / fylkesskolar.

I Nord-Noreg har det vore alle tre typene, og alle skolane har hatt samiske elevar. Kva har desse skolane hatt å seie for samiske elevar si utvikling og identitet? Det er vanskelig å svare på, og etter det eg kjenner til har ingen forska nemneverdig på dette. Men i Samisk skolehistorie-bøkene har nokre samiske elevar fortalt frå si eiga folkehøgskoletid, og i 6. boka har vi tatt for oss seks skolar i Troms og Finnmark og forsøkt å finne ut korleis dei har verka i forhold til samane. I denne artikkelen ser vi på folkehøgskolar som klart har virka fornorskande, i den neste spør vi om det er folkehøgskolar som har motvirka fornorskinga.

«Til bedste for Finmarkens ungdom»

I 1875 tok sokneprest Frost i Alta initiativ til å starte ein amtsskole «til bedste for Finmarkens ungdom ». Finmarkens amtsskole kom igang i 1876 og var fram til århundreskiftet periodevis i Alta, periodevis i Vadsø. Skolen hadde i løpet av denne tida vel 1000 elevar, av desse var 200 registrerte som av samisk eller kvensk herkomst. Sjølv om her kan vere ei viss underregistrering, er det ikkje tvil om at norsk, eller norsktalande, ungdom var overrepresentert. I skoleplanen som fylkestinget vedtok i 1891 er det uttrykt klart i §2: «Lappiske og kvænske elever optages kun, saafremt de er det norske Sprog såvidt mægtige, at de med Frugt kan deltage i Undervisningen.»

I 1900 vedtok Finnmark fylkesting at det skulle vere to skolar, som da fikk namna Vest-Finnmark amtsskole og Øst-Finnmark amtsskole. Begge desse skolane var så i drift fram til krigen, sjølv om namna blei endra til fylkesskole, og Øst-Finnmark fylkesskole i 1936 blei til Svanvik ungdomsskole.

Vest-Finnmark fylkesskole heldt heile tida til i Alta. På 38 års drift hadde skolen 800 elevar, av dei er 80 registrert med samisk eller finsk som morsmål. Det tyder på at denne skolen i første rekke var for den norsktalande delen av befolkninga. Skolestyrar Bremer ved Øst-Finnmark fylkesskole skreiv om Vest-Finnmark fylkesskole: «Denne har i de siste år kun vært søkt av norsktalende ungdom».

I Aust-Finnmark var situasjonen noko forskjellig. Skolen låg i Vadsø fram til 1916. Da blei han flytta til Tana, der han hadde eit omskiftande tilvære i tildels svært dårlige lokaler. ...

Jenteklasse ved Øst-Finnmark fylkesskole i Vadsø 1910 sammen med styrer Johannes Reiersen.
(Foto: Emilie Henriksen / Finnmarksbiblioteket)

Denne skolen var i langt større grad enn Vest-Finnmark fylkesskole søkt av samisk og kvensk ungdom. Av 800 elevar i løpet av 34 års drift var det omlag 300 som hadde samisk eller kvensk som morsmål. Det synest å ha vore hardare strid om fornorskingspolitikken her enn ved skolen for Vest-Finnmark. Ein ser ganske forskjellige syn hos dei forskjellige rektorane ved skolen. Johannes Reiersen, som var styrar 1911–19, var ein iherdig forsvarar av fornorskingspolitikken, noko som kom klart fram i boka hans Skolen i Finmarken. I 1920 blei Magnus Bremer styrar. Han hadde eit heilt anna syn, og samarbeida nært med Per Fokstad. Bremer streva hardt for å få fylket til å løyve til skikkelige lokaler for fylkesskolen, men fikk ikkje dette gjennom på 1920-talet.
Først i 1930 løyva fylkestinget til å bygge skole, men denne blei ikkje bygd i Tana, men i Svanvik i Sør-Varanger, der skolen sto ferdig i 1936. Da nytta fylket høvet til å døpe om skolen og lyse ut rektorstillinga, mye tyder på at det var for å få bytta ut Magnus Bremer.

I Tana var det stor misnøye med at ein skulle miste skolen, og det blei også gjort forsøk på å få Samemisjonen til å etablere ein samisk folkehøgskole der og overta lokale og utstyr etter Østfinnmark fylkesskole. Skoledirektør Aarseth innstilte på å støtte dette, men fylkestinget sa nei. Resultatet blei at Tana mista dette skoletilbodet.

Bremer måtte forlate Finnmark og han flytta sørover. På slutten av 1950-talet oppsummerte han:
«Ifølge folketellingen skal den samisktalende befolkning i Finnmark ha sunket fra ca. 30000 i 1930 til ca. 10000 i 1950. Det mest skjebnesvangre år var 1936. Da skjedde følgende: 1. Statens fornorskningsungdomsskole for Finnmark i Svanvik ble satt i gang under ledelse av en Kinamisjonærlærer. Den var bygd for en statsløyving som burde ha gått til en høgskole for samer. Den er den eneste større institusjon i Finnmark som ikke er bygd opp etter krigen.
2. Fylkesskolen i Tana, særlig besøkt av samer, ble lagt ned.
3. Den videre utdanning av sameungdommen ble overlatt Finneforbundet, som satte i gang Den samiske ungdomsskole i Karasjok.
4. Den plan sameføreren, lærer Per Fokstad og jeg hadde utarbeidet for en virkelig samisk ungdomsskole, ble skrinlagt for alltid.»

Ein nasjonal forpost

Da fylkesskolen i 1936 endelig fikk eige bygg, var plasseringa ikkje tilfeldig. Han blei plassert på Svanvik i Pasvik, like ved Pasvikelva, som da var grensa mot Finland. Flyttinga til Pasvik førte nok til mindre søknad frå samisk ungdom, særlig fordi den samiske ungdomsskolen i Karasjok blei opna samtidig.

Svanvik folkehøgskole 1936-44
(Foto: Finmarksbiblioteket)

I ei utgreiing som fylkesmannen og skoledirektøren i 1936 sendte til departementet, heiter det: «Svanvik, hvor den nye ungdomsskole nu på det nærmeste står ferdig, er en av våre mest utsatte nasjonale forposter. Det er nu omtrent trekvart århundre siden de første norske nybrottsmenn fra Østerdalens sidedale plantet norsk arbeid, norsk mål og skikk i fremmede og barske omgivelser. ... I fjor ble også bygget en kapellkirke, og nu fortsetter vårt kulturelle nybrottsarbeid i den nye ungdomsskole. ... Det er det beste i vårt folkehøiskolesyn som her bør få vokstervilkår for å legge åndelig brakmark innunder norsk åndsliv. Denne skolen er en rikssak, og særlig er styrerstillingen viktig.» Med ei slik programerklæring er det forståelig at Magnus Bremer ikkje var ønska som styrar.

«Store Norske»

I Lyngen blei Tromsø amtsskole oppretta i 1912, seinere blei den kalt Solhov folkehøgskole.

Den første styraren var Johan Hveding. Han var Venstre-mann, målmann og sterk fornorskingstilhengar, og under leiinga hans kom skolen til å spele ei viktig rolle i fornorskningsarbeidet i Nord-Troms. Han skreiv om rolla skolen skulle spele: »Og dette folket som har hatt så slitsame og sorgfulle kår, er det som skal veksa sterkare i hop, i ein sams norsk kultur til eit sameint norsk folk. (...) Det var i dette ovviktige kulturarbeidet i Nord-Troms at den første faste amtsskolen i Lyngen fekk oppgåva si.» Elevane skulle «arbeida på norsk vis, føla og te seg på norsk måte, leva i eitt og alt som nordmenn endå dei var frå folkeslag som var så heilt ulike vårt. Her skulle dei læra seg norsk mål og vinne seg norsk folkeopplysning og sed.» I tråd med denne tankegangen engasjerte Hveding seg også i fornorsking av samiske og finske stadnamn og i å leite etter spor av norrøn busetting og søke bevis for at Nord-Troms først var blitt busett av nordmenn.

Den monumentale hovudbygningen til Solhov folkehøgskole i Lyngen var bygd i 1923-24 og er den største trebygningen i Nord-Norge.
(Foto: Nord-Troms museum)

Hveding fikk snart støtte av vestlendingen Ingjald Leigland, som heilt og fullt delte Hveding sitt syn. Leigland starta som andrelærar, men overtok som styrar i 1919 og leia skolen heilt fram til 1948. Han fikk reist eit slott av eit skolebygg med internat, som i byggestil og utsmykking sto som eit symbol for norsk historie og kultur. Om Leigland sitt syn skriv Einar Richter-Hanssen i Lyngen regionhistorie 2: «Skolen var, etter Leiglands mening, den sentrale forsvarer av norsk kultur i området. Den skulle ikke bare fremme nasjonale verdier, men også bryte ned finsk og samisk kultur. For Leigland var det et krav at all undervisning skulle ha et nasjonalt innhold. Han grep flere ganger inn mot lærere som ikke fulgte opp denne målsettingen iherdig nok.»

Norsk kultur skulle gjennomsyre forskjellige fag på skolen, som historie, sang, skolekjøkken og forming. Det blei oppretta ei eiga linje for treskjæring, der styraren sjølv avgjorde at hovudvekta skulle ligge på den norrøne drakestilen.

Det var liten direkte motstand mot fornorskingspolitikken. Men når skolen på folkemunne fikk tilnamnet «Store Norske», seier det vel at denne politikken ikkje alltid hadde full tilslutning i bygda. På 1930-talet blei den kvenske lokalbefolkninga mistenkt for å vere agentar for «den finske fare». Leigland åtvara sterkt mot at finlendarar reiste rundt i Noreg for å oppmode kvenane til å halde fast ved eige språk og kultur.

Under krigen blei skolen rekvirert av tyskarane, men ikkje brent, og undervisninga kom raskt i gang da freden kom. I ein del år blei no skolen søkt av mange elevar frå Finnmark som hadde tapt skolegang pga. krigen, nokre år utgjorde finnmarkingane rundt halve elevflokken.

I etterkrigstida var fornorskinga langt på veg gjennomført i Nord-Troms, i den forstand at dei aller fleste elevane som kom til skolen no hadde norsk som morsmål. Skolen hadde heller ingen slike drivkrefter for ei aktiv fornorsking, som dei to første styrarane hadde vore.