Artikkel i Årbok for norsk skolehistorie 2008.
Artikkelen er skrive 26.05.2008, og derfor ikkje oppdatert med seinare hendingar i saka.

Svein Lund:

Den bedrøvelige historia om tilstanden til samisk utdanningshistorisk forsking

Redaksjonen av denne bokserien har bede meg å skrive "ein presentasjon av det samiske skolehistoriske arbeidet som pågår". Da dei samtidig opplyste at dette skulle plasserast under temaet "Norsk utdanningshistorisk forsknings tilstand", sa tittelen seg sjølv. For tilstanden er igrunnen ganske bedrøvelig, men samtidig er det ein gryande interesse for å få gjort noko med det.

Kva alle veit om samisk skolehistorie

Alle veit at Thomas von Westen underviste og kristna samane på samisk, at dei seinare blei nekta undervisning på morsmålet i 200 år, men så endelig har fått skole på samisk igjen dei siste tiåra.

Det noko færre veit er at alt dette er sanningar med svært sterke modifikasjonar, og at historia er langt meir komplisert. Langt på veg kan ein nyansere denne framstillinga med meir eller mindre tilgjengelige skriftlige kjelder, men det er svært mange spørsmål som ingen kan svare på i dag. Blant dei er i kva grad samar har støtta eller motarbeida fornorskinga, kva følger fornorskinga har hatt for samar - og for ikkje-samar, og i kva grad samiske elevar har fått ei samisk opplæring.

Kva forsking er gjort?

Foregår det i det heile samisk utdanningshistorisk forsking?

Dersom vi med forsking meiner verksemd som går føre seg ved institusjonar for forsking og høgare utdanning, ser det svært dårlig ut. Eg vågar å påstå at ingen forskingsinstitusjonar har nokon gong satt i gang eit forskingsprogram i forhold til samisk utdanningshistorie. Dette har aldri vore prioritert innafor verken pedagogisk forsking, historisk forsking eller samisk forsking, verken i Noreg eller så langt eg kjenner til i nokre av dei andre landa der samar har gått på skole.

Dette betyr ikkje at ingen har skreve vitskapelig om samisk utdanning. Det er i Noreg avlagt minst to doktorgradar og eit titals hovudfagsoppgåver på emne som gjeld samisk utdanning, men svært få av desse har noko lengre historisk perspektiv enn å analysere f.eks. ein einskild reform eller stoda i eit avgrensa felt av utdanning for samar, innafor eit svært avgrensa tidsrom.

Av bøker eller hovudfagsoppgåver som har eit lengre perspektiv kan eg bare finne vel ein handfull. To av desse kom ut på 1950-talet. Først kom i 1955 Baard Tvete si magistergradsavhandling, Skolebøker for samebarn i Norge - fra Thomas von Westen til vår tid. To år etter kom Helge Dahl si grundige bok Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814 til 1905, som blei gitt ut på Universitetsforlaget. Begge desse kom altså ut før Stortinget i 1959 ga første signal til omlegging av fornorskingspolitikken, med å vedta at samisk i prinsippet kan brukast til undervisningsspråk i Noreg. Den første er avgrensa til lærebøker, den andre har ei klar avgrensing i både tid og rom som gjør at boka bare dekker ein forholdsvis liten del av samisk skolehistorie i Noreg. Desse har likevel i eit halvt hundreår stått som dei viktigaste kjeldene til samisk skolehistorie. Lett tilgjengelige kan dei ikkje seiast å vere. Tvete si avhandling har aldri vore prenta og utgitt, nokre få bibliotek har kopi frå hans eige skrivemaskinskrive manus. Dahl si bok fann eg sjølv i eit antikvariat for mange år sidan, den skal ha flaks som klarer det samme idag.

I 1970 kom tidligare skoledirektør Lydolf Lind Meløy med Internatliv i Finnmark, som skildrar statsinternata i Finnmark ut frå dokument i skoledirektøren sitt arkiv.

Deretter kom det ikkje ut nokre eigne framstillingar av samisk skolehistorie før Eivind Bråstad Jensen i 1991 ga ut den lille boka Fra fornorskningspolitikk mot kulturelt mangfold, som gir ei enkel framstilling av hovudtrekk i skolepolitikken overfor samar og kvenar. Boka er på 117 sider, og har bare plass til nokre glimt av historia. Ho var likevel verdfull fordi det var den einaste lett tilgjengelige kjelda for den som ville sette seg inn i denne historia. 14 år seinare ga forfattaren ut ei oppdatert og utvida utgåve, da under namnet Skoleverket og de tre stammers møte. Begge desse bøkene er vesentlig ei oppsummering av andre skriftlige kjelder.

Meir av eiga forsking ligg det bak ei bok som kom i 2007: Anton Hoëm: Fra noaidiens verden til forskerens. Misjon, kunnskap og modernisering i sameland 1715-2007. Hoëm er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og Samisk høgskole og må kallast nestoren i samisk skoleforskning. Denne boka bygger på arbeid han har heldt på med i fleire tiår. Han går djupt inn i misjons- og skolehistoria i Varanger, men trekker heile tida linjer til den nasjonale politikken og kva som skjer andre stader.

Kva materiale finst det elles?

Den skrantne lista over kan gi inntrykk av at lite er skreve om emne som gjeld samisk utdanningshistorie. Men det er i så fall feil. Det er skreve enormt mye; artiklar i aviser og tidsskrift, kapittel i bygdebøker og generell skolehistorie, større eller mindre studentoppgåver i pedagogikk, sosialantropologi eller historie, jubileumsbøker for einskilde skolar. Til saman er det samla ei liste på over tusen titlar, og det kan jo virke svært så imponerande. Men det aller meste av dette gjeld svært avgrensa område, geografisk og/eller tidsmessig. Og svært få av kjeldene gjør nokre særlige forsøk på analyse av utviklingslinjer og samanhengar.

Mitt møte med samisk skolehistorie

Når eg har kome så langt, er vel tida inne for å avsløre bakgrunnen for at nettopp eg skriv dette. Eg har sjølv ein heilt norsk bakgrunn og hadde mitt første møte med samiske skoleforhold som elev ved Den samiske yrkes- og husflidsskole i 1974/75.

For meg var det eit sjokk å oppleve at flesteparten av medelevane mine ikkje kunne skrive sitt eige morsmål, og at heller ingen av dei få samisktalande lærarane kunne skriftspråket så godt at dei kunne undervise i det. Gjennom den daverande elevorganisasjonen YLI engasjerte vi oss for lærebøker på samisk, eit mål som ein enno i liten grad er oppfylt vel 30 år etterpå. Ingen av oss elevane og trulig heller ingen av lærarane våre visste at denne skolen 20 år tidligare hadde hatt eit langt meir samisk innhald og ei sterkare stilling for samisk språk i skolen.

Etter 13 år kom eg tilbake til den samme skolen som lærar. Igjen fikk eg sjokk. Trass alt som hadde skjedd i samfunnet i mellomtida, hadde elevane mine på linja for mekaniske fag framleis ikkje ei lærebok på samisk, og ikkje eingong samisk som fag. Da eg slutta etter 10 år hadde dei samisk som fag, men framleis ingen lærebøker på samisk i noko anna fag.

Som lærar var eg og engasjert i arbeid for samisk skoleutvikling, både innafor skolen og gjennom fagforeninga. Dette førte til at eg leita etter stoff om samisk skolehistorie, bl.a. fann eg nokre av bøkene som er nemnd over. Men eg fann inga samla framstilling som gikk fram til da, særlig ikkje når det gjaldt vidaregåande skole. Så da eg i perioden 1997-2001 studerte yrkespedagogikk hovudfag ved Høgskolen i Akershus, brukte eg to av prosjektoppgåvene til å skrive om utviklinga av skolen for samar. Da eg var ferdig fann eg ut at det var for galt om dette bare blei liggande i skuffa, og spurte det samiske forlaget Davvi Girji om dei ville gi dette ut dersom eg omarbeida det til ei bok. Det ville dei. Og i 2003 kom denne ut med parallelle utgåver på norsk og samisk, den norske tittelen var: Samisk skole eller Norsk Standard? Denne boka var den første samla framstillinga av norsk og samisk skolehistorie, som tok mål av seg til å dekke heile landet og samtidig heile perioden frå 1700-talet til vår tid. (Boka kan bestillast frå http://davvi.no)

Frå skolelovar til skoleforteljingar

Boka Samisk skole eller Norsk Standard? hadde som mål å gi ei oversiktlig framstilling av endringane i skolepolitikken overfor samane. Som framstilling av samisk skolehistorie hadde boka derfor ein stor og alvorlig mangel; her var ingen levande aktørar, her var ingenting som fortalte om korleis elevane og lærarane hadde opplevd skolen. For å seie det med uttrykk vi lærte på pedagogikkstudiet: Her var bare den formelle læreplanen, verken den gjennomførte eller den opplevde. Dette blei klarare og klarare for meg under arbeidet med boka, men eg kunne ikkje sprenge ramma for denne der og da. Så før boka var prenta var ideane klare for eit nytt prosjekt.

Det samme forlaget hoppa på ideen, som fikk den ambisiøse tittelen Samisk skolehistorie. 5-6 år etter veit vi enno ikkje om prosjektet nokon gong kjem så langt at det lever opp til namnet.

Ideen bak Samisk skolehistorie er å gi ut bøker som er samlingar av tre typer artiklar:
1. Forteljingane til elevar, lærarar, foreldre osv. om korleis dei har opplevd skolen eller arbeidet for å endre denne.
2. Artiklar om avgrensa emne, f. eks. ein skole, ein kommune, eit fag, ein reform.
3. Historiske dokument som vi finn i arkiv, bibliotek osv.

Desse artiklane vil til saman danne ein empiri eller kunnskapsbase som saman med det vi elles samlar av litteratur kan vere grunnlag for vidare forsking og forhåpentlig til slutt for ei samla framstilling av hovudtrekk i den samiske skolehistoria.

Hundre forfattarar

Ei slik bokverk er heilt umogleg å skrive aleine. Det har eg da heller ikkje prøvd på. Straks forlaget hadde sagt ja oppretta vi ein redaksjonskomite, med folk som var så forskjellige frå meg at vi fikk forskjellige synsvinklar og brei røynsle frå dei forskjellige sidene ved samisk opplæring, samtidig som vi fikk eit breitt kontaktnett.

Det neste var å komme i kontakt med folk som hadde noko å fortelje. Vi har brukt dei fleste moglege måtar for å nå ut. Personlig direkte kontakt har vore viktig, så har vi brukt brev, e-post, telefon, avisomtale osv. Heile tida har vi ønska oss skriftlige bidrag, men dei som heller har vilja fortelje munnlig har fått gjøre det. Det er knapt mogleg å telle kor mange bidragsytarar det har vore, men vi kan trygd seie talet for lengst har passert hundre.

Kva har kome ut?

Samisk skolehistorie 1 kom i 2005 og Samisk skolehistorie 2 i 2007. Kvar av bøkene er på omlag 450 sider, med 120-150 illustrasjonar. Hausten 2007 publiserte den samiske avisa Min Áigi ein serie på 10 to-siders artiklar basert på bøkene, der glimt frå den samiske skolehistoria er plukka ut av artiklane og samla emnevis. Både bøkene og artikkelserien er tilgjengelig på internett på http://skuvla.info. Der ligg også alt som har kome på prent av omtalar og bokmeldingar, litteraturliste og ei liste over samiske lærebøker, så langt vi har kome, samt presentasjon av prosjektet frå eit seminar vinteren 2008.

Mangespråklig verk

I utgangspunktet er bøkene tospråklige, med konsekvent samisk tekst til høgre og norsk til venstre. Men kva er samisk og kva er norsk? Bare innafor Noregs grenser er det samiske språkmangfaldet stort, med tre levande hovuddialektar (og tre som fornorskinga allereie har utrydda på norsk side), samt store dialektskilnader bare innafor nordsamisk. Vi ønska at dette mangfaldet skulle komme fram, gjennom at lokale forteljingar blir gjengitt på den samiske dialekta som er nærast. Slik har vi fleire artiklar på sørsamisk og på lulesamisk og artiklar frå Troms er prega av andre nordsamiske dialektar enn artiklar frå Finnmark. Også den norske teksten er mangfoldig. Eit fleirtal av artiklane er skreve på bokmål, men ein god del er på nynorsk, og nokre bidragsytarar har skreve på eigen dialekt, med litt forsiktig normalisering. Spørsmålet om i kor stor grad vi skal normalisere er forøvrig eit stadig diskusjonstema i redaksjonskomiteen, her finst ikkje noko enkelt svar.

Kven betaler for moroa?

For den som ikkje veit det, er samisk forlagsdrift og bokproduksjon noko heilt anna enn tilsvarande for ein nasjonal norsk marknad. Talet på dei som les samisk er trulig under ein prosent av talet på dei som les norsk, og sjølv tospråklige bøker om samiske emne har ein relativt avgrensa marknad. Derfor vil ingen bokutgivingar gå med overskot og forfattarar og forlag som satsar på å leve av boksalget utan andre inntekter, vil fort gå konkurs. Det har da også fleire samiske forlag gjort, noko som har gjort dei gjenverande meir forsiktige i kva dei tør å satse på. På andre sida finst det støtteordningar ein kan søke, men utan garanti for å få noko, og med ganske mye arbeid før ein veit om det blir noko betaling. Mange gode idear blir aldri realisert nettopp fordi ein må ha pengar for å komme i gang og ein må vere godt i gang for å få pengar.

Redninga i dette tilfellet var stipend frå Faglitterær forfatter- og oversetterforenings fond, noko som gjorde at eg kunne konsentrere meg om dette arbeidet i nokre månader før det var noko å få frå forlaget.

Eit forfattarstipend er eit forfattarstipend og dekker ikkje forlagsutgifter. Andre bidragsytarar skulle også ha honorar for artiklar og illustrasjonar, det skulle oversettast og korrekturlesast osv. Setting av eit tospråklig verk rikt på illustrasjonar, fotnoter, register m.m. var ei eiga utfordring, og alt kosta pengar. Forlaget søkte derfor om støtte både her og der. Nokre slo til, men langt fleire svarte negativt eller svarte i det heile ikkje.

Eg skal ikkje trøtte lesarane med oppramsing av kva institusjonar som har støtta, dei er oppgitt i bøkene. Eg kan derimot ikkje la vere å nemne nokre av dei som ikkje vil støtte. Før vi byrja å søke spurte vi oss kven burde vere dei mest naturlige til å støtte arbeid med samisk skolehistorie. Vi kom da til to offentlige organ. Det eine var departementet som under skiftande namn gjennom tidene har vore ansvarlig for utdanninga i Noreg på godt og vondt. Det andre var Norges forskningsråd, som finansierer mesteparten av forskinga i Noreg og som så vidt eg veit aldri har gitt eit øre til dette viktige forskningsfeltet. Utdannings- / Kunnskapsdepartementet har gjennom tre søknadsrunder konsekvens dreve ansvarsfråskriving, sendt saka vidare til Utdanningsdirektoratet (som ikkje har fått lov av det samme departementet å gi pengar til slike formål) og til Sametinget (som i motsetning til nemnde departement ikkje bærer noko av skulda for skolen for samar, i alle fall ikkje før år 2000.) Og Forskningsrådet ....

Er dette forsking?

Forskningsrådet har i dag ein monopolsituasjon, dei kan i praksis bestemme kva forsking som skal gjennomførast i Noreg. Bare dei rikaste bedriftene kan drive forsking utan Forskningsrådet si velsigning. Og det er ikkje kven som helst som er verdig til å søke her. Ein søknad må formelt sendast av eit universitet, ein høgskole eller ein forskingsinstitusjon. Og ansvarlig leiar for forskingsprosjektet må vere ein person med doktorgrad i eit fag som dei reknar som relevant. Vi måtte altså finne ein slik person i ein slik institusjon som kunne gå god for prosjektet vårt og tenke seg å stille som prosjektleiar. Etter mange forsøk fann vi det, og vi klarte å få ein søknad av garde. At svaret var nei på første forsøk var kanskje ikkje så overraskande, men grunngivinga var meir sjokkerande. Det vi driv med var nemlig ikkje forsking, det var dokumentasjon, og dokumentasjon er ifølge Forskningsrådet ikkje forsking. Dessutan blei både vi som skulle drive det og Samisk høgskole som institusjon stempla som fullstendig inkompetente til å drive dette arbeidet.

Kva er så forsking? "Forskning er en aktiv, grundig og systematisk granskning for å finne ny viten og øke kunnskapen." (Wikipedia) Eg for min del meiner arbeidet med Samisk skolehistorie er godt innafor denne definisjonen, men likevel bøyde vi oss for overmakta og byrja å tenke ei todeling: Dokumentasjonsprosjekt og forskingsprosjekt i snever forstand, der dokumentasjonen er ein føresetnad for vidareføring i den meir eigentlige forskingsdelen.

Dokumentasjonen blir da minst 5 bind med forteljingar, artiklar og dokument, mens forskinga blir arbeid med nokre problemstillingar innafor samisk skolehistorie på grunnlag av det materiale vi har samla, samt arbeid med ei samanfattande skolehistoriebok.

Da Anton Hoëm lanserte den omtalte boka si, sa han at dei aller fleste som har skreve om samisk skolehistorie har skreve av etter kvarandre. Derfor peika han på kor viktig det var å gå til kjeldene. Det er nettopp det vi har forsøkt å gjøre, men det blir da ikkje godkjent som forsking, som om forsking utan dokumentasjon var mogleg.

Kor er forskingsinstitusjonane?

Vi som har starta og dreve dette prosjektet er i forskingssamanheng for amatørar å rekne. I redaksjonen for dei to første binda hadde ingen verken doktorgrad eller tilsetting ved nokon forskingsinstitusjon. Vi hadde til saman eit hovudfag, eit par mellomfag og nokre fleire grunnfag, men i det akademiske elfenbeinstårnet var dette lite å imponere med. Allsidig røynsle med samisk opplæring i alle skoleslag og administrasjon ga liten formell autoritet.

I fleire omgangar har vi forsøkt å få forskingsinstitusjonar med i arbeidet. Det første brevet sendte vi ut i 2003, da vi søkte om økonomisk støtte og samtidig spurte om deira tilsette ville bidra. To høgskolar bidro faktisk med mindre beløp til bind 1, den eine av dei også til bind 2. To høgskolar oppga også namn på folk som ville skrive, utan at det har blitt nokre artiklar av det så langt.

Eit par år etterpå sendte vi brev til ei rekke forskingsinstitusjonar og spurte om dei var interesserte i å delta på ein konferanse om samisk skolehistorieforsking. Ikkje ein av dei svarte - verken positivt eller negativt! To - 2 - gongar har eg blitt invitert til høgskolar for å snakke om samisk skolehistorie for einskilde klassar. Elles har vi aldri blitt kontakta frå noko institusjon for forsking eller høgare utdanning. Er det kanskje fordi at dei har sine eigne opplegg innafor dette emnet? Eg meiner å følge rimelig godt med på dette feltet, men eg har så langt ikkje sett teikn til noko anna initiativ.

Den siste tida har vi likevel byrja å sjå litt lysning innafor nokre forskingsmiljø, men vi har enno ikkje kome så langt at det er noko å skrive om.

Bygdefolk tar initiativ

Det finst i dag ikkje noko museum som har verken samisk eller kvensk skolehistorie som spesielt ansvar, og i det heile ikkje noko fungerande skolemuseum nord for Trondheim. I Troms finst det formelt sett eit skolemuseum, i praksis ei samling med skolebøker nedpakka i eskar i eit gamalt internat. Ein naturlig del av arbeidet med den samiske skolehistoria er derfor å få denne fram gjennom museum.

Men svært store delar av den materielle skolehistoria forsvann da tyskarane brente Finnmark og Nord-Troms i 1944. Av dei få skolebygga og internata som overlevde krigen er dei fleste enten nedrive eller ombygd til det ukjennelige. Bare to av dei opprinnelige internata er nokonlunde bevart. Mest kjent er Strand internat i Pasvik, som var eit statsinternat frå 1905 og som idag husar delar av Sør-Varanger museum. Det andre er det kommunale internatet i Vestertana, som er bygd rundt 1924 og har stått tomt dei siste åra.

Det var det lokale bygdelaget i Vestertana som først kom med ideen om internatet som museum, og med litt konsulenthjelp vaks det fram ein plan om eit samisk skolemuseum, kombinert med arkiv og digitaliseringssentral. Da vi fikk høre om det, ropte vi JA, dette ville vi vere med på. Behovet er stort, og vi kan ikkje sjå nokon kandidatar som har meldt seg i konkurranse med Vestertana. Ei anna sak er å få forståing hos dei som sit på pengesekkane, slik at dette kan realiserast. Så langt gir sentrale styresmakter si behandling av Samisk skolehistorie ikkje grunnlag for overstadig optimisme.

Eit utal av idear vidare

I februar arrangerte redaksjonen for samisk skolehistorie i samarbeid med Samisk høgskole eit seminar, for å presentere arbeidet vårt og drøfte idear vidare.

Situasjonen da var at manuset til 3. bind nærma seg ferdig, samtidig som vi hadde stoff til å fylle vel halvparten av bind 4 og 5. Men enno var det ei rekke felt som var dårlig dekka eller som vi i det heile ikkje hadde byrja å jobbe med. Blant dei kan nemnast: Høgare utdanning, duodji (husflid), læreplanar, læremiddel, spesialundervisning, vaksenopplæring og lærarorganisasjonar. Dette er emne som i prinsippet skal dekkast av dei fem binda. (Kva vi gjør når vi ikkje får plass, det får vi ta når den tida kjem.)

Heilt frå vi starta har vi sett at samisk skolehistorie ikkje bare gjeld Noreg, det er og historia om skolegangen for samiske elevar i Sverige, Finland og Russland. Men i alle fall i første omgang har vi sett oss nøydd å avgrense oss til norsk side av grensene gjennom Sameland.

Sjølv om vi opererer med to språk, når vi langt frå alle som vi ønsker å nå. Samisk skolehistorie i Noreg burde vere tilgjengelig også bl.a. for finske og russiske samar, og for urfolk i andre land. Derfor ser vi stort behov for oversetting av i alle fall ein del av tekstane til andre språk. Det einaste vi har fått gjort så langt er å oversette ein knapp tredel av bind 1 til engelsk, og legge dette ut på internett.

Og sist men ikkje minst, tilbake til det eg byrja å skrive om. Vi ønsker at det materialet vi samlar skal vere grunnlag for vidare forsking bl.a. for dei som vil ta mastergrad eller doktorgrad på samisk skolehistorie. Men aller mest ønsker vi oss at samiske og nordiske utdanningsinstitusjonar går saman om å starte eit større forskingsprogram som kan ta for seg heile den samiske skolehistoria i alle fire landa, som sørger for at vi får ein liknande dokumentasjon frå dei andre landa som det vi er i ferd med å få frå Noreg, og som samanfattar heile den samiske skolehistoria i ei bok som kjem ut på samisk, finsk, russisk, og svensk/norsk.

Draum - og realitet

Det er forholdsvis lett å lage luftige planar - å gjennomføre dei er atskillig verre, særlig når gjennomføringa krev ein del pengar. I skrivande stund (oktober 2008) er stoda at forlaget ikkje har fått stort meir enn omlag 60 % av den støtta som trengs for å gi ut bind 3. Manuset er så godt som ferdig, men blir ikkje prenta utan pengar. Det kunne vore sagt mye om kvifor vi får avslag, men eg skal kort oppsummere det til at ingen norske styresmakter kjenner ansvar og engasjement for at dette skal komme ut, og alle institusjonar vurderer søknader bare ut frå sine firkanta regelverk, der eit slikt verk som sprenger sjangergrensene fell mellom alle stolar.

Det er derfor enno eit ope spørsmål kor mye av desse ideane som blir gjennomført, men vi har ikkje tenkt å gi opp riktig enno. Så om du som les dette har noko å bidra med, så ta kontakt!

Svein Lund
sveilund@online.no


Samisk skolehistorie - startsida
Til Svein Lund si heimeside